Minnedag på søndag - og konsert på laurdag

Komande søndag – Helgemessesøndag – er for mange ein særskild minnedag. Det ser me til dømes på alle lysa som vert tente på gravplassane våre.

Minnedag på søndag - og konsert på laurdag

I Vaksdal har me i over 20 år arrangert minnegudstenester på Stamnes Nyårsaftan. I år vert det to slike; i Dale kyrkje komande søndag og i Stamnes kyrkje på Nyårsaftan. Trass namnet på denne samlinga vert det vel så mykje ein konsert som ei gudsteneste på søndag. Der ynskjer me å gje rom for – og hjelp til - dei som kjenner på sorg og sakn.

Sorg kan vere mykje meir enn kjenslene etter å ha mista nokon ein er glad i ved dødsfall. Dømer på dette er sorg over å måtte flykte frå heimlandet, sorg over brotne relasjonar, etter sorg over slik livet vart. I Dale kyrkje vil me, med hjelp av song og musikk med meir, freiste å vere til hjelp til menneske i sorg.

Som i tidlegare år vil me og ha fokus på pårørande til dei som er avlidne siste året. Det vil me gjere ved å lese namna på dei som det har vore kyrkjeleg gravferd for i Bergsdalen, Dale og Vaksdal sokn sidan sist Helgemessesøndag, samt tenner eit lys for kvar av dei. For Stamnes sokn samt sokna i Eksingedalen vert dette gjort Nyårsaftan.

HUGS OG KONSERTEN LAURDAG 5. NOVEMBER kl. 17.00 i STAMNES KYRKJE

Variert klassisk musikk med Anne Margrethe Eikaas (song), Jostein Aarvik (orgel/piano), Ines Maidre (orgel/piano) og Ormar Maidre Aarvik (fiolin).
Dete er musikkvener av Ragnhild Straume, som døydde tidlegare i år. Dei har teke initiativ til denne konserten for å dela gode musikalske minne.
Konserten er for alle og gratis, men det vert høve til å gje ei gåve som vil koma kyrkja på Stamnes til gode. Me tek ein kopp kaffi m.m. etter konserten, og vonar me kan ha ei hyggeleg stund saman!

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"