PRELUDIUM 2 i Dale kyrkje 2. - 11. september

2-11 september vil Kurt Johannessen vise PRELUDIUM 2 i Dale kyrkje. PRELUDIUM 2 er ein performance, som vil gli over i ei utstilling. Du kan framleis bidra viss du har ein vase eller ei skål.

Vil du bidra med eit glas/blomstervase/glasbolle i ufarga glas?
SISTE SJANSE FOR INNLEVERING
i Dale kyrkje onsdag 31. august 16:00-20:00 og Torsdag 1. september 16:00

2.-4. september vil Kurt utføre ein performance i kyrkja, og 5.-11. september vil resultatet av desse handlingane bli ståande der som ei utstilling. Kurt vil òg vise ein del bøker og relaterte arbeider i samband med dette prosjektet. 

TIDER:

Performance: 2.-3. september 12 - 18*   4. september 12 - 15*

Utstilling: 5.-9. september 12 - 18  10.-11. september 12 - 16

Torsdag 8. september kl. 18:  Samtale med Gunnar Danbolt 
Søndag 11. september kl. 16: Finissage. Enkel servering.

* varighet på performance kan bli avkorta eller forlenga.

For meir info om program sjå www.zeth.no 

Kurt Johannessen har produsert nær 400 ulike performance-prosjekt sidan han debuterte i 1981.  PRELUDIUM 2 er ein av dei mest omfattande performance-prosjekta han har presentert så langt. Arbeidet er en vidareføring av Preludium som han viste i St. Lucas Kirche i Mûnchen, Tyskland i 2005. Der bar han inn vatn frå elva like utanfor, og fylde vatnet i 3600 glas som stod oppover altergangen.

Kurt Johannessen arbeider ofte med enkle små handlingar visuelle og vare handlingar i sine performancer, som her vatn og farge i glas vasar. Han er meir oppteke av det poetiske enn det å forstå. Slik blir handlingane meir opne enn lukka, meir oppleving enn statement og publikum kan ta det til seg som dei ynskjer.

Det vil bli arrangert ein samtale med Gunnar Danbolt torsdag 8. september kl 18:00. Søndag 11. september kl 16:00 vil det bli ein finissage. I ettertid vil det bli produsert ei bok om prosjektet, med tekst av Gunnar Danbolt og foto av Monica Takvam. I samarbeid med Dale kyrkje vil førebuingane til PRELUDIUM 2 starte i august. Alle som bur på Dale er invitert inn i dette arbeidet, gjennom å bidra med ein glasvase.

PRELUDIUM 2 er støtta av Norsk Kulturråd

Kurt Johannessen (f.1960 på Dale) arbeider med performance, bøker, video, teikning, grafikk og installasjon. Han har vist sine performancer i Europa, Asia og Amerika sidan tidleg på 80-talet. Hans performancer  har ofte eit poetisk og minimalistisk uttrykk. Han har hatt utstillingar fleire steder i Noreg, blant anna Bergen Kunstmuseum og Kunstnernes Hus (2007) og i Kunstnerforbundet (2016). Han gir ut artists books på eige forlag. Bøkene er tekstrelatert eller har visuelle kvalitetar. Tekstarbeida er ofte korte visuelle, poetiske, og til tider humoristiske fortellingar. Han har produsert over 120 bøker. Sidan 2013 har mange av hans bøker (Om-noko) vært grunnlag for en serie performanceforedrag. Desse bøkene ligg i kryssingspunktet mellom filosofi/bildekunst/poesi/vitskap.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"