Vaksdal kyrkje har fått flygel!

Initiativet til å skaffa flygel til kyrkja vår kom først frå musikkmiljøet i bygda som fremja ønskje om betre instrument.

No har Vaksdal sokneråd gjort vedtak om å kjøpe flygel til Vaksdal kyrkje. Dette er gjort både etter ønskje frå bygda og i samarbeid med Vaksdal kyrkjelege fellesråd, organisten vår og sokneprestane i Vaksdal.

Vaksdal kyrkje er ei steinkyrkje frå 1933. Den har svært god akustikk og vert gjerne brukt til konsertar. Pianoet er eit svakt punkt i den samanhengen. Grunngjeving ved organisten vår: "På grunn av sin gode akustikk har den (kyrkja) flere ganger blitt leid ut til plateinnspillinger. Kirken har et Jehmlich-orgel fra 1991 med 24 stemmer, men mangler et godt piano."

Flygelet er på plass, men ikkje finansieringa

Vaksdal sokneråd har fått hjelp til mellombels finansiering og har kjøpt eit pent brukt og godt flygel, eit Yamaha C3. Dette flygelet står allereie no i kyrkja og kan nyttast ved gudstenester, konsertar og kyrkjelege handlingar.

Vi opplever at det stadig oftare er ønske om solistar og spesielle musikkstykke – frå både  brurefolk og frå pårørande ved gravferder.  Difor er vi i soknerådet glade for å ha fått eit slikt instrument på plass.  Vi trur det vil verta til gagn i både glede og sorg.

Under familiegudstenesta 21/8 vart instrumentet innvigd. 

Det vert mange høve til å gje gåve til flygelet, både ved ofring i kyrkja og via vipps og nettbank:

Vipps: 137194    

Bankkonto: 3530.23.95746

 

Vaksdal sokneråd

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"