Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Etter gravferda

Feste av grav
Den som er ansvarleg for grava kalles festar, og er oftast den same som sørger for gravferda. Festaren har rett til å avgjere kven som kan gravleggjast i grava. Det er festarens rett og plikt å holde gravminnet og grava i hevd.

Alle som gravleggjast i sin heimkommune har rett til å få ein såkalla frigrav (gratis). Denne retten gjeld i 20 år etter gravlegging. Etter 20 år vil Vaksdal kyrkjelege fellesråd tilby vidare leige mot betaling, dersom festaren ynskjer å behalde grava. Denne leiga kallas festeavgift. Det inngås festeavtale for perioder på 5 eller 10 år.

Det kan, ved høve og ynskje frå festar, verte festa ei grav ved siden av grava som tas i bruk. På den måten kan ein sette av ei grav som seinare kan tas i bruk av ektefelle eller andre med tilknytning til den gravlagde.

Dersom den avlidne hadde festa eigen eller andre graver, kan den som etter Gravferdslova §9 har rett til å sørge for gravferda, utøve de rettigheitene som er naudsynt for å gjennomføre gravferda. Ved  overføring av gravfeste, skal det gjerast med samtykkje frå kyrkjeverja/fellesrådet. Ved ueinigheit, fattar kyrkjeverja/fellesrådet vedtak om kven som skal stå som f estar.

Gravminne
Gravminne er markering av ei grav. Det er oftast skreve avdødes namn med fødsels– og dødsdato på gravminnet. Festaren avgjer om det skal settast opp gravminne, og evt. kva slags gravminne som settast opp. Det er inga plikt å setje eit minnesmerke på grava. Festar har same rettigheiter og plikter anten det er minnesmerke på grava eller ikkje.

Gravferdslova med forskrifter stiller krav til gravminnets størrelse, utforming og fundament, som skal godkjennes av kyrkjeverja/fellesrådet. Festaren syrgjer sjølv for oppsetting av gravminne og inskripsjon. Gravminnet kan setjast opp etter søknad til kyrkjeverja.

Til gravminne og fast tilbehør kan ein berre bruka materialer som er bestandige og krever lite vedlikehald. Gravminnet skal tåla dei påkjenningar det vert utsett for av klima og ved vanleg drift/vedlikehald av kyrkjegarden.

Gravminneforhandlarar og kyrkjeverja kan gje informasjon om reglane. Skal du kjøpe gravminne er det vanleg at seljaren søkjer om å få det godkjent. Vil du ordne med oppsettinga sjølv, kan du henvende deg til kyrkjeverjekontoret og be om skjema og eventuelt om hjelp til utfylling

Festaren plikter å holde grava i hevd. Det inneberer at  gravminnet ikkje forfaller, er til sjenanse eller er til fare for dei som ferdes på gravplassen. Gravminnet kan påførast fleire namn, og det kan og gjenbrukast på andre graver om graven det står på vert sletta. Opprinneleg tekst vert då fjerna.

Gravstell
Festaren har rett og plikt til å stelle grava.
Framfor gravminnet kan ein opprette eit plantefelt i høgd med bakken rundt. Dette feltet kan vere opptil 60 cm frå bak–kanten av gravminnet, og det kan ikkje vera breiare enn gravminnet. Det kan rammast inn, men ramma må då gravast ned i jorda slik at kanten ligg i høgd med bakken rundt. Plantane må ikkje vere høgare enn gravmonumentet eller strekkje seg ut over plantefeltet. Plantane må ikkje verte så store at dei dekkjer gravminnet og inskripsjonane.

Det er høve til å pynte med krans, lys, blomebukettar, lykt osv, men slike lause gjenstandar må takast vekk etter bruk. Plantefelt som ikkje vert beplanta skal såast til, slik at det er grasplen på alle sider av gravminnet.

Vaksdal kyrkjelege fellesråd tilbyr å stelle graver mot betaling. Det vil seie planting av blomer, luking og vatning. Kontakt kyrkjeverja ved spørsmål eller ynskje om gravstell–avtale.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"