Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Planlegging av gravferd

Kven ordnar dei ulike tinga etter dødsfallet?

Ein av våre kjære er død. I tillegg til sorg og smerte og mange tankar om vår kjære, kjem alle praktiske gjeremål som må løysast – ofte innan kort tid. Oftast får ein hjelp frå aldersinstitusjon, sjukehus og/eller lege om kven som skal ha medling om dødsfallet. Dødsmeldinga vert skriven av lege og sendt til lensmannen eller skifteretten. Lensmannen sender dødsattest til soknepresten, folkeregisteret og NAV.

Etter eit dødsfall er det vanleg at dei pårørande straks henvender seg til eit gravferdsbyrå som hjelper til med dei fleste praktiske spørsmål. Det er likevel ingenting i vegen for at ein tek hand om ei eller fleire av oppgåvene sjølv, som kontakt med prest, stell av den døde, annonsering, transport osv. Nokon ynskjer å gjera mest mogleg sjølve i førebuingane til gravferda. Andre vil overlate dette til eit gravferdsbyrå. I dag veit me at det kan bety mykje for sorgarbeidet om dei syrgjande sjølve deltek atkivt og i dei praktiske førebuingane. Enkelte pårørande har hatt utbytte av å vere meir med i prosessen, særleg når ein har opplevd dødsfall i nær familie. Det er viktig å tenkje over kva ein vil at andre skal ordne, og kva ein ynskjer å gjera sjølv.

Gravlegging eller kremasjon?

Både gravferd og kremasjon skal finne stad seinast ti virkedagar etter dødsfallet, dersom ikkje spesielle høve tilseier det.

Gravlegging

Ved gravlegging vert kista med den døde sett ned i jorda på kyrkjegarden, slik at det er minst 1 meter overdekning med jord. Ved "dobbel djupn" vert den første kista sett så djupt at det er minst 1,7 meter overdekning med jord. Det litt ulik praksis, alt etter kor djup kyrkjegarden er. Kyrkja tar ikkje betalt for ei gravlegging på ein gravplass i den avlidnes bustadskommune.

Kremasjon

Ved kremasjon vert kista med den døde frakta til eit krematorium for brenning, like etter gravferdsseremonien (oftast kalt bisetjing). Blomane som ligg på kista vert ikkje brende. Ei kalksteinsbrikke med namn på den døde vert lagt oppå kista slik at oska vert sikkert identifisert. Oska vert samla i ei urne (av lett nedbrytbart materiale) og sendt til kyrkjeverja på gravstaden, der ho må settjast ned innan 6 månader etter dødsfallet. Dei pårørande kan gjerne vera tilstades ved nedsetjinga, og det kan haldast ein enkel seremoni. Krematoriene tar ofast betalt for kremasjon, og vil variere fra stad til stad.Val av gravstadDen avlidne skal føremonleg gravleggjast på den kyrkjegarden vedkomande soknar til. Dette gjeld og sjølv om avlidne på grunn av sjukdom eller alderdom har vore busett i eit anna sokn eller ein annan kommune mot slutten av livet.

Når ein vel ein ny gravstad vil kyrkjeverjekontoret anvise gravstad. Ein bør i alle høve undersøkje om det er ledig plass på ein gravstad som allereie tilhøyrer familien. På einskilde kyrkjegardar er det reservert eigne gravfelt for kistegravstader og andre felt for urnegravstader.

Ved feste av kistegravstad er det høve til å festa ei grav ved sida av. Ved feste av urnegravstad vert det gjeve plass til 4 urner. Det kan og setjast urner i kistegraver, men berre etter at det er sett ned ei kiste fyrst. I tillegg til kista, er det då plass til 8 urner i ei enkel kistegrav.

Andre former for gravleggjing:

Dødfødde born

Lova set inga nedre grense for kor gamalt eit dødfødd barn må vera for å kunna gravleggjast. Det vil i praksis sei at det er mogleg for foreldre som ynskjer det, å få gravferd for born/foster som døyr svært tidleg i svangerskapet. Dødfødde born har rett til eiga grav i mora sin bustadkommune.

Anonym gravstad

Ei minnelund er eit område med anonyme gravstader for nedsetjing av urner. Urnene vert sett ned ved eit fellesmonument utan navn på dei avlidne. Gravleggjinga føregår utan at dei pårørande er tilstades, og det er kun kyrkjeverja som kjenner plasseringa av urnene.

Spreiing av oske

Det er mogleg å søke om oskespreiing over åpen sjø eller fjell. Fylkesmannen kan etter ei datert og underskreven erklæring frå ein person som har fylt 15 år, gje løyve til at den som skal sørge for avlidnes gravferd spreier oska. Det er ikkje mogleg å få namn på eit gravminne på gravplassen ved oskespreiing.

Privat gravstad

Når det føreligg særskilde grunnar, kan fylkesmannen gje løyve til at private får anleggja gravstad for nedsetjing av urne på ein eigna stad. Fylkesmannen kan setje vilkår for løyvet.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"