Kyrkjelydspedagog/sekretær - 2.gongs utlysing.

Ledig stilling som kyrkjelydspedagog/sekretær frå 01.08.2020!

Vanylven kyrkjelege fellesråd har ledig stilling som sekretær og kyrkjelydspedagog. 

Kan du tenkje deg ein jobb der du kombinerer kontorarbeid med arbeid med barn og unge, så er dette ein flott kombinasjon!

Alternativt kan du søkje på berre den eine biten. Begge stillingane er 50% kvar.

 

Sekretær:

-      Samarbeid med stab og sokneråd om utvikling av kyrkjelyden sitt arbeid

-      Saksførebuing for soknerådet

-      Postteneste, informasjon, kunngjeringar, møtesekretær

-      Arbeid med heimeside og presentasjon av kyrkja på sosiale media.

-      Føre e-kirkebok

-      Ansvar for årsstatistikk og andre rapportar

-      Registrering/ajourhald i dataprogram f.t. kardinal

-      Ta hand om offer, vidaresende, føre rekneskap for offerkonto

-      Sende ut invitasjonar til trusopplæring og andre samlingar

-      Tinge materiell

-      Praktisk ansvar for kyrkjeval (kvart 4.år)

 

Kyrkjelydspedagog:

-      Leie og utvikle trusopplæringsarbeidet 0-18 år

-      Legge planar for trusopplæringa og oppdatere planen i tråd med desse.

-      Saman med frivillige og andre tilsette ta del i trusopplæringstiltaka

-      Rapportere trusopplæringa, informere soknerådet om arbeidet.

-      Ta del på lokale, regionale og nasjonale arenaer for trusopplæring

-      Kalle inn til møte i trusopplæringskomiteen

-      Legge til rette for samarbeid med skular og barnehagar

-      Vise fram kyrkja sitt barne- og ungdomsarbeid i lokalmiljøet

Vanylven kyrkjelege Fellesråd  er samanfallande med Vanylven kommune som ligg lengst sør i Møre og Romsdal, med ca 3000 innbyggjarar.

Vanylven har ein vakker og mangfaldig natur med sjø og fjell, eit rikt kulturliv – kort sagt ein triveleg stad!

I Vanylven, som er ein del av Søre Sunnmøre prosti, er der 4 sokn: Vanylven, Syvde, Rovde og Åram sokn, med 5 kyrkjer. Dei fire sokna har felles trusopplæring og felles sokneråd.

Kyrkjekontoret ligg i kommunesenteret Fiskå, i trivelege lokale som hyser kyrkjeverje, 2 prestar og kantor i tillegg til sekretær/trusopplærar.

 

Er dette noko for deg? Ta kontakt med kyrkjeverja på tlf.91588274

Søknad med CV og referansar sendast 

Vanylven kyrkjelege fellesråd 

v/ Bodil Holsvik

Vanylvsvegen 1588

6144 Sylte

 

Søknadsfrist 1.juni !

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Vanylven kyrkjelege fellesråd

Vanylven kyrkjekontor

6143  FISKÅ

Kontortid :

Måndag - fredag

kl. 09.00 - 16.00

Besøkstid: tirsdag-torsdag (9-15) alltid på tlf.70022160

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"