Reformasjonen gjorde Bibelen tilgjengeleg på morsmålet. Me er alle prestar, sa Luther, og kalla det «det allmenne prestedøme». Å lese og tolke Bibelen er ikkje noko berre dei lærde skal gjere. Det gav grunnlag for lekmannsrørsla, men det gav óg meg frimod til å utdanne meg til prest. Reformasjonen har óg gjort meg vaken på om me talar tydeleg nok om «nåden åleine». Arven frå Luther utfordrar meg til stadig å spørje: Kva er vår tids «avlatshandel»? Kva krav og forventningar stiller me, som kan gjere det vanskeleg å få auga på nådens Kristus?
Sigrid Sigmundstad
Prost i Ryfylke
Kva er vår tids avlatshandel?
Eg hadde ikkje vore prest utan reformasjonen.
![Sigrid Sigmundstad](/globalassets/kirken.no/reformasjon-2017/500-tegn-50-kvinner/sigrid-sigmundstad.jpg?width=800&height=448&quality=80&contId=1593959)
Sigrid Sigmundstad