Dagens bibelord

Lukas 13,22–30

22 Medan han var på veg til Jerusalem, drog han omkring frå by til by og frå landsby til landsby og underviste. 23 Då var det ein som spurde: «Herre, er det få som blir frelste?» Han sa til dei: 24 «Kjemp for å koma inn gjennom den tronge døra! Mange, seier eg dykk, skal freista å koma inn, men ikkje greia det. 25 Når husherren først har reist seg og stengt døra og de står utanfor og bankar på og seier: ‘Herre, lat opp for oss’, då skal han svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå.’ 26 Då kjem de til å seia: ‘Vi har ete og drukke i lag med deg, og du underviste på gatene våre.’ 27 Men han skal svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå. Gå bort frå meg, alle de som gjer urett!’ 28 Og de skal gråta og skjera tenner når de får sjå Abraham og Isak og Jakob og alle profetane i Guds rike medan de sjølve er kasta utanfor. 29 Frå aust og vest og frå nord og sør skal menneske koma og sitja til bords i Guds rike. 30 Då skal nokre som er dei siste, bli dei første, og nokre som er dei første, bli dei siste.»