Det vert påske i år også

I fjor var kyrkjedørene stengde i heile påska, kanskje for første gong i kyrkja si historie i Noreg. Dei siste nasjonale innstrammingane gjer at vi også i år må klare oss utan fysiske gudstenester.

Preses Olav Fykse Tveit. Foto: Bo Mathisen

Ikkje ein gong i krigens dagar var det slik. Dette er eitt av mange teikn på kor heilt annleis det siste året har vore. Det er når ein ikkje lenger har det som ein elles tek for gitt, at ein legg merke til kor viktig det er.

Det siste året har gitt oss mange eksempel på at vi plutseleg ikkje har noko vi har tatt for gitt, og kjenner no på kva det betyr for oss.

Ein skjult fiende trugar

I motsetning til under krigen er det no ein skjult fiende som trugar oss. Det er ikkje heilt den same dramatikken som for 80 år sidan, men likevel noko som får oss til å følgje råd og forskrifter om å ikkje gjere det som elles hadde vore heilt naturleg:

Helse på kjente og ukjente i handa, møte menneske både heime eller gå på besøk, klemme på barn og barnebarn, vere i ei forsamling med mange menneske.

For nokon omfattar det også at ein ikkje skal møte opp på skulen eller arbeidsplassen, og ikkje tar bussen eller toget – og vi kunne fortsette. Og alt dette gjer vi av frykt for helse og liv, for å verne andre og oss sjølve.

Nett no er det ekstra høge smittetal med ekstra strenge tiltak. Berre eit fåtal er vaksinerte – men vi er mange som er trøytte no. Vi vil sakne å samlast om gudstenester med påskebudskapet, der vi kan synge «Deg være ære» av full hals og samlast om nattverden.

Kyrkja stiller ikkje inn

Vi trudde at påska 2020 skulle verte heilt eineståande i kor spesiell den var – men så vart det annleis også i år. Men det er viktig å seie: Kyrkja stiller ikkje inn, kyrkja stiller om.

Eg vil tilrå at du undersøker om kyrkjelyden din har digitale sendingar gjennom påska – mange sender slike gudstenester på Facebook eller YouTube. Mange lokale kyrkjelydar har også laga påskevandringar rundt kyrkja, slik at ein kan oppleve påskebodskapen i smittevernvenlege former.

Kyrkjene i Nordre Follo i Borg inviterer til å vitje alle kyrkjene i kommuna til fots eller på sykkel, og løyse ei påskenøtt på kvar stad.

Løvstakken kyrkjelyd i Bergen har satt opp eit «gledestre» utanfor kyrkja der folk kan henge opp bønner og håp for framtida.

I Tinn i Telemark har dei laga ei pilegrimsvandring mellom dei seks kvite kyrkjene rundt Tinnsjøen. Det er mange slike tiltak som ein kan få med seg rundt om i landet, og eg vil oppfordre alle til å setje seg inn i kva som skjer der du er.

NRK sender gudstenester gjennom påska frå St. Petri kyrkje i Stavanger, og på Den norske kyrkja sine Facebooksider kan ein også finne gudstenester, samlingsstunder og anna.

Det vert påske i år også

Det er mogleg å oppsøke kyrkja for å tenne eit lys, be ei bøn, og snakke med prest, diakon eller andre, innanfor dei smitteverntiltaka som gjeld. Mange stader er tilsette i kyrkja til stades og kan be over bønneemner du sender inn, og tenne eit lys på dine vegne.

Det vert påske i år, også. Sjølv om den blir annleis, kan vi sjølve lese påskeevangeliet – høgt. Gjerne i lag med dei vi bur saman med. Og vi kan synge eller lese «Deg være ære». Helsinga «Kristus er oppstanden!» er like sann i år som før.

Vi må også ha med oss i denne tida at vi alle kan bety noko for kvarandre. Om vi korkje kan eller bør treffast fysisk innandørs, kan vi snakke saman på telefon eller via videotenester, eller gå ein tur i lag. Det er godt å kunne snakke saman, dele fellesskap, og be i lag, sjølv om vi ikkje kan vere i same rom.

Vi får ikkje feire fysiske gudstenester, men vi kan samlast digitalt, med stemme og andlet, og slik få eit møte med den oppstandne Jesus Kristus.

Jesus når inn til oss der vi er

Gudstenesta er noko som er meir enn berre oss sjølve og våre kjensler av frykt eller kva det måtte vere som fyller oss. Men dei er også eit møte der vi kan vere oss sjølve, ja, der vi ikkje kan vere noko anna enn oss sjølve.

For det er slik den oppstandne møter oss. Og vil sette mot i oss. Og sende oss ut for å leve, elske og dele det Gud har gitt oss.

Vi treng desse møtene. Med den oppstandne – og med kvarandre. No når vi ikkje skal møtast fysisk med kvarandre minner påskeevangeliet oss om at Jesus når inn til oss der vi er – likevel.

God påske!

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"