Eit steg nærare ny biskop i Bjørgvin

Dei tolv biskopane og Bjørgvin bispedømeråd har no sagt kven dei ynskjer som ny biskop i Bjørgvin bispedøme. Kyrkjerådet tilset ny biskop på sitt møte i Bergen 9.–10. februar.

Tre kandidatar til å verte biskop i Bjørgvin: Kjersti Gautestad Norheim (foto Gyrid Cecilie Nygaard), Ragnhild Jepsen (foto privat) og Sunniva Gylver (foto Harald Bø).

Arbeidet med å tilsetje ny biskop i Bjørgvin etter Halvor Nordhaug har gått føre seg sidan mai i fjor.

No har dei tolv biskopane i Den norske kyrkja og Bjørgvin bispedømeråd uttalt seg om kven dei meiner bør verte ny biskop.

Slik uttalte biskopane seg

Biskopane gjev kvar si fråsegn med deira vurdering av kven av dei tre kandidatane dei meiner er mest skikka. Fristen for dette var 19. januar. Grunngjevinga er ikkje offentleg – men vil inngå i Kyrkjerådet sitt arbeid med å gjere tilsetjing.

Dette er biskopane si prioritering:

Namn

 

 

 

Ragnhild Jepsen 

5 førstestemmer

6 andrestemmer

1 tredjestemme

Kjersti Gautestad Norheim

5 førstestemmer

2 andrestemmer

5 tredjestemmer

Sunniva Gylver

2 førstestemmer

4 andrestemmer

6 tredjestemmer

Dette meiner bispedømerådet i Bjørgvin

Bjørgvin bispedømeråd hadde møte 12. januar og gjorde si rangering av dei tre kandidatane. Bispedømerådet si prioritering er

  1. Ragnhild Jepsen
  2. Sunniva Gylver
  3. Kjersti Gautestad Norheim

Vegen til ny biskop i Bjørgvin

Prosessen med å tilsetje ny biskop er ein langvarig prosess, frå 96 føreslegne kandidatar i september og seks kandidatar i desember. Etter ei rådgjevande røysting var det tre kandidatar som biskopar og bispedømeråd har uttalt seg om. No skal dei tre verte intervjua av Kyrkjerådet sitt arbeidsutval.

Det er Kyrkjerådet som tilset ny biskop, ut i frå ei heilskapleg vurdering. Den rådgjevande røystinga, bispedømerådet si tilråding, biskopane sine tilrådingar og individuelle intervju med kandidatane dannar til saman grunnlaget for vedtaket til Kyrkjerådet.

Kyrkjerådet tilset ny biskop i Bjørgvin på sitt møte i Bergen, 9.–10. februar 2023.

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"