Julesong frå heile verda

Kyrkjer over heile verda deler sine julesongar i ein spanande adventskalender.

LWF sin adventskalender med julesongar henta frå heile verda

For tredje år på rad samler The Lutheran World Federation (LWF) julesongar frå sine medlemskyrkjer over heile verda til ein mangfaldig adventskalender på sine heimesider.

Vi er eit stort fellesskap i den verdsvide kyrkja, og gjennom LWF får du no høve til å sjå glimt frå juleførebuingane i lutherske kyrkjer i alle hjørne av kloden.

Her finn du mellom anna songar frå Liberia der mange kyrkjelydar er engasjer i Misjonsalliansen sitt diakonale arbeid (3. desember), frå Thailand, eit av landa der kanskje aller flest kyrkjelydar i Den norske kyrkja har engasjement både diakonalt i lokalsamfunn og kyrkjebyggjande gjennom NMS, og frå Bolivia, der Misjonsalliansen i mange år har drive diakonalt arbeid som mange i Noreg følger tett.

Du kan høyre songane og sjå video som høyrer til på LWF sine nettsider https://www.lutheranworld.org/advent-hymns#2020

Der kan du også sjå adventskalendrane frå tidlegare år, og glede deg over julesong frå heile verda i adventstida.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"