Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

- Målet er å lage ein folkefest

Spente programleiarar gler seg til at "heile" Norge syng salmar på tv. - Sjølv etter 20 år i tv har eg aldri vore med på noko som liknar på dette.

Fredag 28. november er det startskot for salme-maraton på NRK. Alle dei 899 salmane i salmeboka skal syngast på direktesendt tv i programmet "Salmeboka minutt for minutt". Sendinga vil gå i eitt på NRK2, frå kl. 12 på fredag til rundt midnatt søndag den 30. november.

- Ambisjonen er å lage ein liten folkefest kor folk er, enten dei møter opp i kyrkja og utescener rundt om i landet, eller sit i tv-stova og deler tankar via sosiale medier. Sjølv etter 20 år i tv har eg aldri vore med på noko som liknar på dette. Eg grugler meg! fortel Odd Rune Wolden frå NRK til kyrkja.no.

Stor NRK-produksjon

Han er ein av to programleiarar for tv-sendinga. Saman med Camilla Tjønn Thingvoll, skal han leia sendinga frå start til slutt.

- Eg håpar det blir ei adventshelg som folk kjem til å hugse, seier Camilla til kyrkja.no.

Salmesendinga er ein stor produksjon. 899 salmar, 180 kor og solistar og 60 timar tv-sending utan stans. Frå NRK er det totalt 50 personar involvert under sendinga. 

- Det blir ei helg fylt med korsong og fellesskap. Vi sender frå fleire stader i landet og håpar at folk kjem til å føle at dei er ein del av denne tv-sendinga, enten ved å møte opp der vi sender frå, snakkar med oss via sosiale medier eller rett og slett syng med frå sofaen heime i stova, seier Camilla.

Eit ærefullt oppdrag

- Eg gler meg til å møte og bli kjend med alle menneska frå heile landet som bidreg, og sjå og høyre salmetolkningane. For meg er det ei stor ære å vere programleiar for denne sendinga, seier Odd Rune.

Det same synes Camilla.

- Det er ei stor ære å få lov å vere med å leie ei slik sending. Mange menneske har eit nært forhold til salmeboka, så dette er eit prosjekt eg har stor respekt for, seier ho.

Salmesong-sendinga blir også spesiell for Camilla av ein annan grunn.

- Dette blir tv-debuten min, vanlegvis jobbar eg i radio. Eg gler meg, samstundes som eg er utruleg spent.