Kyrkjemusikktenesta

I kvart sokn er det tilsett kantor eller organist som leier det kyrkjemusikalske arbeidet. Til saman finst det i dag om lag 900 tilsette kyrkjemusikarar i kyrkja vår.

Den tilsette kantor eller organist er hovudaktør, samstundes som kyrkjemusikaren samarbeider med andre musikarar og har medansvar for å rekruttere, utruste og gje rettleiing til friviljuge medarbeidarar.

Kyrkjemusikaren leier den kyrkjemusikalske verksemda i kyrkjelyden, forvaltar og gjer levande tradisjonelle og nye kyrkjemusikalske verdiar og bidreg til breidd og kvalitet i det kyrkjemusikalske og kulturelle arbeidet i kyrkjelyden. Mål og retning for verksemda lokalt er nedfelt i lokal Plan for kyrkjemusikk.

Den kyrkjemusikalske verksemda i Den norske kyrkja har sine røter i gudstenestefeiringa, og kantoren sine oppgåver er spesielt knytte til førebuing og feiring av gudstenesta. Tradisjonelt sett er fellessongen grunnleggjande viktig i vår kyrkje. Dette inkluderer både salmesong og medverknad i den liturgiske musikken. Det er tradisjon for å støtte songen i gudstenesta med instrumentalmusikk, og då særleg ved hjelp av orgelet.

Den norske kyrkja har vedteke tenesteordning og kompetansekrav for kantorar for å sikre høg fagleg kompetanse i dette arbeidet (sjå Tenesteordning for kantorar). Tenesteordninga gjeld òg for organistar, så langt den passar. «Kyrkjemusikar» er eit samleomgrep som gjerne vert nytta både om kantor og organist.