Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Pilegrim i orgelsko

Pilegrim i orgelsko er eit nasjonalt prosjekt for barn og ungdom som spelar orgel.

Under PIO i Stavanger 14.-16. september 2018 vil unge organistar mellom 9 og 27 år utforske orgeltradisjonen saman med dyktige organistar og improvisatørar og eit knippe unge jazzmusikarar.

Ung kyrkjesang og Unge Talenter Bjergsted samarbeider med Norsk orgelfestival og Kyrkjerådet om prosjektet. Har du lyst til å lære og spele kyrkjeorgel? Eller spelar du allereie orgel, og vil dele spelegleda med fleire med same interesse? Ta kontakt med rådgivar for kyrkjemusikk i Kyrkjerådet, Hildegunn Opstad Smørgrav.

- Samspel og improvisasjon er to viktige komponentar i opplæringa som blir gitt i Pilegrim i orgelsko,  Vi har som mål at barna får del i den kyrkjemusikalske arven gjennom orgelet, og at dei sjølv får nyskape og sette sitt preg på musikken, seier Hildegunn Opstad Smørgrav.

- Gjennom prosjektet vil vi utvikle den profesjonelle kompetansen innanfor opplæring og formidling av orgelmusikk. Eit delmål er å bidra til rekruttering til utdanning og yrkesliv som kyrkjemusikar i Den norske kyrkja, seier ho.

Pilegrim i orgelsko er initiert av Kyrkjerådet, med støtte frå Norsk kulturråd, Eckbos legat og FUREstiftelsen, og samarbeider med utvalde musikkfestivalar. Pilegrim i orgelsko (PIO) er sett saman av i alt seks prosjekt i perioden 2016-2019:

  • PIO I TRONDHEIM, vert arrangert i samarbeid med Olavsfestdagane, 2019
  • PIO I STAVANGER, vert arrangert i samarbeid med Norsk orgelfestival, 2018
  • PIO I OSLO, arrangert i samarbeid med Oslo internasjonale kirkemusikkfestival, 2018
  • PIO I BERGEN, arrangert i samarbeid med Bergen kirkeautunnale, 2017
  • PIO I FREDRIKSTAD, arrangert i samarbeid med Egil Hovland-festivalen, 2016
  • PIO I TRONDHEIM, arrangert i samarbeid med Olavsfestdagane, 2016

Det store orgelet i Nidarosdomen vert nytta ved PIO-samlingarIben Sivertsen Stavrum trakterer orgelet i Nidarosdomen. Her frå Olavsfestdagane 2016. (Foto: Lene Kristin Bråtejorde).

Her ein filmsnutt frå workshopen før konserten under Olavsfestdagane i 2016:


 
Klikk på bilete for å åpne pdf-fil  Klikk på bildet for å åpne pdf-fil