Olsokmesse: - Tillit er sentralt i vår olsokfeiring

Preses Olav Fykse Tveit preika under Olsokmessa i Nidarosdomen lørdag. Her kan du lese preika og finne lenke til gudstenesta, som blir sendt på NRK P1 søndag.

Olsokmesse: - Tillit er sentralt i vår olsokfeiring

Tillit. Det er temaet for årets Olavsfest. Det er eit sterkt ord. Vi klarar oss ikkje utan tillit. Svært mykje at det vi gjer er på eitt eller anna vis basert på tillit.

Jesus set det på spissen med biletet frå jordbruket og kveitekornet. Ein må ha tillit til at det vert noko av det når korn frå forrige avling ikkje skal etast, men gravast ned i svarte molda. Men har ein ikkje den tilliten, vert det heller ikkje noko meir.

For at livet skal gå vidare, må det gjevast vidare, då må mitt liv og ditt liv bli brukt – for andre. I tillit. I tru på framtida. I tru og tillit til at Gud kan skape noko meir, noko nytt, gjennom oss. Slik utfordrar Jesus oss til å følge han – i tillit.

Eg hadde ei konkret oppleving av dette i fjor haust. Då hadde vi valget mellom å ete opp dei siste få potetene vi hadde av ein spesiell tidleg potetsort som har vore tatt vare på i generasjonar i slekta, eller å spare nokon for å grave dei ned i svart jord når det vart vår. For oss som kan gå på butikken og kjøpe fine poteter året rundt, var jo det ikkje så viktig.  Men akkurat den situasjonen fekk meg til å sjå kva poenget i Jesu bilde er: Det blir ikkje noko framtid dersom vi bruker opp alt, dersom vi ikkje sparer og satsar, ja, ofrar det vi har for at det skal bli nytt liv. «Rosenpotetene» måtte i den svarte molda, ikkje i min mage, for at det kunne skje. No står potetgraset og fortel at noko skjer der nede i molda.  

Høyr: Olsokmesse frå Nidarosdomen

Hobbygartnar eller storbonde: Noko må satsast, noko må i jorda og døy for at det skal bli meir. Jesu eksempel er både lett å forstå. Men  det er ganske krevjande for oss. Det utfordrar oss til å ha tillit til framtida, og vise det ved at vi sjølve er viljuge til å satse, til å la vårt liv bli noko som gror og veks til nytte for andre.

I ei tid der mange har vanske med å ha tillit til framtida, ikkje minst fordi samanhengane i skaparverket og dyrking av mat vert truga av klimaendringar, vert det desto viktigare at vi reflekterer over kva vi kan og må bidra med for ei felles framtid.

Vi kunne gjort lista lang over meir alminnelege, kjende situasjonar der vi i dag er avhengige av tillit. Vi har tillit til at maten vi et er sunn å spise, at dei som køyrer på vegen i stor fart heldt seg på si side, at vi får hjelp til å klare ulike kriser om vi treng det, at dei som styrer brukar tilliten dei har fått til beste for oss alle, at vi kan møte kvarandre i ulike samanhengar og kjenne oss trygge.

Men så veit vi at det nettopp ikkje alltid er slik. Difor blir det så viktig å sette tillit på dagsordenen. For det er mykje mistillit i den tida vi lever i, som vi må ta på alvor. Det viktigaste er likevel ikkje først og fremst å snakke om og identifisere mistillit, men kva vi skal gjere for å styrke tilliten mellom oss. Og då minner Jesu ord oss om at det kan koste noko.

«Tillit» er difor eit heilt sentralt ord i vår olsokfeiring. Vi feirar at kristen tru, liv og rett, kristne tekstar, bøner, skikkar og ritualer har fått innpass og slått rot i vårt land, i kyrkjebygg, musikk, kunst, litteratur og skikkar – og ikkje minst i viljen til å skape tillit og fellesskap mellom oss. Kjærleiken kan få kraft frå vår kristne tru, til nestekjærleik, til offervilje, i vilje til oppgjer og forsoning. Ikkje fordi kyrkja og kristne har vore ufeilbarlege og ikkje skal kritiserast for det ein har gjort eller forsømt. Tvert om. Men framleis gir denne kristne arven kraft og meining til dei verdiar vi ønskjer å samle oss om i tillit i dag, også i eit mangfaldig og livssynsope samfunn.

Og ikkje minst i møte med mangfald og dei utfordringar det innber,  vert tillit heilt sentralt. Det er avgjerande for det samfunnet vi ønskjer og treng. Der skal det vere plass til alle og alle skal kjenne seg trygge, der vi kan vere ulike og gjensidig aksepterte; der vi kan ha demokrati og gi tillit til våre leiarar gjennom opne valg; der vi har ein rettsorden som gir tillit til at det er rettferd og ikkje den sterkaste sin rett som rår.

Tillit er uttrykk for tru på kvarandre, på at det er mogeleg å leve og gjere noko saman for ei betre framtid.

«Tillit» vert difor eit anna uttrykk for «tru». Difor får også ordet «tillit» fram noko heilt sentralt i olsokfeiring som uttrykk for kristentruas plass i vårt samfunn.

Kristen tru er først og fremst tillit til Gud. Tillit til at Gud vil oss vel. Tillit til at Jesus representerer den Gud som vil gi oss nåde, og la oss begynne på nytt kvar dag. Tillit til at det er det rette, det gode, og det sanne Jesus inviterer oss til når han ber oss om å følge han. Og så er det slik at Gud viser oss tillit når vi vert utfordra til å la vårt liv bli eit uttrykk for denne Gudskjærleiken til menneske og skaparverk.

Når Luther skal gje ei forklaring på kva det er å ha ein Gud, seier han: «Ein gud er det ein skal vente seg alt godt av og ta sin tilflukt til i all naud. ..Det du bind ditt hjarta og set di lit til, det er i verkelegheita din Gud.» (Luthers store katekisme, forklaringa til det første budet).

Noko set vi vår lit til. Noko prioriterer vi.

Jesu ord inviterer oss til å sjå framover, til å velge rett om kva som betyr mest. Slik er kristen tru meir enn meiningar om ein gud eller om det religiøse. Det gjeld tilliten til kva Gud kan skape ut av våre liv.

Slik det er for kveitekornet. Som det var med Jesus og hans liv og død og oppstandelse. Som det vart med historia om Heilag-Olav etter hans død. Det vart eit samfunn som fekk kyrkjer og kristne verdiar, med vekt på menneskets verd og kva som er rett og sant, og om evangeliets og dåpens fornyande kraft.

Etter kvart vart Heilag-Olav også eit symbol for å samle Noreg. Det vart tale om Noregs evige konge, om Heilag-Olavs lov, og i dei siste hundreåra eit symbol som kunne revitaliserast som samlande symbol for ein ny og umoden norsk nasjon.

Vi vil ikkje at olsokfeiringa skal bidra til destruktive former for nasjonalisme. I det perspektivet er det ein viktig dimensjon i olsokfeiringa som kjem til uttrykk i den store interesse for pilegrimsleier og pilegrimsliv som vi no ser.

Olsok er ei tid for mange pilegrimar å finne vegen til Nidaros. Enten ein er kristen, har ei anna tru eller inga religiøs tru, gir det meining for mange å vere pilegrim og kome hit. Pilegrimen vel å gå ut i noko ukjent i tillit til at det vil føre ein mot nye mål, nye innsikter, som også kan skape ny tillit mellom menneske. I det ukjende kan vi møte det som er meir verdt, ja, det som vi kan lite på – den som vil vere vår Gud.

Det er to økser i Olavskorset som er vorte symbolet for kyrkja i Noreg. Det er øksene som vart dødelege våpen mot Olav, og dermed tolka som hans martyrøkser. Det er ikkje teikn på at kyrkja skal identifiserast med bruk av vald eller våpen. Tvert imot. Det skal vere symbol på at vald og våpen får ikkje siste ord, men at nytt liv kan vekse fram sjølv etter den vonde død. Sjølv krossen kan bli eit livets tre.

Vi feirar olsok kvart år fordi vi har tillit til at det kan vekse noko nytt fram, også ut av den vonde død.

Det er tilliten til at det ikkje er makt og maktmisbruk som skal råde og bestemme relasjonane mellom oss, som ligg i rettssamfunnets vilkår og rammer. Difor er det også grunn til neste år å feire 1000 år med kristenretten på Moster. Det er ein del av det større biletet vi får fram når vi ser mot 2030 og tusenårsmarkeringa av Heilag-Olavs død på Stiklestad og gravlegging og helgenkåring her i Trondheim.  

I det vi kan kalle «vår tid» har det også vakse fram noko nytt og livgjevande ut av vald, krig og død. I kjølvatnet av tragediane i andre verdskrigen vaks det fram eit felles sterkt og nytt rammeverk med erklæringar om universelle menneskerettar.  Verda kunne organiserast på ein betre måte. Med rammer og reglar bygde på tillit, for å skape ny tillit. Mange liv har vorte sparte, mange har opplevd fridom og demokrati.

I dag ser vi at dette kan vi ikkje ta for gitt. Det er i krigens forferdelege handingar og logikk at desse rammene vert sett til sides og tilliten knust. Når Russland angrip sitt naboland gjennom okkupasjon og bomber, går svært mykje tapt. Liv, helse, landsbyar, fellesskap, framtidsutsikter, og ikkje minst tillit. Korleis kan det ukrainske folk, mange i slekt med russiske naboar og mange høyrte til i den samme kyrkja, igjen få tillit til sine russiske naboar etter det som har skjedd? Til og med leiarane i den russiske ortodokse kyrkja er viljuge til å setje sine nasjonale tradisjonar over omsynet til liv, helse, rettferd – og bryte ned tilliten til også kyrkjas rolle som aktør i arbeidet for fred og rettferd.

Ein nasjon kan oppleve at kriser skaper samhald og forsterkar tilliten mellom menneske. Men det er viktig å ikkje forherlige ein form for nasjonalisme som bryt ned tillit mellom ulike folk innan nasjonen. Rapporten frå Sannhets- og forsoningskommisjonen vi har fått dette året har gitt oss mange forteljingar om at det kunne skje også her, i statens namn på grunnlag av vedtak i vår lovgjevande forsamling. Desse handlingane braut ned identitet, ære, kultur, språk og fellesskap for samar, kvener og skogfinner. Også kyrkja kunne bli delaktige i desse prosessane.  

I ein sommar som viser dei menneskeskapte klimaendringane sitt sanne ansikt, kan vi ikkje ta lett på spørsmåla om tillit. Er unge menneske i ferd med å miste tillit til oss som er eldre og til framtida? Når vi talar om tillit, vert det påtrengjande å spørre kva vi er viljuge til å endre, kanskje yte, gje, ofre – for at det skal bli liv, og leveleg her for dei som er ramma av klimandringane i dag og for dei som kjem etter oss. Dette ser vi og må vi drøfte kvar dag, ikkje berre på olsokdagen.

Men den spesielle utfordringa til oss når vi feirar olsok som nasjon, som kyrkje og som enkeltmenneske, er denne: Korleis skaper vi tillit?

Ein viktig del av det spørsmålet vert: korleis vil vi satse og bruke våre liv, vår tid og våre ressursar for å vise at vi trur på ei framtid sammen?

For oss alle vert det ei utfordring til å vise at vi trur på «kjærlighetens gjenskapermakt» (Bjørnson).

For kyrkja og alle kristne handlar det spesielt om å spørre kva betyr det å følge Jesus – i dag?

Jesus inviterer til å følge han, til setje vår lit til han og dei verdiar han sto for og kom med. Han viser alle den tillit at vi kan bidra med våre liv til det som er Guds, Skaparens vilje for ei framtid for oss, for alle, for heile skaparverket.

Ære vere Faderen, Sonen og Den Heilage Ande, vår Skapar, Frelsar og Livgjevar, som var, er og vere skal, èin sann Gud frå æve og til æve.

Amen

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Bispemøtet

Besøksadresse:
Kirkens Hus, Rådhusgata 1-3, Oslo

Åpningstider resepsjon:
Mandag-fredag
kl. 08.30-15.30 (15.00)

Postadresse:
Bispemøtet
Postboks 799 Sentrum
0106 Oslo

E-post: bispemotet@kirken.no
Tlf: 23 08 12 00

Telefontider:
Mandag-fredag
kl. 09.00-15.00

Ansvarlig redaktør
Jorunn Strand Askeland (konst.)

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"