- Se bokmålsutgaven her (pdf)
Den norske kyrkja − ei evangelisk-luthersk folkekyrkje
Meir himmel på jorda
Kyrkja vitnar i ord og gjerning om frelse, fridom og håp i Jesus Kristus ved å vere
-
vedkjennande
Vi vedkjenner trua på og tilber den treeinige Gud saman med den verdsvide kyrkja.
-
open
Vi er eit fellesskap prega av likeverd, deltaking og respekt for mangfald.
-
tenande
Vi viser miskunn, fremjar rettferd og vernar om skaparverket.
-
misjonerande
Vi vitnar om Jesus Kristus lokalt og globalt.
I perioden 2019–2021 skal vi arbeide for at:
1 - Gudstenestelivet blomstrar.
2 - Fleire søkjer dåp og trusopplæring.
3 - Kunst- og kulturuttrykk er ein del av kyrkja sitt liv.
4 - Kyrkja engasjerer seg i samfunnet.
5 - Fleire finn sin plass i kyrkjeleg arbeid.
6 - Kyrkja skaper trygge rom.
7 - Kyrkja har ein demokratisk og velfungerande organisasjon.
1 - Gudstenestelivet blomstrar:
- Gudstenesta gir eit møte med det heilage, med Gud.
- Gudstenesta er eit ope, deltakande og inkluderande fellesskap.
- Gudstenesta knyter oss til den verdsvide kyrkja.
- Kyrkja har vigslar der vi feirar kjærleiken, og ber om Guds signing over ekteskapet.
- Kyrkja lar etterlatne møte omsorg og få oppleve ei verdig gravferd.
- Kyrkja varetar og fornyar kyrkjemusikken.
2 - Fleire søkjer dåp og trusopplæring:
- Medlemmer i Den norske kyrkja ber barna sine til dåpen.
- Alle døypte og tilhøyrande i alderen 0−18 år blir inviterte til trusopplæring som gjer at dei kjenner seg heime i kyrkja, og som gir kunnskap om kristen tru.
- Fleire barn og unge deltar i barne- og ungdomsarbeid i kyrkjelyden og i dei frivillige organisasjonane som er knytte til kyrkja.
- Konfirmasjonstida gir fellesskap og næring til tru og liv.
- Kyrkja legg til rette for menneske med funksjonsnedsetting.
- Aldersgruppa 18−30 år erfarer at kyrkja er relevant, livsnær og tilgjengeleg.
- Kyrkja har trusopplæring for vaksne.
- Kyrkja deler evangeliet gjennom ord, nærvær og handling, lokalt og globalt.
- Samisk kyrkjeliv er livskraftig og likeverdig og i stadig fornying og utvikling. Samisk språk og kultur blir varetatt i gudstenestelivet og trusopplæringa.
- Kvensk språk og kultur blir varetatt i gudstenestelivet og trusopplæringa.
- Teiknspråket og døve sin kultur blir varetatt i gudstenestelivet og trusopplæringa.
3 - Kunst- og kulturuttrykk er ein del av kyrkja sitt liv:
- Kyrkja skaper rom for ulike uttrykk gjennom kunst og kultur, særleg for unge.
- Kyrkja arbeider målretta med rekruttering innan kyrkjemusikk.
- Kyrkja er ein relevant samarbeidspartner for kulturlivet elles.
- Kyrkja som kulturarena er ein berebjelke i folkekyrkja sin plass i samfunnet.
- Kyrkja er ein aktiv forvaltar av salmeskatten.
4 - Kyrkja engasjerer seg i samfunnet:
- Kyrkja fremjar menneskeverd, fred, menneskerettar og vern om skaparverket.
- I samarbeid mellom kyrkjelydar og diakonale institusjonar fremjar kyrkja omsorg, rettferd og respekt.
- Kyrkja stimulerer menneske til aktivt samfunnsengasjement.
- Kyrkja samarbeider med styresmakter, livssynssamfunn og ulike organisasjonar i sitt samfunnsoppdrag.
- Kyrkja er aktiv og synleg i media.
- Kyrkja styrkjer samarbeidet med skolar og barnehagar.
- Kyrkja oppsøkjer og tilbyr fellesskap til dei som er nye i Noreg.
- Kyrkja fremjar religionsdialog lokalt, regionalt og nasjonalt.
5 - Fleire finn sin plass i kyrkjeleg arbeid:
- Kyrkja inspirerer til deltaking i frivillig teneste.
- Kyrkja sikrar gode arbeidsforhold for sine frivillige og tilsette.
- Kyrkja styrkjer rekruttering til kyrkjeleg utdanning.
- Kyrkja medverkar til at fleire søkjer kyrkjelege stillingar.
6 - Kyrkja skaper trygge rom:
- Alle menneske har ukrenkeleg verdi.
- Kyrkja deltek i arbeid mot undertrykking og alle former for vald og overgrep.
- Kyrkja fremjer språk for, og samtale om, grenser, makt og seksualitet.
- Kyrkja deltek i #metoo-bevegelsen, #torsdagerisvart og tilsvarande.
7 - Kyrkja har ein demokratisk og velfungerande organisasjon:
- Kyrkja har demokratiske ordningar som sikrar at ho blir styrt i samsvar med grunnlaget sitt og ønska til kyrkjemedlemmene.
- Kyrkja styrkjer ungdomsdemokratiet, særleg lokalt og regionalt.
- Kyrkja arbeider fram ei kyrkjeordning som varetar både lokal tilknyting og heilskapleg styring.