Gi med glede!

Har du merka at ein kan bli glad av å gi noko? Pengar, tenester, tid…. Gåver av ulike slag? Ein kan glede andre, og får glede sjølv. Når du gir til kyrkja, kan du både glede deg sjølv og andre.

Gi med glede!

Fast givarteneste for søndagsskulen

Frå hausten 2021 ønskjer vi å tilsette ein prosjektmedarbeidar for søndagsskule i Osterfjorden i 20% stilling. Vi har allereie utlyst stillinga. Vi håpar at mange vil vere med å støtte dette med å gi eit fast beløp. Det er viktig å gi evangeliet til nye generasjonar.

Når ein skal planlegge nye tiltak, er det aller beste ei fast givarteneste, der mange forpliktar seg for eit fast beløp i året. Dette står ein sjølvsagt fritt til å endre når ein vil.

Vil du vere med? Meir praktisk informasjon kjem her etterkvart. Pr i dag kan du sende ein epost til post.osterfjorden@kyrkja.no og melde at du vil vere med. 

Andre slag gåver?

Det er mange måtar å gi på.  Ein kan gi av glede og takksemd. Ei alternativ bursdagsgåve for dei som «har alt». For å minnast nokon. I nokre gravferder er minnegåver like mykje ønska som blomar. Har ein ikkje livsarvingar, kan ein testamentere til ulike gode føremål. Og ein kan sjølvsagt gi einskildgåver til noko ein ønskjer å støtte.

 

Skattefritak for gåver

Gåver inntil 50 000,- kroner kan ein no få skattefritak for. Då må du oppgje personnummeret ditt, for at vi skal få sendt inn informasjonen til skattevesenet. Dette gjeld både faste gåver og eingongssummar, men ikkje anonyme gåver som offer. Send ein beskjed om at du ønsker skattefritak for gåva di til post.osterfjorden@kyrkja.no og hugs å sende inn gåva merka formål og namnet ditt. 

Kyrkjeofringane (ofte kalla «kollekt»)

I kyrkja blir vi minna på at vi er forvaltarar av alt Gud har gitt oss. Her får ein høve til å gi til både misjon, naudhjelp, diakoni og mykje meir. Noko går til kyrkjelydsarbeidet lokalt. Alt frå 4-årsbøker til mat på samlingar vert dekka av dette.

Andre prosjekt som treng støtte

Kyrkja i Ostereidet treng ein kvit messehakel. Det er ei slag kappe presten tek på seg når han deler ut nattverd, og på høgtidsgudstenester. Vi har teikningar til ein fin, kvit messehakel frå kyrkja var ny, men hadde ikkje midlar den gongen. No håpar vi nokon vil hjelpe oss til å kome i mål. Vi har ikkje eksakt pris, men om lag 50.000,- for liknande kunsthandverk har vore nemnt. 

Vi er alt i gang med  å gjere inngangspartiet i kyrkja finare. Klesstativet vil bli bytta med ei fin knaggrekke, og vi har bede om pris på ein dekorasjon i inngangspartiet.

Vi vurderer og å pynte opp veggen til venstre for altaret, og har bede om forslag og skisser frå fagfolk.

Og vi er i gang med å opparbeide ein etterlengta parkeringsplass ved Hjelmås kapell. Når det skal lagast fortau der, blir det uråd å parkere langs vegen når det er gravferd, konfirmasjonar e.l. Dette siste prosjektet er vi godt i gang med, og gåver har kome inn frå gode sponsorar i næringslivet. Men vi treng meir for å fullføre prosjektet.

Takk for at du er med og støtter arbeidet!

Helsing Osterfjorden sokneråd

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"