Smittevernsplan for Ostereidet kyrkje

Her er gjeldande smittevernplan for Ostereidet kyrkje.

Smittevernsplan for Ostereidet kyrkje

Smittevern i Ostereidet kyrkje

 

Mogleg korona-sjuke personar skal ikkje vere til stades .

Dei som kan vere korona-sjuke, har symptom på luftvegsinfeksjon eller er i karantene kan ikkje vere til stades på arrangement i kyrkja.

Rutinar for handhygiene og reinhald

Handsprit er tilgjengeleg ved inngangen.

Dørhandtak, stolar og andre kontaktflater vert reingjort mellom kvart arrangement

God avstand og minst mogleg fysisk kontakt mellom personar

Maksimalt 200 personar kan vere til stades, i tillegg til medverkande. Møt difor opp i god tid.

Hald avstand – minst ein meter – både inne og ute. Det skal vere to stolar mellom dei som ikkje er i same husstand.

Det vert ikkje kyrkjekaffi.

Bruk av inventar og utstyr

Vi bruker ikkje salmebøker. Gudstenesteprogram vert kasta etter bruk. Instrument, mikrofonar, bøker etc. skal ikkje brukast av fleire personar.

Leikar kan dessverre ikkje brukast.

Oversikt over deltakarar

For å kunne bistå ved eventuell smittesporing, må vi ha liste med namn på alle som er til stades. Listene vert makulert etter 10 dagar.

 

 

Informasjon for tilsette og frivillige medarbeidarar:

 

Reinhaldsrutinar:

Orgel-/flygeltangentar kan ikkje desinfiserast. Bruk handsprit før og etter bruk av orgel/flygel. (NB La hendene bli tørre før bruk). Det må vere berre ein brukar pr. arrangement.

Handsprit skal vere tilgjengeleg ved inngangen, i sakristiet, på altaret, ved lesepulten, ved orgelet, på bordet med nattverdbeger og ved døypefonten.

Utstyr som er brukt skal reingjerast før neste bruk. Dette gjeld også altar, lesepult, mikrofonar, flater i sakristiet.

Stolane sine vaskbare flater skal reingjerast før neste bruk.

Toalett må reingjerast før neste bruk.

Dørhandtak, døropnar og andre kontaktflater skal reingjerast før neste bruk.

Nattverdbeger vert vaska i oppvaskmaskin.

 

Hugseliste reinhald mellom to påfølgjande gudstenester (for alle medarbeidarar).

  • Stolar
  • Dørhandtak.
  • Nattverdutstyr (men kalkar trengs ikkje vaskast mellom gudstenestene når det er grense på 50)
  • Flater og utstyr som blir brukt av nye personar i neste gudsteneste (mikrofonar, altar, lesepult)
  • Toalett og servantar

Det vert gått igjennom oppgåvefordeling før kvar gudsteneste.

Ved gravferd og dåpsgudsteneste er det kyrkjetenar som har ansvar for nødvendig reinhald mellom seremoniane.

 

Gudsteneste og kyrkjelege handlingar:

 

Opplæring:

Smittevernplanen vert sendt til alle medverkande.

Kyrkjetenar er ansvarleg for opplæring av medverkande på gudstenester.

Det er forrettande prest som har hovudansvaret for gudstenesta, viss det skulle bli usemje om framgangsmåtar m.v.

Inngang:

Inngangsdøra skal helst stå open under inngangstida (for å unngå berøring). Eller ein kyrkjevert kan stå ute eller i våpenhuset og opne døra når det kjem folk.

Det vert plassert ut handsprit ved inngangen.

Det bør vere minst 2 kyrkjevertar når det er fleire gudstenester på rad. Kyrkjevertane må passe på at ikkje fleire enn 50 er til stades.

Ein eller to av kyrkjevertane sit i våpenhuset og syter for at besøkande blir registrerte. Dei skriv namnet og telefonnummer sjølv, eller kyrkjeverten kan gjere det. Nedtellingsprogram på PC kan evt. nyttast. Handssprit må nyttast før og etter skrivinga. Ein kyrkjevert passar at folk kjem inn ein og ein og gjev evt. beskjed til dei som ventar viss det vert fullt.

Det vert oppslag om kvifor vi må ha namn og at listene vert sletta etter 10 dagar.

Det skal vere informasjon om smittevernreglar og evt. nattverd v/ innleiing i gudstenesta. Prest er ansvarleg for dette, men det kan gjerne lesast av klokkar/medliturg.

 

Lysgloben kan brukast viss lysa er sett i stakane frå før og ein kan ta eit lys derifrå, tenne det og setje tilbake. Kyrkjetenar må ha god handhygiene v/ påfylling av lys.

 

Nattverd:

Presten må gje god informasjon før nattverden.

Vi har ein utdelingsstasjon og ein kø. Hugs avstand. Rad for rad, først venstre sida, så den andre.

Det skal ikkje vere direkte kontakt mellom nattverdutdelar, brød/vin og deltakarar. I midtgangen står det bord med nattverdkalkar samt ei pumpeflaske med handsprit. Kalkane kan gjerne dekkast til med ein handduk fram til bruk.

Deltakarane tar beger, går til første nattverdutdelar (i regel presten), rekker begeret fram, får brødet i begeret, og tek sjølv brødet i munnen. Deltakaren går så til nattverdutdelar nr.2 , heldt begeret fram og får vin i begeret. Etter nattverd går ein til den sida ein sit på, og set nattverdkalken på bordet, og går ned langs veggen. Når dei som er på venstre sida har gått til nattverd, ventar dei på høgre sida til nattverdutdelarane byter plass.

 

Det skal vere minst ein meter mellom kvar person.

Alle må gå ut på sida på veg tilbake, slik at ein ikkje møter andre på vegen. 

 

Dei som førebur og deler ut vin og brød skal praktisere god handhygiene.

 

Nattverdbeger vert vaska i oppvaskmaskin.

Offer:

Det blir ikkje sendt offerkorger rundt i benkane, men sett korger ved utgangen. I tillegg vil vi oppmode til å bruke Vipps eller nettbank.

 

Dåp:

Presten må informere dåpsfamilien om kva reglar som gjeld.

Dåpsfølgjet som går fram til døypefonten bør bestå av få personar.

Bruk ny dåpsserviett som dåpsklut, blir lagt på kanten av døypefonten. Kyrkjetenar handterer med reine hender.

Presten må vaske hendene grundig før dåpen, då kan dåpshandlinga gjennomførast på vanleg måte.

Viss det er dåpsvert til stades, må denne halde god avstand.

Dåpslys/attest: Kyrkjetenar handterer med god handhygiene.

 

Vigsel:

Berre brurepar og forlovarar står saman med presten ved altaret.

Presten må ha god handhygiene i forkant og etterkant, då kan ekteskapsinngåing og forbøn m/ handspålegging gjennomførast på vanleg måte.

 

Gravferd:

Det vert anbefalt å ha open inngangsdør (for å unngå kontakt med dørhandtak ved inngang) og bruke trykte salmeark. Utandørs må ein også sørge for at det ikkje blir større grupper enn 50 med god avstand.

Det må lagast liste med namn på alle som er til stades. Gravferdsbyråa lagar normalt desse ved hjelp av familien.

 

Open kyrkje:

Kyrkja kan vere open for lystenning, bøn og samtale. Følg reglane for smittevern og reingjering.

 

Utgang:

Når det er fleire gudstenester etter kvarandre, brukar vi sideutgangen gjennom dåpssakristiet som utgangsdør for dei som sit på den sida. Dei bakerste går først ut. Dei som sit på venstre side i kyrkja, går ut hovudinngangen. Dei bakerste går først.

Vi ber om at folk ikkje samlar seg i større grupper utandørs og at dei held god avstand der også.

 

Informasjon/skilting:

På førehand blir det informert om smitteverntiltak i informasjonen om gudstenester og andre kyrkjelege handlingar og arrangement på nettsida.

 

Ved inngangen vert det sett opp plakatar med informasjon om smittevern.

 

Det blir sett opp plakatar om avstandsregel og hygieneråd i inngangspartiet.

 

 

Kapasitet:

I Ostereidet kyrkje er dei stolrekkene som ikkje kan nyttast, rydda vekk. Det skal vere to ledige stolar mellom kvar person, då vert det 3 personar pr. stolrad. Dei som høyrer til i same hushald, kan sitte saman.

Medverkande må også halde god avstand.

 

Før 15. juni: 50

Etter 15. juni: minimum 70 ved single personar. Må praksiserast med skjønn.

Maks kapasitet i kyrkjerommet og tilsluttande rom

 

 

Denne planen er laga med utgangspunkt i planen for Meland kyrkje og Knarvik kyrkje og tilpassa Ostereidet kyrkje.

 

Ostereidet 02.06.20

 

Anne Sofie Uthaug, dagleg leiar

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 [TA1]Betre: Mogleg korona-sjuke skal ikkje vere til stades

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"