Namna minnelund i Bjørnafjorden

Namna minnelund

Ein namna minnelund er urnegraver i eit felt med felles minnesmerke. Sjølve staden der urna blir sett ned, blir ikkje markert. Når urna er sett ned, blir det montert ei namneplate på det felles minnesmerket.

 

 

Namneplate på minnesmerke

På namneplata blir namnet på den gravlagde, i tillegg til årstal for fødsel og død påført. Ved nokre  namna minnelundar er det også høve til å skrive ei personleg helsing på skiltet og å velje eit symbol på skiltet.

 

Urnenedsetjing i namna minnelund

Det er høve for dei pårørande å vere med på urnenedsetjinga. Sjølve staden der urna blir sett ned, blir ikkje markert. Når dei pårørande skal besøkje grava i etterkant av urnenedsetjinga, er det ved det felles minnesmerket det er naturleg å gå til, ikkje der som urna er sett ned. Urnefeltet er plassert i umiddelbar nærleik til minnesmerket.

 

Reservering av plass på namna minnelund:

Det er høve til å reservere plass til urne for ektefelle/sambuar på same måte som ved tradisjonelle urnegraver. Plassering av skilt vil då bli reservert ved sida av avdøde.

 

Planting ved namna minnelund

I ein namna minnelund er det gravplassforvaltninga som skal sørgje for at området ser fint og verdig ut, med felles planting. Det er såleis ikkje naudsynt at pårørande går til grava for å stelle og halde det fint. Det er likevel rikelege høve til å kome til minnelunden for å leggje ned blomar, tenne lys, og minnast dei som har gått bort.

Sidan det i namna minnelund er eit felles minnesmerke for mange, er det avgrensa høve til individuelle uttrykk. Varige minnegjenstandar, potteplanter, lykter o.l. kan ikkje plasserast her og vil bli fjerna av tilsette som jobbar i gravplassforvaltninga. Som ein peikepinn blir blomar og lys fjerna omlag ein gong i veka. Snittblomar og gravlykter er det som er naturleg å setje ned ved dei namna minnelundane.

 

 

 

Feste på graver i namna minnelund

Graver i ein namna minnelund kan festast etter fredningstida er gått ut slik som ved andre urnegraver.

Kven nyttar seg av namna minnelund?

Den første namna minnelunden i Norge blei laga i Bærum i 1997. I starten var dette eit tilbod til dei som ønskte ein grav å gå til, men som ikkje hadde høve til eller ikkje ønskte å setje opp eit eige gravminne. No er namna minnelund ei stadig meir populær gravplassform, og det er fleire grunnar til dette.

Ein namna minnelund er eit tilbod til dei som av forskjellige årsaker ikkje ønskjer ei  vanleg urnegrav med gravminne og bed som skal vedlikehaldast. Dette kan skuldast at dei pårørande synest det er krevjande å halde eit tradisjonelt gravminne, nokre har nær familie andre stader i landet, og nokre synest dei namna minnelundane er flotte graver å gå til og vel det av denne grunnen. Namna minnelund er også ei arealeffektiv og kostnadssparande gravplassform.

 

Plass til å setje seg ned for å minnast. Planting tar gravplassforvaltninga seg av

 

Kostnader knytte til namna minnelund.

Festar betaler kostnaden knytta til produksjon og montering av skilt, dessutan bidrag til felles stell av minnelunden.  Festar slepp såleis kostnader med tradisjonelt gravminne og har ikkje plikt og ansvar for tilsyn og stell. 

Ønskjer festar å fornye festet etter 20 år, betaler ein festeavgift i minnelund.

 

Foto: Martin Bakke Slåttsveen

Namna minnelund på gravplassene

Kontakt

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"