Namnet minnelund Kuventræ

Kuventræ gravplass har fleire former for urnegraver.  For fleire av desse vil ansvarleg for grava/pårørande ha mindre ansvar for stell og tilsyn, men samstundes ha ei grav å gå til for å minnast sine.

Foto: Martin Bakke Slåttsveen

Dersom ein har feste på ei grav frå før på denne gravplassen, kan denne grava nyttast for å setje ned urner.  Er det ei kistegrav, må det gå 20 år etter siste gravlegging (også gravlegging av urne) til ein på ny kan sette ned ny kiste.  Det kan setjast ned 4 urner (eller fleire i kistegrav)  i kvar grav.

 

Namna minnelund

Namna minnelund er ei vanleg urnegrav der urnene vert sett ganske tett.  Ved gravfeltet er det laga eit felles gravmonument.  På dette vert det sett på eit skilt med namn på avlidne, samt fødsels- og dødsdato.  Det er høve til å fornye feste på same måte som for andre urnegraver.  Likeins kan ein reservere urne-  (og skilt-plass) for ektefelle/sambuar.

Det er gravplassforvaltinga som syter for tilsyn og stell av gravminnet og området omkring. Pårørande kan sette ned blomar på tilvist plass.

Dei som vel denne ordninga betaler ei avgift for etablering av slik grav som dekker kostnad for produksjon og montering av skilt og eit bidrag til felles stell.  Men ein slepp kostnad med tradisjonelt gravminne og har ikkje plikt og ansvar for tilsyn og stell.  Samstundes har familie og venner ein fin gravstad og gå til når ein ønskjer det.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"