Hausttakkefest på den nye speidarplassen

Vi ynskjer hjarteleg velkomne til Familegudsteneste - Hausttakkefest 17. september kl.11:00 på den nye speidarplassen på Skei.

Hausttakkefest på den nye speidarplassen
5-åringar i heile Jølster er invitert til felles hausttakkefest.
I kyrkja takkar vi for alt det gode som veks fram om hausten, syng ilag og høyrer forteljing.
Under gudstenesta vil du som er 5 år også få ei overraskingsgåve frå kyrkjelyden.
 
Etter gudstenesta:
  • Speidarane fyrer opp bålpanne og har litt aktivitet for heile familien.
  • Det vert servert saft og kaffi.
  • Utloddning til speidarane sitt prosjekt i Ukrania.
  • Ta med sitjeunderlag/stol.
  • De kan ta med grillmat, om ynskje om grilling.
  • Alle er hjarteleg velkome til å delta på gudstenesta og aktivitetar,
    Inviter med dykk faddrar, familie og vener.

Vel møtt!
---
Den nye speidarplassen ligg ca.300m frå Skei barnehage, bak byggefeltet Ospene.
Om de ikkje finn fram, kan de kan møte opp ved Skei barnehage kl.10:45,
så vil nokon møte dykk og fylgje dykk til speidarplassen.
 

Påmelding
Vi ynskjer å vete kor mange 5-åringar som kjem. Difor fint om de kan sende ein påmelding på

e-post innan torsdag 15. september til silje.sorebo@sunnfjordkyrkja.no eller

sms 473 99 492.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"