Tårnagenthelg

Bli med på Tårnagenthelg 1.-2. juni 2024! NB! Før du les vidare er det viktig å vite at dette brevet er topp hemmeleg og berre må lesast av 3.-klassingar og foreldre

Tårnagenthelg

Laurdag og søndag 01. og 02. juni 2024 er det igjen tid for
tårnagenthelg i Helgheim kyrkje!

Alle 3.-klassingar i Jølster er invitert til å vere Tårnagentar i kyrkja.                                                                    
Her får dei utforske kyrkjebygget, tårnet og klokkene og løyser oppdrag og mysterium.
Agentane skal og hjelpe til på gudsteneste søndag 02.juni. 

Når og kor:
Laurdag, 01.juni kl. 10.00–14.30 samling i Helgheim kyrkje
Søndag,  02.juni kl. 12.30  samling og førebuing til gudsteneste etterpå

Vi avrundar tårnagenthelga med kyrkjekaffi etter gudstenesta. Foreldre, sysken og vener er inviterte til ei annleis gudsteneste denne søndagen. 

Vi er heilt avhengige av gode medhjelparar for å få ei fin tårnagenthelg.
Kunne du tenke deg å bidra med ei eller fleire av desse oppgåvene laurdag?
•    Vere englevakt for ei agentgruppe 1. del av samlinga (kl.09.30 til ca.12.00)   (velkomen til måltidet som byrjar ca. 12.20!)
•    Vere englevakt for ei agentgruppe 2. del av samlinga (kl.12.00 til ca.14.30)
•    Lage agentmat (pizzabollar/horn/kanelbollar e.l. etter avtale) 

Ei englevakt er ein som føljer borna på oppdrag slik at dei kan føle seg heilt trygge, hjelper til med maten m.m. Om du stillar opp så får du meir informasjon seinare.


Påmelding
Påmelding for born og englevakter seinast torsdag, 16. mai. Når du held påmeldingsfristen bidreg du til å gjere arrangementet best mulig for både ditt eige og andre sine barn . Skriv og i påmelding om barnet ditt har behov for spesiell tilrettelegging med omsyn til mat eller fysiske tilhøve.
Påmelding per e-post til karenelise82@gmail.com.


Har du spørsmål? Ta kontakt med Karen Elise tlf. 90 65 04 69, eller karenelise82@gmail.com


Leiarar: Karen Elise Erikstad, Silje Sørebø og trusopplæringsutvalget.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"