Trygg til natta-samling for 2 og 3-åringar

Du som blir to eller tre år i Jølster dette året er spesielt invitert til «Trygg til natta» samling/gudsteneste 5. nov kl.16:00 i Helgheim kyrkje. Ta gjerne med deg kosebamse om du har. Samlinga er open også for andre, så det er berre kjekt om du vil ta med deg familie og vener, til dømes foreldre, sysken, besteforeldre eller fadrar denne dagen.

Trygg til natta-samling for 2 og 3-åringar

I samlinga vil vi mellom anna synge barnesongar og kveldssongar. Samlinga
varer ca. ein halv time.
Vi vil be for dykk som er to og tre år ved å tenne eit lys for kvar av dykk.
Og de vil få ei lita gåve som de kan ta med heim.
For mange av dykk vart ei lita tredue med namnet dykkar hengt opp i kyrkja på eit dåpstre då de vart døypte. De som enda ikkje har fått den med seg heim, vil få den no.
Etter samlingsstunda vert det kveldsmat for alle som har lyst til å ete saman, og mogelegheit for leik. Meld ifrå om de kan tenkje dykk å ta med noko til maten (f.eks boller eller frukt).

Påmelding:
Fint å vite ca kor mange som kjem, difor ynskjer vi påmelding på førehand. Send påmelding innan torsdag 2.nov til silje.sorebo@sunnfjordkyrkja.no med namn på barn, alder og kva de eventuelt kan ta med til kveldsmaten.

Venleg helsing trusopplæringsutvalet i
Helgheim og Ålhus sokn 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"