Dør-til-dør-aksjonen blir digital

Tysdag 23. mars er den årlege fasteaksjonsdagen til inntekt til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid. Konfirmantane skulle gått rundt med bøsser, men av kjende grunnar er ikkje dette råd i år heller. Dei vil bidra på anna vis likevel. Vil du bidra? Ditt bidrag vil gjere ein stor skilnad, uansett kor mykje eller lite du gir. For berre 250 kr kan du gi eit menneske tilgang til reint vatn resten av livet. Årets fasteaksjon vert digital, og er viktigare enn nokonsinne. Pengane går uavkorta til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid.

Bli med og støtt aksjonen vår for reint vatn!

Du kan bidra digitalt på 4 måter:

  • Du kan sende ei gåve til kontonummer 1594.22.87493
  • Du kan Vippse til 2426
  • Du kan sende SMS med ordet "VANN" til 2426 (250,-)
  • Du kan gje til innsamlinga vår på Facebook. Del gjerne innsamlinga med vennene dine på Facebook!

Du kan lære meir om aksjonen og følgje innsamlinga på fasteaksjonen.no.

Mange opplever krevande dagar, også økonomisk. Frå kyrkja si side ynskjer ein ikkje å bidra til press om å gje pengar. Samtidig veit vi at i sårbare land med dårlige helsetilbod, er følgjene av pandemien langt større enn det vi no har i Norge. Så har du høve til støtte opp om fasteaksjonen, seier vi berre: Bidra etter evne.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"