Deilig er jorden??

Dei fleste meiner at denne songen MÅ syngast i jula, og gjerne som avslutning på gudstenester og på julekonsertar i førjulstida. Eg synst ikkje Jorda er så deilig for tida! Det er i grunnen mykje som ser mørkt ut, og mange kjenner på tyngda av alt som pandemien har ført meg seg. På same tid er det heilt sikkert ein del som kjenner på sitrande glede og forventning no i jula. Og eg vil ikkje ta gleda frå nokon! Kontrastane er store. Slik har det vore før, og kanskje er det enno meir tydeleg dette året. Vi har vandt oss til at planar må endrast på kort varsel. Eg kjende på stor glede då vi i desember fekk vite at vi kunne vere 200 på ei gudsteneste! Så kom ny beskjed om berre 50 innandørs. Eg mista motet og orka ikkje tenkje på å skulle feire julehøgtid med glisne benkar i kyrkja. Motet kom heldigvis tilbake.

Deilig er jorden??

«Ver ikkje redde» seier engelen i jule-evangeliet, til dei forskrekka og redde gjetarane. Det er mykje vi kan vere redde for , og vi kan kjenne på uro og frykt for korleis det vil gå . Med jordkloden, med klima og pandemi. Og i det nære livet kan det vere sjukdom, vanskelege relasjonar, einsemd eller arbeidsløyse som slit og tærer på kreftene.

For meg personleg har året 2021 vore eit år med fleire bratte bakkar. Ei bil-ulukke i mars månad gjorde at livet stogga opp for meg og mannen min. Det gjekk heldigvis bra! I oktober døydde mamma, noko uventa. 87 år er eit langt liv, men sorga slår inn uansett. Alle har kvar si livsforteljing, med sorger og gleder.

Midt i uroa kan vi ta imot godt nytt, enno ein gong. Vi kan gøyme det i hjartet, anten det er eit skjelvande eller jublande hjarte inni deg. Vi kan vi gøyme det og undre oss over det, slik det blir fortalt at Maria gjorde (Luk 2, 19) Kanskje kan det skape eit håp, ein strime av lys, varme eit frose sinn. Og vi kan våge å synge Deilig er jorden, som ei bøn, som ein lovsong, som ein takk til Gud som har stige ned heilt i det lave. For « lyset skin i mørkret og mørkret har ikkje overvunne det.» (Johs 1, 5) Gledeleg og velsigna julehøgtid!

Med helsing Rigmor Frøyen
Sokneprest i Naustdal

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"