Køyr-inn gudsteneste ved Coop Extra

17. mai vert annleis på alle måtar. Det vert også ei annleis gudsteneste. Sidan vi ikkje er heilt klare for å invitere inn i kyrkja, inviterer vi til «Køyr inn- gudsteneste» på parkeringsplassen ved Coop Extra i Naustdal kl.12.30.

Køyr-inn gudsteneste ved Coop Extra

Det vert felles song, ord frå presten og musikalske innslag. Ei gruppe frå Sunnfjord Janitsjar vert med, så det blir lyden av korps!
Vi skal avrunde kl 13.00 og synge «Ja vi elsker» saman med heile Noreg!
Retningslinjer vi må følgje: I bilar kan berre det sitje folk som er i same husstand/eventuelt som har vore saman i korona-tida.
Det er ikkje høve til å la bilane stå på tomgang. Tenk på miljøet. Det er kjølig vermelding! Så det er lurt å ha på varme klede, ullpledd og kva med å kle deg i ein varm bunad?
Bilar må stille opp i god tid , og vakter vil sjå til at det blir orden og rett avstand på oppstillinga. Fint om bilar kjem på plass innan kl 12.25
Vi håpar dette kan gje oss ein liten «smak» av 17.mai!
Vel møtt!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"