Gudsteneste 1. mai

Velkommen til digital gudsteneste for kyrkjelydane i Vaksdal - og for alle andre som vil ta del.

Gudsteneste 1. mai

INFO

I dag skulle det vore gudsteneste i Dale kyrkje kl. 11.00. Her er i staden ei gudsteneste med orgelmusikk, salmar, tekstar, preike, bøn og velsigning.
«Frans av Assisis bøn» er forbøna i dag.

I heimen kan de gjerne tenne eit ljos. Er de fleire som er samla kan de syngja saman. Melodien til salmane og andre musikalske innslag, kan de klikke på og lytte til. Til lesingane kan de skifte på å lesa høgt.

DaleOrgel.jpg

PRELUDIUM OG INNGANGSSALME Norsk Salmebok nr. 479 Fordi han kom og var som morgenrøden

T  Frederico José Pagura 1979 O  Holger Lissner, 2000 Estrid Hessellund 2000 M  Homero R. Perera 1999

INNGANGSORD
Kjære kyrkjelyd.
Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus. Amen.

SAMLINGSBØN
Lat oss be:
Gud, du er midt iblant oss.
Du omgjev oss på alle sider.
Hald oss i di hand.

SYNDSVEDKJENNING
Lat oss bøya oss for Gud og be om tilgjeving:
Gud, du kjenner og elskar oss alle.
Vi har gjort deg imot.
Vi har gløymt deg og det du vil vi skal gjera.
Vi har tenkt meir på oss sjølve enn på andre.
Tilgjev oss for Jesu skuld.

KYRIE

Alle:
Kyrie eleison. Gud Fader, miskunna deg.
Kriste eleison. Herre Krist, miskunna deg.
Kyrie eleison. Heilag ande, miskunna deg.

GLORIA
Liturg: Ære vere Gud i det høgste.
Alle:
og fred på jorda blant menneske som Gud har glede i.
Vi lovar deg, vi prisar deg, vi tilbed deg, vi opphøgjer deg.
Amen.

LESING FRÅ BIBELEN

AapenBibel.jpgLat oss høyra Herrens ord.

Det står skrive hos profeten Jesaia.

6 Nei, dette er fasta eg har valt:
å løysa urettferdige lenkjer,
sprengja banda i åket,
setja undertrykte fri
og å bryta kvart åk sund,
7 å dela ditt brød med svoltne
og la hjelpelause og heimlause koma i hus.
Du skal sjå til den nakne og kle han,
du skal ikkje snu ryggen til dine eigne.
Då skal lyset renna for deg som morgonròden,
brått skal du lækjast.
Di rettferd skal gå framfor deg
og Herrens herlegdom følgja etter deg.
9 Då skal du kalla, og Herren skal svara,
du skal ropa, og han skal seia: «Eg er her!»
Om du tek bort kvart åk hos deg,
ikkje peikar med fingrane og talar vondt,
10 om du gjev av ditt eige til den svoltne
og sjølv mettar den som lid naud,
då skal lyset ditt gå opp i mørkret,
natta di skal bli som høglys dag.

Jesaia 58, 6 - 10

Det står skrive i Johannes’ fyrste brev.

16 Vi har lært å kjenna den kjærleiken Gud har til oss, og vi har trudd på den. Gud er kjærleik, og den som blir verande i kjærleiken, blir verande i Gud og Gud i han.
    17 I dette har kjærleiken vorte fullenda hos oss, at vi har frimod på dommens dag. For som Kristus er, slik er vi i denne verda. 18 Det finst ikkje frykt i kjærleiken. Den fullkomne kjærleiken driv frykta ut. For frykta ber straffa i seg, og den som fryktar, har ikkje vorte fullenda i kjærleiken. 19 Vi elskar fordi han elska oss først. 20 Den som seier: «Eg elskar Gud», men likevel hatar bror sin, er ein løgnar. For den som ikkje elskar bror sin, som han har sett, kan ikkje elska Gud, som han ikkje har sett. 21 Og dette er det bodet vi har frå han: Den som elskar Gud, må òg elska bror sin.

Joh. 4, 16 - 21

Slik lyder Herrens ord.

SALME Nr 738 i Norsk Salmebok Noen må våke i verdens natt

T Svein Ellingsen 1975
M Trond Kverno 1975

LESING FRÅ BIBELEN
Det står skrive hos evangelisten Lukas.

31 Som de vil at andre skal gjera mot dykk, så skal de gjera mot dei. 32 Om de elskar dei som elskar dykk, er det noko å takka dykk for? Til og med syndarane elskar dei som viser dei kjærleik. 33 Og om de gjer vel mot dei som gjer vel mot dykk, er det noko å takka dykk for? Det gjer syndarane òg. 34 Og om de låner til dei som de ventar å få att av, er det noko å takka dykk for? Syndarar låner òg til syndarar når dei kan få like mykje att. 35 Nei, elska fiendane dykkar, gjer vel og lån bort utan å venta noko att. Då skal løna dykkar vera stor, og de skal vera born av Den høgste. For han er god mot dei utakksame og vonde.
36 Ver miskunnsame, som Far dykkar er miskunnsam.

Evangeliet etter Lukas 6, 31 - 36

Slik lyder det heilage evangeliet.

PREIKE

Preika kan du anten lese sjølv, lytte til på lydfila, eller gjere begge delar.

KORLEIS LEVE

Det er ein høgtidsdag i Noreg i dag. Og ein gudstenestedag - med tilhøyrande tekstar frå Bibelen. Tekstane handlar mellom anna om heilt grunnleggjande sider ved liva våre:
Korleis skal me leva?
Kva skal me gjere for og med kvarandre?

Då eg var liten gjekk eg i 1. mai-tog fleire gonger. Målet var å få sleppe inn på Sandnes kino etterpå. Der det var tilstelling for borna medan dei vaksne heldt på med sitt program. Det var lokale krefter som underheldt, meiner eg, og me fekk ballongar og godteri - slik eg hugsar, i alle fall. Det kjendest heilt greitt og heilt naturleg å vere med på dette, kan hende var det fordi faren min var med i Arbeidarpartiet.

Seinare vart det nok ikkje noko engasjement på meg den dagen, sjølv om eg – som eg likar å trekke fram innimellom – var medlem av Jern og metall-foreininga då eg arbeidde på sykkelfabrikken på Sandnes.
Då me flytta til Dale fann eg jo fort ut kor viktig dagen er for Dale og Vaksdal. Det har vore heilt naturleg for meg å vere med på å markere dagen, anten eg har leia gudstenesta eller hatt heilt fri. Eg har rett nok valt å ikkje gå i toget, mellom anna då ikkje alle parolane har vore slike eg har støtta. Men eg har likevel fått med meg både toget og samlinga ved paviljongen etterpå. Der har eg høyrd mange gode talar – og nokon ikkje fullt då gode.

Dagen i dag er ein dag som vaks fram og vart bestemt av særskilde historiske høve, slik eg oppfattar det. Det er ein internasjonal dag som starta i USA for 130 år sidan etter det eg har lese. Korleis dagen er markert og kva han har ført til er vel ulikt frå land til land og frå lokalsamfunn til lokalsamfunn. Og me kan gjerne seie: Frå menneske til menneske.

Mange ser at det er framleis mykje å kjempe for. Andre meiner kan hende me har kome så langt at det ikkje er noko att å kjempe for.
1. mai engasjerer ikkje så mange menneske no som før, ser det ut til, og det same gjeld vel respekten folk har for dagen. Dei fleste er i alle fall ikkje med i noko tog eller fellesmarkering. Dette kan og vere politisk motivert, då somme politiske grupperingar kan synast at dei «eig» dagen, sjølv om rettane det vert kjempa for gjeld alle arbeidsfolk og andre folk, slik eg oppfattar det.

Sjølv om mykje er oppnådd her i Noreg, er det vel framleis mykje å kjempe for når det gjeld arbeid og arbeidshøve, og like eins innan likeverd, rettferd og demokrati. Og den seinare tida har me blitt merksame på at det er ennå meir å kjempe for enn det tidlegare:
Eg tenkjer då på naturen og berekrafta til denne jorda me lever på.

Det handlar om framtida. Fortida vår kan me ikkje endre, men me kan endre no på det som ikkje var godt før. Me kan og reparere og til dømes gjere opp med kvarandre og tilgje, slik at dårlege konsekvensar av fortida vert redusert. Me kan lære av både gode og dårlege røynsler i framtida.

Men korleis skal me gjere det i framtida?
Det har me vel alltid spurt oss.
Me har spurt oss sjølve og kvarandre kor me vil hen, og svara har nok vore ulike. Arbeidsgjevar og arbeidstakar ser ikkje likt på det. Heller ikkje rike og fattige. Uansett ståstader innan politikk, ideologi og religion vil der vel og bli gjeve ulike svar.
Men altså: Korleis skal me gjere dette?

Me kan vende oss til Bibelen for å få svar.

Svara treng ikkje vere eksklusivt Bibelen sine. Mykje av hjelpa til livet me finn i Bibelen kan me og finne i andre tankesett og ideal utanfor den kristne trua. Dette vart det mellom anna snakka om i samtalen om religion og politikk i Dale kyrkje i haust.

«Som de vil at andre skal gjera mot dykk, så skal de gjera mot dei». Slik høyrdest dei ut, nokre av Jesus sine klåre ord i dag. Å elske berre dei som elskar ein sjølv er ikkje noko særskild. Heller ikkje å vere god berre mot dei som er god mot oss - eller å berre låne til dei som gjev attende - er noko å skryte av.
«Nei, elska fiendane dykkar, gjer vel og lån bort utan å venta noko att.»
Og: «Ver miskunnsame, som Far dykkar er miskunnsam.»

Her har me sterke føringar.
Og me må kan hende strekkje oss lenger enn før viss me vil leve opp til dei? Me har ennå ein lang veg å gå viss me verkeleg vil ha endringar oss menneske imellom - og i samfunnet.
Kor flott hadde det forresten ikkje vore viss ei parole i 1.mai-toget hadde vore: «Ver miskunnsame»? Er det nokon som vågar å lage ein slik til neste år?

Me kan gjerne kjempe for strukturelle endringar, for meir rettvise i arbeidsliv og samfunn, og for alt som elles er godt.
Men det handlar vel like mykje om korleis den einskilde av oss er - og lever livet vårt: Korleis me er mot andre menneske. Ja, mot alle menneske. Inkludert dei som er usamde med oss, dei som har andre verdiar enn oss, og dei som trur annleis enn oss.

Og viss nokon er i tvil: Eg kjenner at dette gjeld like mykje meg sjølv. Eg har og noko å jobbe med her.
Me må vel kunne seie at dette er ei utfordring for alle menneske. Tek me imot utfordringa til å leve rett mot kvarandre er det mykje hjelp å få hos Jesus. Slik som i dagens tekst.

Me syng nokre ganske så sterke salmetekstar i dag.
Det kan vere at ein eller fleire av dei ukjente for mange. Dei er likevel relativt vanlege i 1. mai-gudstenestene hos oss.
I den siste salma, «Menneske du som har kunnskap», er teksten sterk, direkte og konkret.
Les han gjere om att etter at du har sunge han.

Ære vere Faderen og Sonen og Den heilage ande, som var og er og vera skal éin sann Gud frå æve og til æve.

TRUVEDKJENNINGA
Lat oss (reisa oss og) vedkjennast vår heilage tru.
Eg trur på Gud Fader, den allmektige, som skapte himmel og jord.

Eg trur på Jesus Kristus, Guds einborne Son, vår Herre,
som vart avla ved Den heilage Ande, fødd av Maria møy,
pint under Pontius Pilatus, vart krossfest, døydde og vart gravlagd,
fór ned til dødsriket, stod opp frå dei døde tredje dagen,
fór opp til himmelen, sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader,
skal koma att derifrå og døma levande og døde.

Eg trur på Den Heilage Ande, ei heilag, allmenn kyrkje,
eit samfunn av dei heilage, forlating for syndene,
oppstoda av lekamen og evig liv. Amen.

SALME Nr. 737 i Norsk salmebok Herre, du vandrer forsoningens vei

T og M: Tore Littmarck 1972
O: Bodvar Schjelderup 1976

BØN (Frans av Assisis bøn)

Bøn. frå godlovesyou.jpg

Herre,
gjer meg til ein reiskap for din fred.
Hjelp meg å spreia kjærleik der hatet herskar,
tru der tvil råder,
håp der det er angst og naud.
Hjelp meg å få koma med tilgjeving der det er gjort urett,
å skapa forsoning der det er strid, å spreia lys der det er mørke,
å gje glede der sorg tyngjer.

Meister,
hjelp meg å søkja ikkje så mykje å bli trøysta som å trøysta,
ikkje så mykje å bli forstått som å forstå,
ikkje så mykje å bli elska som å elska.
For det er ved å gje at vi får,
ved å tilgje at vi blir tilgjevne,
ved å missa vårt liv at vi finn det.
Det er ved å døy at vi står opp til æveleg liv.
Amen.

candle-2038736.jpg

Her er det høve til personleg bøn, stille eller høgt, og å tenne lys.

 

HERRENS BØN
Vår Far i himmelen.
Lat namnet ditt helgast.
Lat riket ditt koma.
Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen.
Gjev oss i dag vårt daglege brød,
og tilgjev oss vår skuld, slik vi òg tilgjev våre skuldnarar.
Og lat oss ikkje koma i freisting, men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt og makta og æra i all æve.
Amen.

SALME NR. 726 i Norsk Salmebok Menneske, du som har kunnskap

T Eivind Skeie 2001
M Arne Bendiksen 2001

VELSIGNINGA (de kan reise dykk og stå viss de vil)

EdvardVelsignelseKlippet.JPG

Liturg: Lat oss prisa Herren
Alle: Gud vere lova. Halleluja. Halleluja. Halleluja.

Liturg:
Herren velsigne deg og vare deg.
Herren late sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig.
Herren lyfte sitt åsyn på deg og gje deg fred. †
Alle: Amen. Amen. Amen.

POSTLUDIUM
Det har vore tradisjon at Dale Mannskor syng på gudstenesten 1. mai. Det er ikkje mogeleg i år. Difor vis me i dag til ein eldre video av Dale Mannskor.

Det var planlagt ein orgelkonsert i Dale kyrkje 2. mai. Denne kan sjåast som film her.


KUNNGJERING
* Takkofferet i dag skulle gå til Norsk Folkehjelp.
Du kan gje pengar til dei via Dale sokn på VIPPS nr. 525329.
* Del gjerne desse nettgudstenestene med andre.
* No kan du/de ta deg/dykk ein velfortent kyrkjekaffi!


Sokneprest Frode Kvamsøe.
Organist Ruben Gjertsen.

Dei digitale gudstenestene i Vaksdal er eit samarbeid mellom dei tilsette ved Kyrkjekontoret. Musikken vart spela inn i Dale kyrkje den 30/4 av Ruben Gjertsen. Liturgiske ledd vart spelt inn i Dale kyrkje av Ruben Gjertsen og Edvard Bø.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"