Familiegudsteneste 15. november

Velkommen til nettgudsteneste for kyrkjene i Vaksdal.

Familiegudsteneste 15. november

FØREBUING
Denne søndagen skulle det vore Familiegudsteneste i Vaksdal og Stamnes kyrkjer med utdeling av bok til 4-åringane og NT til 10-åringane. Desse utdelingane vert ordna på annan måte seinare. Me tek likevel med oss dette som bakteppe for denne gudstenesta der Trusoplæraren Kristin Straume Audestad har barnesongar og held preike. Elles kan de i heimane lese for kvarandre og syngje salmane saman. Melodiane er spelt inn med lydfil. Så kan de kosa dykk etterpå med saft og noko godt å bite i, og kanskje ein kopp kaffi til dei vaksne.

Fireårsboka - til tekst om utdeling til fireåringane.jpg

PRELUDIUM

Improvisasjon og forspel av Ruben Gjertsen

SALME BSB 187

Hevenu shalom a´leychem,
Hevenu shalom a´leychem,
Hevenu shalom a´leychem,
Hevenu shalom, shalom,
shalom a´leychem.

Eg blir så glad når eg ser deg.
Eg blir så glad når eg ser deg.
Eg blir så glad når eg ser deg.
Eg blir så glad, så glad,
så glad når eg ser deg.

Det er Guds fred eg vil gje deg.
Det er Guds fred eg vil gje deg.
Det er Guds fred eg vil gje deg.
Det er Guds fred, Guds fred,
Guds fred eg vil gje deg.

Hevenu shalom a´leychem,
Hevenu shalom a´leychem,
Hevenu shalom a´leychem,
Hevenu shalom, shalom,
shalom a´leychem.

 

INNGANGSORD
Liturg: Kjære kyrkjelyd. Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus.
Kyrkjelyd: Amen.

 

SAMLINGSBØN
L.: Lat oss be.

Gud, du er midt iblant oss.
Du omgjev oss på alle sider.
Hald oss i di hand.

Gud vi bed.
Amen.

 

KYRIE

Kyrie eleison, Gud Fader miskunna deg.
Kriste eleison, Herre Krist miskunna deg.
Kyrie eleison, Heilag Ande miskunna deg.

LOVSONG M/ MÅNE OG SOL
L.: Ære vere Gud i det høgste.
K.: Og fred på jorda blant menneske som Gud har glede i.

Måne og sol, vindar og hav
og blomar og born
Skapte vår Gud.
Himmel og jord, allting er hans,
Herren vår Gud vil vi takka.

Herre, vi takkar deg,
Herre, vi prisar deg,
Herre, vi lovsyng ditt heilage namn!

Jesus, Guds Son, død på ein kross
For alle, for oss, lever i dag.
Ja, han er her, ja, han er her.
Herren vår Gud vil vi takka.

Herre, vi takkar deg,
Herre, vi prisar deg,
Herre, vi lovsyng ditt heilage namn!

Anden, vår trøyst, levande varm
Og heilag og sterk, talar om Gud,
Leier oss fram dag etter dag.
Herren vår Gud vil vi takka.

Herre, vi takkar deg,
Herre, vi prisar deg,
Herre, vi lovsyng ditt heilage namn!

 

TEKSTLESING
L.: Lat oss høyra Herrens ord.
Det står skrive i evangeliet etter Matteus Kap.13.44-46

Himmelriket er likt ein skatt som var gøymd i ein åker. Ein mann fann skatten og gøymde han att. Glad som han var, gjekk han bort og selde alt det han eigde, og kjøpte åkeren.

Like eins er himmelriket likt ein kjøpmann som leita etter vakre perler. Då han fann ei svært verdfull perle, gjekk han bort og selde alt det han eigde, og kjøpte henne.

Slik lyder det heilage evangeliet.
K.: Gud vere lova.

 

 

BARNESONGAR MED KRISTIN

shell-3480818_1920.jpg

PREIKE   

 


SALME 626

:/: Ver meg nær, o Gud, ver meg nær!:/:
O Gud, ver meg nær.

Når eg gret, o Gud, ver meg nær.

Når eg bed til deg, ver meg nær.

Når eg syng, o Gud, ver meg nær.

 

TRUVEDKJENNINGA
Liturg: Lat oss vedkjennast vår heilage tru.
Alle:
Eg trur på Gud Fader, den allmektige,
som skapte himmel og jord.

Eg trur på Jesus Kristus, Guds einborne Son, vår Herre, som vart avla ved Den heilage ande, fødd av Maria møy, pint under Pontius Pilatus, vart krossfest, døydde og vart gravlagd, fòr ned til dødsriket, stod opp frå dei døde tredje dagen, fór opp til himmelen, sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader, skal koma att derifrå og døma levande og døde.

Eg trur på Den heilage ande, ei heilag, allmenn kyrkje, eit samfunn av dei heilage, forlating for syndene, oppstoda av lekamen og evig liv. Amen.

 

book-1210029_1920.jpg

SALME BSB 304

be oss hjem til seg.
Bibelen kan vise vei.

 

 

FORBØN
L.: Lat oss be.

Far i himmelen.
Takk for at du skapte oss, og takk for at du skapte jorda vi bur på. Takk for at du kjenner oss og elskar oss. Hjelp oss til å ta vare på kvarandre og på alt du har skapt.
Gud, vi bed.

Alle: Herre, høyr vår bøn.

Kjære Jesus.
Du fann vener du kunne gleda deg saman med og gråta hos. Takk for evna vår til venskap. Hjelp oss å vera til stades for kvarandre. Lat alle menneske finna nokon dei kan stola på. Du har vist oss at alle menneske er like viktige og like verdfulle. Ver hos alle som lid på grunn av uforstand eller vondskap. Hjelp oss til å kjempa mot undertrykking og urett.
Gud, vi bed.

Alle: Herre, høyr vår bøn.

Gode heilage Ande.
Du viser oss vegen vi skal gå. Gjev oss vilje og kraft til å gå han. Gjev oss visdom og styrke, så vi kan stå saman. Du har kalla oss til å vera di kyrkje. Kom til oss med dine gåver, og hjelp til å vera lys og salt i verda.
Gud, vi bed.

Alle: Herre, høyr vår bøn. Amen.

 

 

VÅR FAR

Vår Far i himmelen. Lat namnet ditt helgast. Lat riket ditt koma. Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen. Gjev oss i dag vårt daglege brød, og tilgjev oss vår skuld, slik vi óg tilgjev våre skuldnarar. Og lat oss ikkje koma i freisting, men frels oss frå det vonde. For riket er ditt og makta og æra i all æve. Amen.

 

SALME BSB 180

Siyahamb´ekukhanyeni kwen khos´ (4x)
Siyahamba, siyahamba, oo,
siyahamb´ekukhanyeni kwen khos.´

We are marching in the light of God. (4x)
We are marching, we are marching, oo,
we are marching in the light of God.

La oss vandre i vår Herres lys. (4x)
La oss vandre, la oss vandre, oo,
la oss vandre i vår Herres lys.

 

VELSIGNINGA

EdvardVelsignelseKlippet.JPG
Liturg: Lat oss prisa Herren.
Kyrkjelyd: Gud vere lova. Halleluja, Halleluja, Halleluja.
Herren velsigne deg og vare deg. Herren late sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig. Herren lyfte sitt åsyn på deg og gje deg fred. †
Kyrkjelyd: Amen. Amen. Amen.
Liturg: Gå i fred. Ten Herren med glede.

 

POSTLUDIUM

Pyotr Il’yich Tchaikovsky (1840-1893):

Sukkertøyfeens dans (Fra Nøtteknekkeren)

 

KUNNGJERINGAR
Neste søndag, 22. november er det ingen gudstenester i kyrkjene i Vaksdal, heller ikkje nettgudsteneste. Følg med i nyhende når det gjeld gudstenester og konserter for adventstida. Takkofferet i dag går til trusopplæringa i kyrkjene våre. Det kan betalast inn på VIPPS: 524776

 

Prest: Edvard Bø

Trusopplærar: Kristin Straume Augestad

Organist: Ruben Gjertsen

Musikken vart spelt inn i Dale kyrkje 13/11-2020. Liturgiske ledd vart spelt inn tidlegare i år med Edvard Bø og Ottar Dalseid.

 

 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"