Gudsteneste 2. søndag i påsketida, 19. april.

Velkommen til digital gudsteneste for kyrkjelydane i Vaksdal - og for alle andre som vil ta del.

Gudsteneste 2. søndag i påsketida, 19. april.

INFO
 I dag skulle det vore familiegudsteneste i Stamnes kyrkje kl. 11.00. Her er i staden ei gudsteneste med orgelmusikk, salmar, tekstar, preike, bøn og velsigning. I heimen kan de gjerne tenne eit ljos. Er de fleire som er samla kan de syngja saman. Melodien til salmane og andre musikalske innslag, kan de klikke på. Til lesingane kan de skifte på å lesa høgt.

 

StamnesOrgelAmh.jpg

Orgelet i Stamnes kyrkje, foto av AMH.

PRELUDIUM OG INNGANGSSALME Norsk Salmebok nr. 213 Klapp alle hender i glede

 

INNGANGSORD
Kjære kyrkjelyd.
Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus. Amen.

SAMLINGSBØN
Lat oss be:
Gud, du er midt iblant oss.
Du omgjev oss på alle sider.
Hald oss i di hand.

SYNDSVEDKJENNING
Lat oss bøya oss for Gud og be om tilgjeving:
Gud, du kjenner og elskar oss alle.
Vi har gjort deg imot.
Vi har gløymt deg og det du vil vi skal gjera.
Vi har tenkt meir på oss sjølve enn på andre.
Tilgjev oss for Jesu skuld.

KYRIE

Alle:
Kyrie eleison. Gud Fader, miskunna deg.
Kriste eleison. Herre Krist, miskunna deg.
Kyrie eleison. Heilag ande, miskunna deg.

GLORIA
Liturg: Ære vere Gud i det høgste.
Alle:
og fred på jorda blant menneske som Gud har glede i.
Vi lovar deg, vi prisar deg, vi tilbed deg, vi opphøgjer deg.
Amen.

 

AapenBibel.jpg


LESING FRÅ BIBELEN
Lat oss høyra Herrens ord.
Det står skrive hos profeten Jesaia.

10 De er mine vitne, seier Herren,
og min tenar, som eg har valt ut,
for at de skal kjenna meg og tru på meg
og skjøna at eg er Han.
Før meg har ingen gud vorte forma,
og etter meg skal ingen koma.

11 Eg, eg er Herren,
det finst ingen annan frelsar enn eg.

12 Det er eg som har fortalt
og frelst og gjort det kjent,
det finst ingen framand hos dykk.
De er mine vitne, seier Herren.
Eg er Gud,

13 heilt frå dag vart til,
eg er Han.
Ingen kan riva ut av mi hand;
det eg gjer, kan ingen gjera ugjort.

Jesaia 43, 10 - 13

Slik lyder Herrens ord.

 

SALME Nr 207 i Norsk Salmebok Livet vant

 

LESING FRÅ BIBELEN
Det står skrive i Paulus sitt 1. brev til kyrkjelyden i Korint.

12 Men når det blir forkynt at Kristus har stått opp frå dei døde, korleis kan då somme av dykk seia at det ikkje finst noka oppstode frå dei døde? 13 For er det inga oppstode frå dei døde, så har heller ikkje Kristus stått opp. 14 Men har ikkje Kristus stått opp, er bodskapen vår tom, og tom er òg trua dykkar. 15 Då står vi som falske vitne om Gud. For då har vi vitna imot Gud når vi seier at han har reist Kristus opp, noko han ikkje har gjort dersom døde ikkje står opp. 16 For står ikkje døde opp, så har heller ikkje Kristus stått opp. 17 Men har ikkje Kristus stått opp, då er trua dykkar meiningslaus, og de er enno i syndene dykkar. 18 Då er òg dei fortapte som har sovna inn i Kristus. 19 Har vi berre for dette livet sett vårt håp til Kristus, då er vi ynkelegare enn alle menneske.
20 Men no er Kristus oppstaden frå dei døde. Han er førstegrøda av dei som har sovna inn. 21 Fordi døden er komen ved eit menneske, så er òg oppstoda av dei døde komen ved eit menneske.

1. Korintarbrev 15,12-21

Slik lyder Herrens ord.

 

SALME Nr 194 i Norsk Salmebok

Jesus lever, gravi brast!
Han stod opp med guddoms velde.
Trøysti står som fjellet fast,
Kristi strid og blod skal gjelde.
Lynet blinkar, jordi bever,
gravi brast og Jesus lever!

Eg har vunne, Jesus vann!
Mørkheims makt for honom rømde;
Krist or gravi utgang fann
og for evig døden dømde.
Open har eg himlen funne,
Jesus vann, og eg har vunne!

 

LESING FRÅ BIBELEN
Det står skrive hos evangelisten Johannes.

1 Sidan openberra Jesus seg endå ein gong for læresveinane; det var ved Tiberiassjøen, og det gjekk slik til: 2 Simon Peter, Tomas, som vart kalla Tvillingen, Natanael frå Kana i Galilea, Sebedeus-sønene og to andre av læresveinane hans var saman der. 3 Simon Peter seier til dei andre: «Eg vil ut og fiska.» «Vi blir med deg, vi òg», sa dei. Så gjekk dei av stad og steig i båten, men den natta fekk dei ikkje noko.
    4 Då det tok til å lysna av dag, stod Jesus på stranda, men læresveinane visste ikkje at det var han. 5 Jesus sa til dei: «Har de ikkje noko å eta, borna mine?» «Nei», svara dei. 6 «Kast garnet på høgre sida av båten, så skal de få», sa han. Dei kasta garnet, og då greidde dei ikkje å dra det opp, så mykje fisk hadde dei fått. 7 Den læresveinen som Jesus hadde kjær, sa til Peter: «Det er Herren.» Då Simon Peter høyrde at det var Herren, batt han kappa om seg – den hadde han teke av – og hoppa i sjøen. 8 Dei andre læresveinane kom med båten og drog garnet med fisken etter seg. Dei var ikkje langt frå land, berre omkring to hundre alner.
    9 Då dei kom i land, fekk dei sjå eit bål der, og det låg fisk og brød på glørne. 10 «Kom hit med noko av den fisken de fekk», sa Jesus til dei. 11 Simon Peter gjekk då ut i båten og drog garnet på land. Det var fullt av store fiskar, eitt hundre og femtitre i alt. Men endå det var så mange, rivna ikkje garnet. 12 Jesus sa til dei: «Kom og få mat!» Ingen av læresveinane våga å spørja han: «Kven er du?» Dei visste at det var Herren. 13 Då gjekk Jesus fram, tok brødet og gav dei, og det same gjorde han med fisken.
    14 Dette var tredje gongen Jesus openberra seg for læresveinane etter at han hadde stått opp frå dei døde.

Evangeliet etter Johannes 21, 1 - 14

Slik lyder det heilage evangeliet

 

StamnesAltertavleAMH.jpg

Altertavla i Stamnes kyrkje, foto av AMH.

 

 

PREIKE

Preika kan du anten lese sjølv, lytte til på lydfila, eller gjere begge delar.

 

JESUS MØTER LÆRESVEINANE ATT

No er me i tida i kyrkjeåret som blir kallar for påsketida.
Forteljinga denne dagen skjer minst ei veke etter påskedagen,
viss me skal fylgje evangelisten Johannes si tidslinje.
Me får vere med på ei hending der Jesus syner seg for læresveinane for tredje gong etter oppstoda.

Påsketida varar til pinse, og me skal ikkje heilt forlate det som hendte i påska.
Og konsekvensane av det som hendte forlet me aldri.
For påska endra på alt. Det er kan hende å ta sterkt i, men likevel:
Verda er ikkje den same etter det som hendte i påska.
- Mi verd er ikkje endra av påska, seier du kan hende. Det kan vere. Men: Verda rundt deg er endra. Livet til mange menneske før deg og rundt deg er endra.
Så er det fritt for kvar einskild å ta imot og tru bodskapet eller ikkje.

For læresveinane er i alle fall det meste endra, ikkje minst kvardagen. Dei er ikkje lenger saman med Jesus kvar dag, dei høyrer ikkje på undervisninga hans, og er ikkje med på alt som skjer rundt han.
Det har vel på eit vis vore ein unntakstilstand den tida dei var rundt Jesus. Påska var ein opptur, slik som då Jesus reid inn i Jerusalem. Så kom ein enorm nedtur, før det kom ein opptur att - ein opptur som dei knapt kunne sjå føre seg på førehand.

Og Jesus? Han både er her og er her ikkje, i alle fall ikkje slik som før.

Nå har på et vis kvardagen kome attende, sjølv om han ikkje er som før. Så kva skal me finne på?
Jo, me byrjar å fiske att! Kven blir med?
Det er i alle fall noko me kan. Og me har rutinen på det frå før me slo oss i lag med Jesus.
Me kan i alle fall ikkje sitje med hendene i fanget og gjere ingenting. Det blir for kjedeleg. Og fisking gjev oss jo inntekter.

Fiskinga startar dårleg. Dei får ingen ting.
Men så skjer det eit noko:
Ein mann står ved stranda og ropar.
- Får de noko?
- Nei!
- Kast nota ut på høgre side av båten.
- Hæ???
- Kast nota ut på høgre side.
- For ein raring, mumlar dei kan hende til kvarandre
- Men…. Har me ikkje høyr dette før ein gong?
Dei gjer likevel slik som mannen seier.
Og då får dei fisk! Masse fisk!

Og så kjem dei på det: Dette er jo noko Jesus sa ein gong.
Kan… Kan det vere Jesus som står der inne?
Ja visst er det han!
Peter vassar i land, båten ligg berre om lag 100 meter frå stranda.

- Kom og et, seier mannen på stranda.
Han har tent bål, og det ligg brød og fisk på grillen.
Han spør jamvel om å få noko av deira fisk.
Han har laga frukost til dei, og no delar han ut.

Her forlet me sjølve hendinga litt.

Repetisjon kan vere både «godt og gale».
Men kan bli skrekkeleg leie av å høyre og sjå det same heile tida.
Men samstundes kan me lære av det.
Me treng kan hende tid og repetisjon for å få ting med oss, for at det skal sige inn og feste seg. For nokon av oss er det i alle fall slik.

I kyrkja er me ekspertar på repetisjon, for å seie det slik.
Me han jo sagt og sunge det same i gudstenesta i snart to tusen år!
Me gjer det rett nok ikkje kvar dag, og det er vel få av oss som er med på dette kvar søndag. Men me har vore samla til gudsteneste, eller høyrt og sett via radio, TV eller på nettet ganske så lenge.
Nokon har kan hende og lese gudstenesta - slik som desse digitale gudstenestene frå Vaksdal - eller på andre vis lese seg igjennom ho.

Dette er for «gale», kan nok nokon meine.
Men det er «godt» og, vil eg - og mange med meg - seie.
For det har hjelp oss til å lære både orda og meininga deira.
Me har hatt noko å samlast om, noko å delta i saman,
og med det vonleg fått styrkt fellesskapet oss imellom.

Det læresveinane var med på no var og så vidt ein repetisjon. Men det gav attkjenning. Det hjelpte dei til å oppdage Jesus.
Han som visste kor fisken sto. Han som hadde metta tusenvis av menneske med berre nokre få brød og fiskar. Han som braut brødet og delte med dei for berre nokre dagar sidan.

Det er ikkje alltid så lett å få auga på Jesus – eller skjøna kven han er. Mange i samtida hans gjorde det ikkje. Difor vart han ikkje kjend att og anerkjent som Messias av mellom andre dei skriftlærde og farisearane.

Og jamvel hans næraste vener og medarbeidarar greidde ikkje å kjenne han att. I alle fall ikkje med ein gong. Dette skuldast vel at Jesus verkeleg var ein ny og annleis skapnad etter oppstoda. Kan hende og at det var så vanskeleg å verkeleg skjøna at Jesus var blitt levande att.
Men likevel kan me undrast over at dei ikkje kjende han att. Det same gjeld for dei to Emmaus-vandrarane me les om i evangeliet etter Lukas. Men det er ein ærleg sak, det, og fint at dei som har formidla dette har vore ærlege på det.

Jesus ofra livet sitt for oss - og vann over døden for oss.
Det er den snart to tusen år gamle påske-bodskapet i kortversjon.
Eit bodskap som har blitt repetert kvart år sidan.
Og Jesus er framleis her. Han speidar etter oss.
Han kallar på oss og innbyd oss til måltid.
Han ynskjer å hjelpe oss.

Dette får me berre halde fram med å minne kvarandre om - altså repetere. Så er det mi von at stadig fleire får auga på Jesus, han som er trua sin opphavsmann og fullendar (Hebr 12,2).

Ære vere Faderen og Sonen og Den heilage ande, som var og er og vera skal éin sann Gud frå æve og til æve.

 

TRUVEDKJENNINGA
Lat oss (reisa oss og) vedkjennast vår heilage tru.
Eg trur på Gud Fader, den allmektige, som skapte himmel og jord.

Eg trur på Jesus Kristus, Guds einborne Son, vår Herre,
som vart avla ved Den heilage Ande, fødd av Maria møy,
pint under Pontius Pilatus, vart krossfest, døydde og vart gravlagd,
fór ned til dødsriket, stod opp frå dei døde tredje dagen,
fór opp til himmelen, sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader,
skal koma att derifrå og døma levande og døde.

Eg trur på Den Heilage Ande, ei heilag, allmenn kyrkje,
eit samfunn av dei heilage, forlating for syndene,
oppstoda av lekamen og evig liv. Amen.

 

SALME Nr. 203 i Norsk salmebok De trodde at Jesus var borte

 

Bøn. frå godlovesyou.jpg

BØN

Lat oss be for kyrkja og verda.

Kjære Gud.
Vi bed om von og styrke i denne merkelige og vonde tida.
Trøyst alle som er sjuke, og sjå særlig til dei som er i livsfare.
Vi bed om tålmod for alle dem som sitter i karantene
Vær nær hos alle einsame.
Hjelp oss å bruke vår fantasi godt, så vi kan halde saman
sjølv om vi ikkje kan være saman.
Vern vårt helsepersonell mot fare,
og vern alle andre som er på jobb for å halde samfunnet vårt i gang.
Gje leiarane i landet vårt og i verda elles vilje og mot til å gjere det beste for alle menneske. Vis dei den rette vegen.
Gud, vi bed i tillit til din kjærleik og di miskunn.

Herre, høyr vår bøn.

Me bed for kyrkjelydane våre.


Gjev oss mot og vilje til å tena deg.
Styrk oss gjennom Ordet og sakramenta,
så me får kraft og vilje til å stå saman mot vonde krefter.
Kall konfirmantane våre til eit liv i tru og teneste.
Signa trusopplæringa i sokna våre. Me takkar og bed for alle borna me møter og alle heimane deira,
og for alle medarbeidarane i trusopplæringa.
Signa sokneråda og fellesrådet i deira teneste.
Lei oss alle ved ditt ord og din visdom.
Det bed me deg om, Gud.

Herre, høyr vår bøn.

Me bed for verda og for menneske som har det vondt, for sjuke og einsame, for heimlause,
for flyktningar, krigsofre og terrorofre, for dei som lid urett og er undertrykte.
Hjelp oss å verna om menneskeverdet
frå livet byrjar til livet endar.
Me bed for HimalPartner; for deira arbeid og arbeidarar i ulike land. Signa deira arbeid så dei gjennom det kan vere til hjelp for menneske og føre dei til tru på Jesus Kristus.
Det bed me deg om, Gud.

Herre, høyr vår bøn.

Vara alle folk på jorda frå flaum og tørke,
og velsign oss med godt og tenleg vêr.
Gjev oss vilje til å ta vare på jorda du har gjeve oss.
Gjev fred og fridom for folk og nasjonar,
rettferd i samfunn og arbeidsliv, velsigning over arbeidet vårt
og arbeid til dei som ikkje har det,
Signa dei som bestemmer i Noreg på ulike nivå, og gje dei visdom til å styre slik at me i Norge framleis kan leve i fridom og fred og i tru på deg.
Gje oss evne og vilje til å dela det me har rettferdig.
Gud, me bed.

Herre, høyr vår bøn.

candle-2038736.jpg

Her er det høve til personleg bøn, stille eller høgt, og å tenne lys.

Herre, høyr vår bøn. Amen.

 

 

HERRENS BØN
Vår Far i himmelen.
Lat namnet ditt helgast.
Lat riket ditt koma.
Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen.
Gjev oss i dag vårt daglege brød,
og tilgjev oss vår skuld, slik vi òg tilgjev våre skuldnarar.
Og lat oss ikkje koma i freisting, men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt og makta og æra i all æve.
Amen.

 

SALME NR. 854 i Norsk Salmebok No stig vår song

 

VELSIGNINGA (de kan reise dykk og stå viss de vil)

EdvardVelsignelseKlippet.JPG

Liturg: Lat oss prisa Herren
Alle: Gud vere lova. Halleluja. Halleluja. Halleluja.

Liturg:
Herren velsigne deg og vare deg.
Herren late sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig.
Herren lyfte sitt åsyn på deg og gje deg fred. †
Alle: Amen. Amen. Amen.

 

POSTLUDIUM

Camille Saint-Saëns: Preludium i G-dur

StamnesKyrkjeFrodeApril.jpg
Stamnes kyrkje i flomlys

 

KUNNGJERING
* Takkofferet i dag skulle gå til HimalPartner. Du kan gje pengar til HimalPartner via Stamnes sokn på VIPPS nr.524776.
* Del gjerne desse gudstenestene med andre.
* No kan du/de ta deg/dykk ein velfortent kyrkjekaffi!

 

Sokneprest Frode Kvamsøe.
Organist Ruben Gjertsen.  

Dei digitale gudstenestene i Vaksdal er eit samarbeid mellom dei tilsette ved Kyrkjekontoret. Musikken vart spelt inn i Stamnes kyrkje 18/4 av Ruben Gjertsen. Liturgiske ledd vart spelt inn i Dale kyrkje av Ruben Gjertsen, Edvard Bø og Ottar Dalseid.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"