Gudsteneste 5. april Palmesøndag

Velkommen til digital gudsteneste på Palmesøndag.

Gudsteneste 5. april Palmesøndag

INFO
I dag skulle det vore familiegudsteneste i Dale kyrkje og i Eksingedalen kyrkje, begge stader kl. 11.00.
I staden vert det ei gudsteneste på dette viset. De les sjølve, del gjerne på lesingane.
Noko av liturgien er på lydspor, og på nokre av lydspora er det liturg.
Salmane er og på lydspor, slik at de kan ha musikk når de syng dei.

Her kjem ei teikning som borna kan fargelegje (dra til skrivebordet og skriv ut).

Palmesøndag. Teikning til utskrift.jpg

 

PRELUDIUM

INNGANGSSALME Norsk Salmebok nr. 149 Hosianna! Syng for Jesus

INNGANGSORD
Kjære kyrkjelyd.
Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus. Amen.

SAMLINGSBØN
Lat oss be:
Gud, du er midt iblant oss.
Du omgjev oss på alle sider.
Hald oss i di hand.

SYNDSVEDKJENNING
Lat oss bøya oss for Gud og be om tilgjeving:
Gud, du kjenner og elskar oss alle.
Vi har gjort deg imot.
Vi har gløymt deg og det du vil vi skal gjera.
Vi har tenkt meir på oss sjølve enn på andre.
Tilgjev oss for Jesu skuld.

KYRIE

Alle

Kyrie eleison. Gud Fader, miskunna deg.
Kriste eleison. Herre Krist, miskunna deg.
Kyrie eleison. Heilag ande, miskunna deg.

GLORIA

Liturg

Ære vere Gud i det høgste.
Og fred på jorda blant menneske som Gud har glede i.

SALME 240 Måne og sol

SALME Nr 923 i Norsk Salmebok

LESING FRÅ BIBELEN
Lat oss høyra Herrens ord.
Det står skrive i evangeliet etter Johannes

Dagen etter fekk den store folkemengda som var komen til høgtida, høyra at Jesus var på veg inn i Jerusalem. Då tok dei palmegreiner og gjekk ut for å møta han, og dei ropa: 
Hosianna!

Velsigna er han som kjem

i Herrens namn,

Israels konge!

Jesus fann seg eit ungt esel og sette seg på det, som det står skrive:
Ver ikkje redd, dotter Sion!

Sjå, kongen din kjem,

ridande på ein eselfole.

Dette skjøna ikkje læresveinane med det same. Men då Jesus var opphøgd i herlegdom, hugsa dei at dette var skrive om han, og at folket hadde helsa han på denne måten. Alle som hadde vore med han då han ropa Lasarus ut av grava og vekte han opp frå dei døde, vitna om det dei hadde sett. Difor var det òg at folket drog ut for å møta han, for dei hadde fått høyra at han hadde gjort dette teiknet. Men farisearane sa seg imellom: «Der ser de, det nyttar ikkje. Heile verda spring etter han.» No var det nokre grekarar mellom dei som var komne til Jerusalem for å tilbe under høgtida. Dei kom til Filip, som var frå Betsaida i Galilea, og sa: «Herre, vi ville gjerne få sjå Jesus.» Filip kom og fortalde det til Andreas, og Andreas og Filip gjekk og sa det til Jesus. Jesus svara: «Timen er komen då Guds herlegdom skal lysa om Menneskesonen. Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, blir det verande berre eitt korn. Men døyr det, gjev det stor grøde.

Slik lyder det heilage evangeliet.

Evangeliet etter Johannes 12, 12- 24

PREIKE

HER VART DET LIVLEG!

imagebalao.png


Forteljinga om då Jesus reid inn til Jerusalem denne påska er ei av dei mest livlege i Bibelen, synes eg.
Folk høyrde at Jesus skulle koma til byen, og dei hadde høyrt om alt det underlege han hadde gjort.
Det siste var jamvel at han vekka ein død mann attende til livet.
No kom dei for å få sjå og høyre mannen som gjorde dette.
Kunne han vere den nye kongen deira?
Eller Messias – han dei hadde venta på i generasjonar?

Me veit ikkje nett kor mange som var samla utanfor byen for å ta imot Jesus.
Men alle fire evangelia fortel om hendinga, og me kan vel tenkje oss at både born og vaksne var involverte.
Var det omtrent som når me feirar 17. mai, tru? Med svinging av palmegreiner, pynting av vegen og med song - det kan vel ha likna?

Johannes skriv om litt meir enn berre då Jesus kom ridande og om korleis han vart møtt.
Eg legg særleg merke til orda til dei som kom til den eine læresveinen: «Herre, vi ville gjerne få sjå Jesus.» Og eg tenkjer at det er jo dette det handlar om – i dag og alle dagar: Å få sjå Jesus!

Dei var så heldige at dei fekk gjere det, dei som levde på den tida og var der Jesus var. Men korleis kan det skje med oss – i dag?
Det er vanskeleg for meg å seie konkret korleis det skal skje i kvar einskild sitt liv.
Men det handlar om at Jesus kjem til oss der me er – slik han på eit vis gjer når me høyrer og les om han slik som nett no. For der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt iblant dei (Matt 18,20). Det handlar om å vere der han kjem. Altså vere der han er. Han er og med oss - og i oss - når me kvar for oss opnar opp for han.

Kristne fellesskap som gudstenester, møter, bibelgrupper og andre fellesskap er stader der han er.
Han er der og når me opnar Bibelen eller er i bøn når me er åleine.
Dette kunne eg sagt mykje meir om, men skal droppe det her. Hugs berre at du kan få møte Jesus i dag og - og at han gjerne vil møte deg!

Forteljinga i dag handlar og om forventing. Veldig mykje av våre opplevingar og reaksjonar i livet handlar om forventingane våre. Somme menneske møtte Jesus med ei positiv og glad forventing.
Somme møtte han med ei negativ forventing – dei såg berre på han som ei plage og eit hinder.
Andre var kan hende meir likesæle: «Kva så? Eg bryr meg ikkje om denne Jesus, og treng ikkje å ha noko med han å gjere!»
Alle desse haldningane - og kan hende ennå fleire - finn me nok blant oss i dag og. Og slik må det vel vere.
Og me kan nok oppleve å bli skuffa i møtet med Jesus, det er eg open for.
Men me kan og oppleve å bli positivt overraska, det er eg iallfall open for!
Så difor held eg fram med å seie noko eg har sagt «i alle år»:
Det beste me kan gjere i livet er å bli kjent med Jesus!

Jesus kom til mange menneske den tida han var på jorda, og møtte jamvel tusenvis av dei på ein gong. Denne dagen kom han til dei som var samla i og rundt Jerusalem. Han burde vel eigentleg halde seg borte. For nokon ville jo fange han – i det var han klår over.

Men han hadde ei oppgåve, og den ville han gjennomføre.
Den oppgåva ville gjere det slik at menneske over alt og til alle tider ville kunne få møte han.
Me er i starten av påskeveka. Hendingane seinare i veka kan me både lese om no med ein gong viss me vil, og me kan få det med oss i gudstenestene framover. Me får likevel sjå litt av dette i dag, når Jesus snakkar om Guds herlegdom som skal lyse, og om kveitekornet som skal verte stor grøde.

Fylg med vidare!

 

TRUVEDKJENNINGA
Lat oss (reisa oss og) vedkjennast vår heilage tru.
Eg trur på Gud Fader, den allmektige, som skapte himmel og jord.

Eg trur på Jesus Kristus, Guds einborne Son, vår Herre,
som vart avla ved Den heilage Ande, fødd av Maria møy,
pint under Pontius Pilatus, vart krossfest, døydde og vart gravlagd,
fór ned til dødsriket, stod opp frå dei døde tredje dagen,
fór opp til himmelen, sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader,
skal koma att derifrå og døma levande og døde.

Eg trur på Den Heilage Ande, ei heilag, allmenn kyrkje,
eit samfunn av dei heilage, forlating for syndene,
oppstoda av lekamen og evig liv. Amen.

SONG Hurra, nå kommer kongen

BØN
Lat oss be.

Kjære Gud.

Vi bed om von og styrke i denne merkelige og vonde tida. Trøyst alle som er sjuke, og sjå særlig til dei som er i livsfare. Vi bed om tålmod for alle dem som sitter i karantene.

Vær nær hos alle einsame. Hjelp oss å bruke vår fantasi godt, så vi kan halde saman
sjølv om vi ikkje kan være saman. Vern vårt helsepersonell mot fare, og vern alle andre som er på jobb for å halde samfunnet vårt i gang.

Gjev leiarane i landet vårt, og i verda elles, vilje og mot til å gjere det beste for alle menneske. Vis dei den rette vegen.

Gud, vi bed i tillit til din kjærleik og di miskunn.

Far i himmelen.

Takk for at du skapte oss,
og takk for at du skapte jorda vi bur på.
Takk for at du kjenner oss og elskar oss.
Hjelp oss til å ta vare på kvarandre og på alt det du har skapt.
Gud, vi bed.

Kjære Jesus.

Du fann vener du kunne gleda deg saman med og gråta hos.
Takk for evna vår til venskap.
Hjelp oss å vera til stades for kvarandre.
Lat alle menneske finna nokon dei kan stola på.
Du har vist oss at alle menneske er like viktige og like verdfulle.
Ver hos alle som lid på grunn uforstand eller vondskap.
Hjelp oss til å kjempa mot undertrykking og urett.
Gud, vi bed.

Gode heilage Ande.

Du viser oss vegen vi skal gå.
Gjev oss vilje og kraft til å gå han.
Gjev oss visdom og styrke, så vi kan stå saman.
Du har kalla oss til å vera di kyrkje.
Kom til oss med dine gåver,
og hjelp til å vera lys og salt i verda.
Gud, vi bed.

Her er det høve til personleg bøn, stille eller høgt, og å tenne lys.

candle-2038736.jpg

HERRENS BØN

Vår Far i himmelen.
Lat namnet ditt helgast.
Lat riket ditt koma.
Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen.
Gjev oss i dag vårt daglege brød,
og tilgjev oss vår skuld, slik vi òg tilgjev våre skuldnarar.
Og lat oss ikkje koma i freisting, men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt og makta og æra i all æve.
Amen.

SALME NR. 150 i Norsk Salmebok Se, nå kommer Jesus!

VELSIGNINGA (de kan reise dykk og stå viss de vil)

imagebzc.png

Liturg: Herren vere med dykk
Alle: Og med deg vere Herren

Liturg:
Herren velsigne deg og vare deg.
Herren late sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig.
Herren lyfte sitt åsyn på deg og gje deg fred. †
Alle: Amen. Amen. Amen.

POSTLUDIUM
Michael Schutz: Impressions

KUNNGJERING
* Det er framleis høve til å gje til Fasteaksjonen:
VIPPS 2426 / SMS (kr 200) til 2426 / Til konto 1594.22.87493
* Vil du lese alle tekstane for dagen finn du dei her: www.bibel.no/Nettbibelen/Kirkearets-tekster
* Ver velkomen attende til gudsteneste her på heimesida vår på Skjærtorsdag.
* Og del gjerne desse gudstenestene med andre!

* No kan du/de ta deg/dykk ein velfortent kyrkjekaffi!

Tekst og preik vart skrive av Frode Kvamsøe. Musikken vart spelt inn av Anton Proskurnin. Liturgiske ledd vart spelt inn i Dale kyrkje av Edvard Bø, Ottar Dalseid og Ruben Gjertsen.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"