Gudsteneste 9. april Skjærtorsdag

Velkommen til digital gudsteneste!

Gudsteneste 9. april Skjærtorsdag

INFO

I dag skulle det vore nattverdsgudsteneste i Stamnes kyrkje kl. 19.00.
I staden vert det ei gudsteneste på dette viset.
De les sjølve, del gjerne på lesingane.
Noko av liturgien er på lydspor, og på nokre av lydspora er det liturg.
Salmane er og på lydspor, slik at de kan ha musikk når de syng dei.
De får også høyre orgel-resitasjonen som skulle vore i kyrkja kl. 18.30.

Her kjem ei teikning som borna kan fargelegje (dra til skrivebordet og skriv ut).

Teikning til Skjærtorsdag.png

 

 

PRELUDIUM

INNGANGSSALME Norsk Salmebok nr. 618 Vi er et folk på vandring

INNGANGSORD
Kjære kyrkjelyd.
Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus. Amen.

SAMLINGSBØN
Lat oss be:
Gud, du er midt iblant oss.
Du omgjev oss på alle sider.
Hald oss i di hand.

SYNDSVEDKJENNING
Lat oss bøya oss for Gud og be om tilgjeving:
Gud, du kjenner og elskar oss alle.
Vi har gjort deg imot.
Vi har gløymt deg og det du vil vi skal gjera.
Vi har tenkt meir på oss sjølve enn på andre.
Tilgjev oss for Jesu skuld.

KYRIE


Alle

Kyrie eleison. Gud Fader, miskunna deg.
Kriste eleison. Herre Krist, miskunna deg.
Kyrie eleison. Heilag ande, miskunna deg.

AapenBibel.jpg


LESING FRÅ BIBELEN
Lat oss høyra Herrens ord.
Det står skrive i 2. Mosebok.

Herren sa til Moses og Aron i Egypt:
Sei til heile Israels forsamling: Den tiande dagen i denne månaden skal kvar husfar ta eit lam, eitt til kvar huslyd. Men dersom huslyden er for liten til å eta opp eit lam, skal husfaren og den næraste naboen ta eitt i lag, alt etter kor mange dei er. De skal ikkje rekna fleire på kvart lam enn at alle blir mette. Lammet må vera eit årsgammalt vêrlam utan feil. De kan ta anten eit lam eller eit kje. De skal ta vare på det til den fjortande dagen i denne månaden. Då skal heile Israels forsamling slakta det i skumringa. Så skal dei ta noko av blodet og stryka det på dei to dørstolpane og på bjelken over døra i dei husa der dei et det. Og kjøtet skal dei eta same natta. Det skal vera steikt over elden, og dei skal eta det med usyra brød og bitre urter.
 Slik skal de eta det: Med kjortelen bunden om livet, skor på føtene og stav i handa. Et det i all hast! Det er påske for Herren. Denne natta skal eg gå gjennom Egypt og slå i hel alle førstefødde i landet, både menneske og dyr, og eg skal halda dom over alle gudane i Egypt. Eg er Herren. Men blodet skal vera det merket som syner kva for hus de er i. Når eg ser blodet, vil eg gå forbi. Inga øydeleggjande plage skal råka dykk når eg slår Egypt. Sidan skal denne dagen vera ein minnedag for dykk. De skal feira han som ei høgtid for Herren, de skal feira i slekt etter slekt. Det skal vera ei evig ordning.

2. Mos 12, 1 + 3-8 + 11-14

Det stå skrive i Paulus’ fyrste brev til kyrkjelyden i Korint.

De har sanneleg ikkje stort å skryta av! Veit de ikkje at litt surdeig gjennomsyrar heile deigen? Reins ut den gamle surdeigen så de kan vera ein ny deig: usyra, slik de verkeleg er. For vårt påskelam er slakta, Kristus. Så lat oss halda høgtid, ikkje med gammal surdeig, ikkje med ein surdeig av vondskap og synd, men med usyra brød av sanning og reinleik.

1. Kor 5, 6b-8

Slik lyder Herrens ord.

 

SALME Nr 576 i Norsk Salmebok Som spede barnet drikk si mjølk

LESING FRÅ BIBELEN
Det står skrive i evangeliet etter Matteus.

Den første dagen i høgtida med usyra brød kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kvar vil du vi skal stella til påskemåltidet for deg?» Jesus svara: «Gå inn i byen, til den mannen de veit, og sei til han: ‘Meisteren seier: Tida mi er nær; hos deg vil eg halda påskemåltid med læresveinane mine.’» Læresveinane gjorde som Jesus hadde sagt, og gjorde i stand påskemåltidet.
    Då det vart kveld, gjekk han til bords med dei tolv. Medan dei åt, sa han: «Sanneleg, eg seier dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg.» Då vart dei svært sorgfulle, og ein etter ein spurde dei han: «Det er vel ikkje eg, Herre?» Jesus svara: «Den som har dyppa handa i fatet saman med meg, han kjem til å svika meg. For Menneskesonen går bort, slik det står skrive om han. Men ve det mennesket som svik Menneskesonen! Det hadde vore betre for det mennesket om det aldri var fødd.» Då spurde Judas, han som sveik han: «Det er vel ikkje eg, rabbi?» «Du har sagt det», svara Jesus. Medan dei heldt måltid, tok Jesus eit brød, takka og braut det, gav det til læresveinane og sa: «Ta imot og et! Dette er min kropp.» Og han tok eit beger, takka, gav dei og sa: «Drikk alle av det! Dette er mitt blod, paktblodet, som blir utrent for mange så syndene blir tilgjevne. Eg seier dykk: Heretter skal eg ikkje drikka av denne frukta av vintreet før den dagen eg drikk henne ny saman med dykk i riket til Far min.» Då dei hadde sunge lovsongen, gjekk dei ut til Oljeberget

Evangeliet etter Matteus 26, 17- 30


Slik lyder det heilage evangeliet.

DalekyrkjealtarpartietAMH2008.jpg
PREIKE

Svik, nattverd og sjølvbilete

Det skjer noko denne påska som endrar framtida vår, både lokalt og globalt. Eg tenkjer på pandemien som me er midt oppi, og kva han kjem til å endre på og gjere med oss.
Det skal gå over, blir me lova. Og det gjer det sikkert for dei fleste. Men for mange er dette ei ekstra vanskeleg tid, og endringar både på kort og lang sikt kan både vere vanskelege og gjere vondt. Så når fleirtalet er attende til «normalen» kan andre sine liv diverre vere skada for alltid.
Dei fleste av oss kan vel gjere lite med det som skjer. Men me kan ta vare på oss sjølve og kvarandre. Og dei av oss som bed kan i bøna leggje våre liv og all vår uro i Guds hender.

Det skjer og noko den påska me les om i dag som endra framtida vår! Den ytre ramma er høgtida i Jerusalem. Nett denne dagen skal dei byrje «høgtida med usyra brød». Jesus og læresveinane skal vere saman den kvelden, og har funne seg eit rom til dette.

Slik som med mange av forteljingane elles i evangelia får me det beste bilete ved å lese det alle skriv om hendinga. Dei tre fyrste evangelia er stort sett like når dei fortel om denne kvelden. Johannes skriv ikkje noko særleg om sjølve måltidet. Han skriv i staden om då Jesus vaska læresveinane sin føter.

Svik, nattverd og sjølvbilete er blant stikkorda denne kvelden.

Sviket er det Judas som står bak. Det er ikkje sikkert at han sjølv ser på det som eit svik. Han ser kan hende på det som ei løysing i en vanskeleg og usikker tid. Korkje han eller læresveinane verkar å sjå det store bilete her. Men Jesus veit tydelegvis kva som er på gang, og kva som skal og må skje. Han sjølv er klar på at det er eit svik, det Judas gjer. Likevel snur han ikkje ryggen til Judas. Det er noko me kan undre oss over. At Jesus er så raus og inkluderande mot Judas kan både vere til ettertanke og lærdom for oss andre.

Måltidet denne kvelden er avgjerande. Mange har laga malerier og meir til med det motivet. Altartavla i Dale kyrkje er kan hende det bilete me i Vaksdal ser oftast frå denne kvelden.
Jesus et her sitt siste måltid, og samstundes er det fyrste gongen det vert feira nattverd. Jesus «innstiftar nattverden», som me seier med litt meir liturgiske og høgtidelege ord.

Skjærtorsdag feirar me alltid nattverd i gudstenesta. Nett i dag - og denne påska - kan me ikkje samlast for å gjere det. Det er eit sakn. Eg vonar verkeleg det ikkje blir lenge til me kan samlast til nattverd!
Det har forresten vore diskutert om ein skulle gjere det likevel, men annleis. Til dømes at ein prest las innstiftings-orda på nett, og folk kunne bryte og ete brødet der dei var – samt drikke vinen. Slik vert det ikkje, i alle høve ikkje denne påska. Og viss det skjer har eg tenkt - med eit smil - at me kan kalle det for «nettverd».

 

 
madox_brown_jesus_washing_peter_feet_273.jpg
Madox Brown: Jesus vasker Peters føtter

Sjølvbilete til læresveinane vert utfordra i dag.
For Jesus vil vaske føtene deira. Det såg dei ikkje koma!
Dette gjer noko med korleis dei ser på seg sjølve og på kvarandre, og om rollefordelinga dei imellom. Når Jesus vaskar føtene deira gjer han tenaren si oppgåve.
Han - som er sjefen - gjer seg til tenar?
Det er kan hende ikkje rart at Peter protesterer kraftig.
Heldigvis let Peter han vaske føtene sine til slutt.
Det er vaskinga som har gjeve namnet til denne dagen. «Skjær» eller «skir» tyder mellom anna å gjer rein, eller å reinsa.

Me freistar forresten å få konfirmantane med på fotvasking når me har våre såkalla Jesusvandringar saman med dei. Men det er heller få av dei som har våga det. I staden har dei fleste fått vaska ei hand.

Me feirar altså ikkje nattverd i dag. Men me har likevel med oss det perspektivet då teksten for dagen mellom anna handlar om nattverden.

Like viktig er det at me får auga opp for Jesus som vår tenar!
Han kom verkeleg ikkje for å herse med oss. Eller for å herske som ein despot over oss. Sjølv ikkje om han verkeleg er konge. Og verkeleg er Herre over himmel og jord.
Jesus kom for å tene oss med sitt liv – med sin kropp og sitt blod - for at me ved det skal kunne få tilgjeving - og fred med Gud. Og for at me skal få eige frelsa og det evige livet som er gjeve oss i gåve av den store Tenaren.

Det er ennå meir som skjer desse dagane, så heng med vidare!

TRUVEDKJENNINGA
Lat oss (reisa oss og) vedkjennast vår heilage tru.


Eg trur på Gud Fader, den allmektige, som skapte himmel og jord.

Eg trur på Jesus Kristus, Guds einborne Son, vår Herre,
som vart avla ved Den heilage Ande, fødd av Maria møy,
pint under Pontius Pilatus, vart krossfest, døydde og vart gravlagd,
fór ned til dødsriket, stod opp frå dei døde tredje dagen,
fór opp til himmelen, sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader,
skal koma att derifrå og døma levande og døde.

Eg trur på Den Heilage Ande, ei heilag, allmenn kyrkje,
eit samfunn av dei heilage, forlating for syndene,
oppstoda av lekamen og evig liv. Amen.

 

SALME Nr. 162 i Norsk Salmebok Såkorn som dør i jorden

(Han som skreiv denne salma, Svein Ellingsen,
døydde tidlegare denne veka, 90 år gamal)

BØN  Litaniet, Norsk Salmebok nr. 980.2

A (Alle)

Kyrie eleison, Gud Fader, miskunna oss.
Kriste eleison, Herre Krist, miskunna oss.
Kyrie eleison, Heilag Ande, miskunna oss.

F (liturg/forsongar)

Gud, vår Far i himmelen,

A miskunna deg over oss.
F Herre Jesus, verdsens Frelsar,
A miskunna deg over oss.
F Heilag Ande, vår trøystar,
A miskunna deg over oss.

F Frå alle synder, frå all villfaring, frå alt det som vondt er,
A fri oss, kjære Herre Gud.

F Frå ein vond og brå død, frå krig og undertrykking,
frå ulykker og øydelegging,
A fri oss, kjære Herre Gud.
F Frå den evige død,
A fri oss, kjære Herre Gud.

F For Kristi heilage fødsels skuld, for hans kross og hans død,
for hans sigerrike oppstode og himmelferd, i vår lukkelege tid,
i vår sorg og vår naud, i vår siste time og på domedag,
A hjelp oss, kjære Herre Gud.

F Styr og lei di heilage kristne kyrkje, og lat henne sameinast i di
sanning. Gjev kyrkja tenarar som held fast på ditt ord.
Verna oss mot vrang lære og død tru.
A Høyr oss, kjære Herre Gud.
F Styrk kyrkjelyden vår med din Ande og di kraft.
Kalla dei villfarne heim att og lat ditt ord ha framgang på jorda.
A Høyr oss, kjære Herre Gud.

F Gjev fred og samhald i alle land. Verna vårt folk og vår konge.
Vara vår jord og velsigna vårt arbeid.
A Høyr oss, kjære Herre Gud.
F Hjelp alle som er i naud og fare. Gjer vel mot dei
som gjer vondt mot oss. Miskunna deg over alle menneske.
A Høyr oss, kjære Herre Gud.
F Jesus Kristus, Guds Son.
A Herre, tak imot vår bøn.

F Å du Guds Lam, som ber all verdsens synder,
A miskunna deg over oss.
F Å du Guds Lam, som ber all verdsens synder,
A miskunna deg over oss.
F Å du Guds Lam, som ber all verdsens synder,
A gjev oss din fred.

A Å Herre, høyr vår bøn, og lat vårt rop nå fram til deg. 

Amen.

FASTEKOLLEKTEN
A Vi takkar deg, Gud, vår Far,
du som har gjeve oss din einborne Son, Jesus Kristus,
for at kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

Vi takkar deg, Jesus Kristus,
du som har bore syndene våre på din heilage lekam
og sletta ut vår skuld med ditt blod.

Vi takkar deg, heilage Ande,
du som gjev oss denne trua i hjarta våre
at Jesus Kristus er vår einaste redning og frelse.

Gud, gjev oss din nåde, så vi fullt og fast trur
at alle syndene våre er tilgjevne for Jesu Kristi liding og døds skuld.

Styrk oss ved din heilage Ande, så vi dagleg står imot
synd og freisting og alltid held oss nær til Jesus,
inntil vi ser han andlet til andlet.
Vi bed i Jesu Kristi namn. Amen.

Her er det høve til personleg bøn, stille eller høgt, og å tenne lys.

candle-2038736.jpg

HERRENS BØN
Vår Far i himmelen.
Lat namnet ditt helgast.
Lat riket ditt koma.
Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen.
Gjev oss i dag vårt daglege brød,
og tilgjev oss vår skuld, slik vi òg tilgjev våre skuldnarar.
Og lat oss ikkje koma i freisting, men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt og makta og æra i all æve.
Amen.

SALME NR. 117 i Norsk Salmebok Se, vi går opp til Jerusalem

 

VELSIGNINGA (de kan reise dykk og stå viss de vil)

imagebzc.png


Liturg Herren vere med dykk
Alle Og med deg vere Herren

Liturg
Herren velsigne deg og vare deg.
Herren late sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig.
Herren lyfte sitt åsyn på deg og gje deg fred. †
Alle  Amen. Amen. Amen.

POSTLUDIUM

Johann Ludwig Krebs: Preludium i e-moll (tidligere kreditert til J.S.Bach)

Meir orgelmusikk finn de på orgelresitasjonen for skjærtorsdag, ved Anton Proskurnin.


KUNNGJERING

  • Det er framleis høve til å gje til Fasteaksjonen:
    VIPPS 2426 / SMS (kr 200) til 2426 / Til konto 1594.22.87493
    Vil du lese alle tekstane for dagen finn du dei her: www.bibel.no/Nettbibelen/Kirkearets-tekster
  • Ver velkomen attende til gudsteneste her på heimesida vår på i morgon, Langfredag.
  • Og del gjerne desse gudstenestene med andre!
  • No kan du/de ta deg/dykk ein velfortent kyrkjekaffi!

Tekst og preik vart skrive av Frode Kvamsøe. Musikken vart spelt inn av Anton Proskurnin. Liturgiske ledd vart spelt inn i Dale kyrkje av Edvard Bø, Ottar Dalseid og Ruben Gjertsen.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"