Stilling som sokneprest i Nord-Gudbrandsdal prosti, med hovudansvar for sokna Lom, Garmo og Bøverdal er ledig. Lom fellesrådsområde ligg i Ottadalen og har samanfallande grenser med Lom kommune.
I fjellbygda Lom lever du tett på natur og kultur, med bussamband til Oslo og Trondheim, Måløy og Bergen. Fossbergom er eit trafikknutepunkt som også har bussrute til Sogndal om sommaren.
Det er høg dåps- og konfirmasjonsprosent i Lom, og kyrkjene her er ein opplevelse i seg sjølv. Lomskyrkja er ei stavkyrkje frå 1100-talet som ligg i Fossbergom. Om sommaren er Lomskyrkja eit mykje besøkt turistmål med rundt 40 000 turistar i ein sesong på omlag 5 månader. Garmo kyrkje, som er ei langskipkyrkje frå 1879, ligg like ved rv. 15 om lag 15 km aust for Lom sentrum. Bøverdal kyrkje er ei 8-kanta trekyrkje frå 1864.
Om stillinga kan du lese meir her
Freistar det med ei vitjing, så er du velkomen til å gjere det på vår rekning!