Biskopens tale ved nyttårsmottagelsen

Biskop Kari Veiteberg inviterte tirsdag denne uken til nyttårsmottagelse i bispegården. 250 ansatte fra hele bispedømmet kom for mat, musikk og samvær.

Illustrasjonsfoto: Adam D, CC, flickr

Det var fullt hus og litt til i bispegården tirsdag 8. januar. Stabene i menighetene i bispedømmet stilte kvinne- og mannsterke opp. De fikk med seg fantastisk sang av Kristin Asbjørnsen i godt samspill med Tord Gustavsen på piano.

Tale

Biskop Kari Veiteberg hilste de fremmøtte med denne talen:


Kjære godtfolk! Godt nytt år.


Eg har lagt bak meg mitt første år som biskop og er veldig glad for å sjå så mange av dei som
arbeider her i dette mangfaldige bispedømmet her på nyttårsmottaking.

Vi i kyrkja er kjempegode på fortid. Gode på å minnest det som var, kanskje barndommens
jul, og på å halde det historiske minnet oppe: Gamle tekstar, gamle sanger og gamle
kyrkjerom. Den nye byantikvaren i Oslo sa i eit intervju at i Norge har vi ikkje borgar og slott.
Vi har kyrkjer, og dei må vi ta vare på. Det var godt sagt. For det må vi. Det er viktig å ta vare
på kyrkjeromma og folka som er nesten avhengige av dei, i Groruddalen og elles i
bispedømmet.

Mange av oss gode på fortid. Det er ikkje noko gale med det. Det er ikkje noko gale med
historie og historier om det som var. Vi greier oss ikkje utan, skal vi forstå kven vi er. Men det
vi treng no, kanskje meir enn nokon gang før, er bilde og historier om korleis det kan gå og
korleis vi kan vere.


No er det godt nytt år! I jula stod vi med eit ny-født barn i hendene.
Når eg tenker på kva det eigentleg er å vere kyrkje og å vere kyrkjeleg medarbeidar, ser eg
ofte for meg ei jordmor. Livet og jorda sjølv er avhengig av slike gode jordmødre. Det dreier
seg om å forløyse liv og å forløyse framtid!

Vi fekk møte ei jordmor for ein månad sidan, nemleg Denis Mukwege som saman med Nadia
Murad mottok Nobels fredspris for 2018.
Denis Mukwege frå Kongo sa i takketalen sin noko eg festa meg spesielt ved: Han sa: «Å
gjøre noe er et valg. Det er et valg:
- Om å stanse eller ikke stanse vold mot kvinner.
- Om å skape eller ikke skape en positiv maskulinitet som fremmer likestilling, i
fredstid som i krig.»

Mukwege er som kristen forkynnar ikkje ukjent med dei tre j-ane som vi høyrer om i jula:
Josef, Johannes og Jesus. Felles for dei alle var at dei ikkje valde karrierens veg, men våga
livet for andre. Men Mukwege er sjølv også jordmor, akkurat som jordmor-Matja vi høyrer
om i Prøysens julesang.
Eg ser for meg Mukwege, utdanna jordmor og gynekolog som fødselshjelpar til framtidas
generasjonar når det verkeleg røyner på. Det gir mot og livstru. Eg ser for meg oss, som
modige menn og kvinner som jordmødre som tek ansvar. Som også ser at det vi skal gjere, er
å forløyse framtid og å vise fram og vere med på å namngje nåden.
Kjære godtfolk! Godt nytt år! Vi i kyrkja er kjempegode på fortid.
Og det er ikkje noko gale med historie og historier om det som var. Vi greier oss ikkje utan,
skal vi forstå kven vi er.

Eg har lagt bak meg mitt første år som biskop. Og eg har lært meir om kven vi er. Og kva skal
vere. Ei som verkeleg har vore til hjelp i dette arbeidet, er eit menneske som mange av oss har
feira gudsteneste med dette året. Men få av oss veit korleis ho ser ut. Eg veit ikkje.
Men det veit eg: Ho er ei gåve til oss. For ho har rett og slett tatt seg bryet med å ikkje berre
lese om oss i avisene.

Sånn starta det: Ideen til Kirke-Kjersti fekk ideen til bloggen «Kirken og Meg. Ett år, en blogg
og 52 gudstjenester» (http://kirkenogmoi.blogg.no/) fordi ho bur saman med ein muslimsk gut
på 11 år som spør om alt mulig rart. Som for eksempel: ”Om du er kristen, hvorfor er du ikke
da i kirka?» Ho visste ikkje kva ho skulle svare: ”Hvorfor var jeg aldri i kirka? Det eneste
svaret jeg hadde var, at jeg følte at jeg ikke hørte til der. Deretter måtte jeg erkjenne at jeg
egentlig i bunn og grunn visste svært lite om denne kirka. Annet enn at jeg altså var medlem
der.”

Slik oppstod prosjektet. Kvar søndag og nokre kvardagar, gjennom eit heilt år. 52 kyrkjer har
ho vore i, her i byen. Vi har blitt sett. Av eit nysgjerrig blikk. Av ei som ønskjer å bli tatt godt i
mot. Av ei desse mange som vi er til for. Og som også har ei historie som ho deler med
mange. På eit punkt i livet slutta ho å gå i kyrkja. Ho følte at ho ikkje høyrte til der.
Den siste kyrkja ho var inne i året som gikk, var kyrkja rett her nede: Grønland kirke som i
2019 fyller 150 år. Ho skriv i bloggen som ei oppsummering av alle desse kyrkjebesøka:
«Det har vært en fantastisk reise. Takk for at dere tok meg så godt imot dette året.»
Det går til oss. Eg veit ikkje om Kjersti held fram med å gå. Det er ikkje derfor eg trekkjer
fram nokre av erfaringane og opplevingane hennar dette året.

Eg forstår det slik ut i frå bloggen at vi overraska ho positivt. Og det trur eg og veit eg vi kan
gjere i dette året som ligg føre oss også. Og ikkje berre Kjersti. Fleire har spurt meg om det er
greitt at dei berre går i kyrkja på julaftan? Då seier eg: «Sjølvsagt. Du er hjarteleg velkomen i
år også. Vi skal synge songar om den nyfødte og øve oss på framtida i år som i alle år. Men
dersom du også vil høyre meir om kva som skjedde då det vesle barnet vart mann, kan du
også ta ein tur i kyrkja resten av året. Då er det også sannsynlegvis betre plass der også.»
Kirke-Kjersti tok seg bryet. I ei av kyrkjene var det god plass. Kjersti undrar seg: «Hvordan er
det å stå i et så overdådig vakkert rom og skulle fylle det når det kun er 9 mennesker tilstede?
Jeg synes kapellanen løste det på den eneste måten man kunne løse det på. Ved å gjøre
gudstjenesten enkel og nær.» Takk du kapellan! Det er oss som er der som er der. No er det oss
– ni!

I februar – altså etter fem - seks kyrkjebesøk, kunne Kjersti melde at det begynte å utmerke
seg nokre foreløpige trendar:
1. Kvinnene har ikke bare inntatt kirken, de ser ut til å være i ferd med å overta den helt.
2. Der ideen om kirkekaffe er skummel og skremmende, så er realiteten faktisk veldig
hyggelig.
3. Kirkebygg er vakre.
4. Jeg har en veldig uventet svakhet for trompeter.
5. Det er flere enn jeg trodde langs kirkebenkene og de fleste er faktisk helt vanlige folk.
6. Jeg begynner å få dreisen på sitte / stå-leken.
7. Kirken har et spennende og variert program som flere av oss 3 758 070 nok ville ha satt
pris på om de også plutselig bare begynte å møte opp.
8. Salmeboka er IKKE min venn.
9. Man trenger ikke å stå opp tidlig hver søndag for å rekke ukens gudstjeneste. Kirken har et
program også for morgentrette.
10. Kirkebenker er sjeldent ergonomisk korrekte.

Det dreier seg om kyrkja vår og om arbeidet vi står i: Vi er mange kvinner. Og fleire kan vi
bli! Men la oss hugse: Også jordmødre kan vere menn! Eg ønskjer mangfaldige stabar der
kvar og ein av oss kan få vere som vi er. Det ikkje alltid sånn at den unge kvinna er best på
ungdomsarbeid? Vi er så ulikt utstyrt også vi kvinner, som det no er mange av. Kven er det
som i framtida vil jobbe i kyrkja vår? Vi er jordmødre av alle kjønn: Lat oss tenkje framtid og
prøve å utfordre den komande slekta saman! Vil du jobbe med oss, dele av di tid? Det kan
begynne med rekruttering til kyrkjekaffi. Som Kjersti peikar på: Der ideen om kirkekaffe er
skummel og skremmande, så er realiteten faktisk veldig hyggelig. Fellesskap. Fortsett med
det!

Bloggen til Kirke-Kjersti minner oss om at teologi og kyrkje er meir enn tale og tekst. Det er
også: Atmosfæren. Bygga. Lyd. Musikken. At det finst rom i byen vår der det er eit sete ledig,
der du kan komme inn, utan å betale.

La meg komme med fleire glimt. For dette er oss. For i dette mangfaldige livet i kyrkjelydene
skjer kyrkja. Her skjer teologi, formidling av både gudsbilde og menneskesyn: I ei av
kyrkjene kjenner Kirke-Kjersti seg utafor. For alle så finkledde og ho sit der i ei slitt
strikkajakke: Og så ser presten ned på den finstaspynta forsamling frå preikestolen og seier:
«Vi vet ikke hvorfor noen blir syke og andre forblir friske. Vi vet ikke hvorfor noen får hjelp
og andre ikke. Og det er ikke vår jobb å spekulere i årsaker til sykdom. Bruk heller krefter på
å skape et humant samfunn med plass til alle. Sykdom er ikke en moralsk brist.»

Det er så stille i kirken at jeg kan høre skipsrederlommene og aksjespekulant porteføljebuksene låse
seg i skrekk. Hva er det hun står der og sier, sognepresten? Og det idag, når de har tatt
finstasen på og møtt opp.»

Takk prest! Og takk alle de som les og tolkar og forkynner – og orkar å utfordre – stryke oss
og kyrkjelydene mothårs. Ei av preikene dykkar dette året, vaks fram på denne måten: «så
glir prekenen over på 1900 håndbretta papirbåter. En for hvert av de menneskene som har
druknet på flukt over middelhavet i år. Jessica Ullevålssæter har hatt med seg en kunstskole,
elever fra Bjølsen skole og mennesker hun traff på Festival for alle på brettingen av
papirbåter. Og de har ikke bare brettet dem. De har lært om migrasjon også.
Kirke-Kjersti er med på den inter-religiøse klimavandringa. «Biskopen min er her også»,
skriv ho. Og det var eg. Slagordet var: « Klima er ei utfordring vi er saman om. Det er noko
vi må løyse saman, som en menneskehet».

ICC moskeen, eller Islamic cultural center i Tøyenbekken var et av måla. Her tar vi av oss
skoa og får kome inn i den store bønnesalen. Vi sitter på det teppebelagte golvet mens imam
Hamid Farooq fortel oss om moskeens miljøengasjement og kvifor det er viktig for dei og for
alle muslimar å jobbe for å ivareta planeten vår. Eg heldt appell den dagen: Vi er den første
generasjonen som merkar effektane av klimaendringane. Og vi er den siste generasjonen som
kan gjere noko med det. Ei kyrkje som berre sit og dinglar med beina og ventar på at Jesus
skal komme når alt er gjort, ein gong der framme, et er ikkje i ei kyrkje som oppfyller sitt
oppdrag og kall i denne verda. Ei truverdig kyrkje er ei kyrkje som OGSÅ trur på eit liv før
døden. Vi har fått ein håpefull tidsfrist til handling.

No søndag vart Berit Øksnes takka av som prost i Asker. I februar startar Tor Øystein Vaaland
som ny prost. Før jul takka vi av Trond Bakkevig i Vestre Aker. Søndag kveld vart Elisabet
Yrwing Guthus innsett som ny prost. Elisabet nemnde i preika si at i dette nye året er Oslo
europeisk miljøhovudstad og ho utfordra: La oss bruke mindre plast! Ta med stoffhandlenett!
Reis kollektivt!

Skal vil lage konkrete mål i dette nye året? Ja! Det skal vi nemleg.
I ei av kyrkjene plukkar Kjersti opp programmet: «Det er som å lese en sånn liten
delikatesse- meny. Hvor man kan velge mellom alt fra regelmessige orgelkonserter på
Hollenbach orgelet som tydelig er deres stolthet, til fristende meditasjonskvelder og
spennende diskusjonstemaer på deres samtalekvelder. Denne kirka vil jeg tilbake til» skriv
Kirke-Kjersti. Og eg og de veit at vi driv på: Ved innviing av det nye orgelet i Vardåsen kirke
i februar sa ordføraren at ho ville at Asker skulle bli ein orgelkommunen. Og vi fekk høyre at
alle barna i barnehagane vart inviterte til å spele og klatre. I Sofienberg er det orgelskule i. Eg
vill rette ein varm takk til alle lydmalarar. Det er teologi og framtid i slikt. Eg la merke til
skildringa av korsongen i Hauketo og Prinsdal menighet: ”Når jeg synger så piper det. På alle
de feil stedene.» Skriv Kjersti. «Men jeg lar ikke det stoppe meg. Ikke denne dagen. På
stolene bak meg sitter det et kor. De går ikke frem og avslører at de er et kor før
Gudstjenesten går mot slutten, men under dekke av deres klare stemmer, så tør jeg.»

Litt seinare: «Jeg besøker Uranienborg en tirsdag kveld. De har lovt meg aftensang med
påfølgende diskusjon om etikk og kristen tro.» Fleire av dykk har det vi kan kalle
søndagsskule for vaksne. Mange av dykk brukar fag-teologar frå MF og TF. Dei melder frå
om at dei gjerne vil bli brukt meir: til å snakke om utfordrande etiske tema, om
menneskeverd, samtale om bibeltolking og Jesus-bilder og mykje anna. Bruk dei!

Eg kunne halde fram. Ikkje alle besøka til Kirke-Kjersti var rosenraude og gledelege og
oppbyggelege for nett henne. Midtveis spør ho: ”Vil jeg fremdeles være velkommen også når
alt ikke er rosenrødt og vil jeg fremdeles ønske å være det? Jeg har 26 kirker igjen. ”
Ho prøver Rødtvedt: ”3 åringer spesielt inviterte stod det visst i invitasjonen, men den
setninga hadde ikke jeg fått med meg, så jeg møtte opp lell jeg. Selv om jeg ikke lenger er 3
år. Og jeg var helt klart utenfor målgruppa. Dette var en gudstjeneste hvor barna stod i
sentrum, men egentlig var det litt fint lell.»

Kirke-Kjersti reiser vidare oppover dalen: «Leder for menighetsrådet holdt innledningen til
diskusjonen de skulle ha under kirkekaffen denne dagen. Han uttrykte helt klart menighetens
behov og ønsker i denne sammenhengen, de ønsker å beholde kirka si og fellesskapet sitt,
men han løftet det samtidig et hakk opp og uttrykte et ønske om at dette også måtte bli en god
prosess og et godt resultat for kirken som helhet, for det større fellesskapet. "Be for alle som
skal jobbe med denne prosessen", sa han. "Både oss her lokalt og de i den videre sirkelen. Be
for et godt resultat for kirken som helhet.»

Dette året har vi i Oslo arbeida med kirkebruksplanen som har skaka og utfordra oss: Eg fekk
eit godt input frå Sverige: ”Menigheter med lågt medlemstal” var det eit netteverk som kalla
seg. Dei lengta tilbake til storheitstida. På 50-talet eller 60-talet eller når det no var. Vi er så få
no, tenkte dei. Men etter kvart endra sjølvforståinga deira seg. I dag vil mange av dei seie:
«Det er her det skjer. Det er hos oss framtida er!» Frå ”menigheter med lågt medlemstal” via
«menigheter som har høgt potensial» til «Framtiden bor hos oss»! Sjølvforståinga deira har
endra seg.

Av mange grunnar er det her vi i Oslo bispedømme må stå saman no. Framtida bur hos oss!
Ja, vi er gode på fortid. Men kva skjedde nettopp? Om ikkje Gud gjesta oss igjen?
Vi høyrde om eit lite barn. Eit barn utlevert til oss, full av framtid.
Vi er ei kyrkje for framtida. Derfor framsnakkar vi oss sjølv, vi baksnakkar ikkje.

Men vi treng forteljingar som kan gi håp, slik at vi ikkje går rundt og er forberedt på det
verste, men tvert om kan vere forberedt på at det beste kan skje. Vi treng historier om barn
som overlever i det mørke og kalde. Og om vise kvinner og menn, som er gavmilde og
gjestfrie og også modige. Vi treng nokon å lære livskunst og livsvisdom av.

Korleis kan vi bidra til å gjere alvor av det dei himmelske hærskarane sang om, og som vi
stadig syng etter dei: Ære være Gud og fred på jorda? Det skal vi få til! Saman. Framtida bur
hos oss! Jordmødre av alle kjønn: Godt nytt år!

 

Talen i nedlastbar  pdf: https://kirken.no/contentassets/994dea9b95364c68b4d3580ee413e4b4/tale-ved-nyarsmottaking-2019.pdf

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"