Biskopens juleandakt 2015

Gjenklang i hjarta

Biskopens juleandakt 2015

Filosofen Friedrich Nietzsche var kjent for talane sine. Det vert fortalt at då han ein gong talte til ei stor folkemengd, fekk han mykje god respons frå publikum og av arrangørane. Men Nietzsche sjølv såg likevel misnøgd ut. Difor spurte dei han: «Kvifor er du så misnøgd? Høyrer du ikkje korleis dei klappar for deg? Då svarte han: «Eg lytta etter gjenklangen i hjarta, men eg høyrer berre applaus.»

Gjenklangen i hjarta, det er det Jesus også er ute etter. Det er noko heilt anna enn applaus. Gud har aldri vore ute etter applaus, godkjennande nikk eller lovord. Då hadde ikkje juleevangeliet sett slik ut. Då hadde Jesus valt ein annen måte å kome til jorda på. For kva er verdt å applaudere i juleevangeliet? Eit lite barn født i ein stall? Ingen livvaktar, ingen diamantar. Det var riktig nok eit fantastisk englekor som song, men det var det berre nokre gjetarar som fekk oppleve.

Når Jesus vert født, er dei aller fleste opptekne med andre ting. Det var ikkje plass til Josef og Maria nokon stad. Det var viktigare og meir spanande ting å gjere den natta. Dei møtte stengte dører. Gud har aldri vore ute etter applaus. Gud er ute etter noko mykje viktigare. Han er ute etter gjenklangen i hjarta. 

Kva er skilnaden på applaus og gjenklang i hjarta? Når vi gjev applaus, står vi på utsida og vurderer. Var dette bra eller ikkje bra? Vi er tilskodarar. Men det vesle barnet i krubba var ikkje ute etter tilskodarar.

Johannes var ein av læresveinane til Jesus. Når han hadde skrive Johannesevangeliet, skriv han slik om Jesus: «Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han.» Men endå viktigare var det at: «Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å bli Guds born, dei som trur på namnet hans.» Å ta imot Jesus er det same som å tru på han. Jesus kom for å skape tru. Tru er gjenklangen i hjarta.

Hjartet er sjølve senteret i oss menneske. Det står i Salomos ordtak: «Ta vare på hjartet framfor alt, for livet går ut frå det.» Hjartet har ein sentral plass i våre relasjonar. Når hjartet er kobla ut, vert det vanskeleg. Vi snakkar om «hjartelaust» og «hjarterått».  Heldigvis veit vi også korleis det er når hjartet får styre. Då er det godt å leve. Hjartet er viktig i høve til vår neste og til Gud. Det er sjølve pulsslaget i relasjonen.

Brorson er ein av våre aller største diktarar av julesalmar. I salmen «Mitt hjerte alltid vanker» sett han ord på kva gjenklangen i hjarta er:

Akk, kom jeg opp vil lukke Mitt hjerte og mitt sinn! og full av lengsel sukke; Kom, Jesus, dog herinn! Det er ei fremmed bolig, du har den selv jo kjøpt Så skal du blive trolig her i ditt hjerte svøpt

Med ønske om ei velsigna julehøgtid.

Stein Reinertsen, biskop i Agder og Telemark

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"