Ikkje Gud til filosofane

I Biskop Stein sin joleandakt trekk han fram den lærdom filosofen Pascal satte som sin viktigaste lærdom i livet. Nedanfor finn du andakten som nedlastbart dokument for bruk i sokneblad. Der finn du teksten både på bokmål og på nynorsk. Der finner du også bildet av biskopen med høyere oppløsning.

Biskop Stein Reinertsen utenfor Kristiansand domkirke Tveit kirke (Foto: Geir Myre)

Den kjende naturvitskapsmannen og kristne filosofen Pascal skriv i dagboka si om ei hending som fekk stor betyding for han.

I nådens år 1654.

Måndag den 23. november, den heilage pave og martyr Clemens og andre martyrars fest …

Frå omtrent halv elleve om kvelden til omtrent ein halv time etter midnatt.

Gud til Abraham, Gud til Isak, Gud til Jakob.

Ikkje Gud til filosofane og dei lærde.

Visse! Visse! Kjensle, glede, fred.

Jesu-Kristi Gud.

Din Gud er min Gud (Rut 1,16)

Kva var det Pascal oppdaga? Han oppdaga den store forskjellen det er på ein gud som berre er inne i hovudet til menneske, og på Gud til Abraham, Isak og Jakob som kjem inn i verda vår. Jolenatt kjem Gud så nær at vi kan sjå Gud. Ta på han, høyre stemma, ja, sjå korleis Gud er. Vi såg ein sårbar Gud, overlate i menneska sine hender og omsorg. Jola er det sterkaste beviset på at vi ikkje trur på ein gud som berre er inne i hovuda til filosofane og dei lærde. «Ordet vart menneske, og vi såg hans herlegdom», skriv Johannes.

Det var også ei anna viktig oppdaging Pascal gjorde. Det stoppar ikkje med at Gud kjem nær, det handlar også om ein relasjon mellom Gud og oss. «Din Gud er min Gud.» Gud blei menneske for å nå heilt inn til oss. Gjennom dåpen og trua på Jesus blir dette røyndom.

«Alle som tok imot han, dei gav han rett til bli Guds born, dei som trur på namnet hans.» (Joh 1) 

Då Pascal døydde, fann dei ein lapp sydd inn i frakken hans. Her hadde han sydd inn det som var aller viktigast i livet. På den lappen stod ikkje dei viktigaste formlane han hadde oppdaga, men orda han vadde skrive ned etter hendinga.

Gud til Abraham, Gud til Isak, Gud til Jakob.

Ikkje Gud til filosofane og dei lærde.

Visse! Visse! Kjensle, glede, fred.

Jesu-Kristi Gud.

 

Signa jol!

 

Stein Reinertsen

Biskop i Agder og Telemark

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"