Caroline ønskjer fleire i kyrkja sitt mangfald

Kateket Caroline Sefu i Ørsta er ei av frontfigurane i kyrkja si rekrutteringskampanje "Jobb i kyrkja". – I kyrkja er det mangfald og det er plass til mange fleire, seier ho.

Kateket Caroline Sefu i Ørsta er ei av frontfigurane i kyrkja si rekrutteringskampanje "Jobb i kyrkja".

– Eg er stolt av å vere med som frontfigur i denne kampanjen, seier Caroline. – Då eg fekk telefon frå Elise Ottevik Søvik i kyrkja med spørsmål om å ta del i denne kampanjen, tok det ikkje så mykje tenkjetid før eg svara ja. Eg har ein god og gjevande jobb. Eg er glad i barn og ungdom. Eg er glad i å formidle til alle om Jesus og om Guds kjærleik til menneska. Det beste med jobben min er å kunne dele trua mi! Eg set veldig pris på å jobbe på ein arbeidsplass der eg kan ta opp tru og tvil, liv og kjærleik, – der eg er, seier ho.

– Det er snart 10 år sidan vi begynte å kurse unge medarbeidarar i Ørsta kyrkjene. Dei som var med på den aller første MILKurset (mini-leiar-kurs) hos oss blir i desse dagene 25 år gamle. Dei er allereie i jobb eller i utdanning, eller søkjer jobb. Dette er flotte ungdomar som er hardtarbeidande, pliktoppfyllande og opptatte av å yte der dei er.

– Då dei gjekk kurset hos oss blei dei møtte av ein tverrfagleg stab og dei knytte seg til personane i staben utifrå behov og korleis dei varte møtte. I etterkant har nokre av dei hatt små jobbar i kyrkjene våre og nokre av dei har vurdert jobb i kyrkja. Enkelte har også tatt utdanning innan dette feltet.

– Eg er opptatt av at ungdomen som har gått MILK og andre leiartreningskurs i kyrkja får god rettleiing om jobb i kyrkja. Dette gjeld også vaksne som vil bytte beite! Det er flott at kyrkja endeleg har fått opp ei bra nettside, der ein kan få inspirasjon eller stadfesting om den jobben som ligg hjartet nærast. Eg gler meg til nettsida jobbikyrkja/jobbikirken er fullkomen og alle yrke i kyrkja er detaljert opplyst og mangfaldet vist fram for alle. Slik kan fjorårs-konfirmanten, som likte seg så godt som klokkar, tenkje på jobb i kyrkja og få vite korleis ho skal gå fram. Eller han unge leiaren som har vore med så lenge at han er blitt vaksenleiar, og synes at han kan takle jobben som kyrkjeverje. Med kva utdanning må han ha då?

BILDET: – Vi må bli godt kjent med barn og ungdom i kyrkja og byggje relasjonar, for då vil dei føle at dei har ein plass i kyrkja, seier kateket Caroline Sefu i Ørsta. Ho er ei av frontfigurane i rekrutteringskampanjen "Jobb i kyrkja".

I november fikk eg høyre at kyrkja har bestemt seg for at kontinuerlege tiltak for barn skal telje som tiltak under trusopplæringsplanen. Då vart eg veldig glad! Det er viktig med slike vitamin- innsprøytingar, som enkelte trusopplæringstiltak er. Men det er ekstra viktig at ein blir kjent med barn og ungdom i kyrkja og byggjer relasjonar, for då vil barna føle at dei har ein plass i kyrkja. Då vil dei merke at kyrkja er der dei vil vere og dei vil involvere seg, heller enn at dei kjem dit kun ein gong i året! 

– Det kan verke litt motseiande at eg har ein jobb der ein opptrer offentleg og er i møte med veldig mange menneske når eg opplever meg litt innadvendt. For ofte må eg stå framfor veldig mange. Då skal ein vere veldig flink til å ta seg god tid, pleie seg sjølv og lade batteria sine på fritida. Det er eg ofte flink til. Gjer eg ikkje dét kan det straffe seg helsemessig. Dette er viktig for meg å få formidla, seier Caroline; – Ein må ikkje berre vere sprudlende ekstrovert for å jobbe i kyrkja. Her er mangfald! Her er plass til mange fleire!

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"