Møre bispedøme ønskjer at misjon skal vere ein dimensjon i alt det som kyrkja gjer. Her på desse sidene vil vi presentere nokre konkrete sider ved dette. SMM – samarbeid menighet og misjon - er ein paraplyorganisasjon for sju organisasjonar som har arbeid i rundt 40 land over heile verda. Mange kyrkjelydar i Møre har minst ein misjonsavtale gjennom SMM. Avtalane er meir enn berre pengeinnsamling – det gir også høve til å få impulsar tilbake frå andre land og kjenne at vi er ein del av den verdsvide kyrkja.
Misjonsrådgjevar Geir Sakseid kan også kontaktast for meir informasjon. Han kan besøke kyrkjelydane for samtale om misjonsavtalar, halde bibeltimar om misjon eller temamøte om andre aktuelle tema, eller delta i gudstenester. Misjonsrådgjevaren har bakgrunn som utsending for NMS i Midtausten og som prest i Bergen International Church, og har i seinare år vore sokneprest i Giske og Vigra.
Misjon har tilknytningspunkt til fleire fagområde i kyrkja. Sjå t.d. sidene om venskapsarbeid , internasjonal rettferd , eller om misjon i undervisning/trusopplæringa.