Det er kraft i pusten

Pusten har både liv og kraft. Når Jesus puster Anden inn i oss gir det spor av Gud i kvart andedrag, skriv sokneprest Harald Nortug Tveit.

Det er kraft i pusten

Det er kraft i pusten. Det er krefter i pusten. Når folk går med munnbind no for tida, er det jo er for å beskytte seg sjølv og andre mot krefter som er i pusten. Destruktive krefter, usynlege, men så kraftige at dei held ei heil verd i sjakk.

Men pusten har først og fremst positive krefter, gode krefter.

Det er liv i pusten. Då Gud skapte mennesket, tok han støv frå jorda, forma det til ein kropp, og blåste liv i det. Mennesket vart til ein levande skapning. Kvar gong eit barn blir født, blåser Gud liv inn i den vesle kroppen. Pusten er eit spor av Gud i livet vårt.

Då Jesus hadde stått opp frå dei døde, kom han til læresveinane og lyste fred over dei. Dei blei fylt av glede. Så gav han dei eit oppdrag: «Som Far har sendt meg, sender eg dykk.» Deretter anda han på dei og sa: «Ta imot Den heilage ande!» Det er som om Gud skaper livet på nytt. Han pustar Anden inn i oss, han pustar livet inn i oss, livet som er sterkare enn døden, kjærleiken som er sterkare enn hatet, vona som vinn over motløysa.

Det er krefter i pusten. Spor av Gud i kvart andedrag. Spor av Jesus og av den fred han gjev oss. Han pustar Anden inn i oss så vi kan gå vidare med det han begynte: Å kjempa mot all form for hat og undertrykking, å spreie kjærleiken, å gje gleda vidare.

Slik kan pusten vera ei bøn. Slik kan pusten vera ei påminning om at Jesu ande bur i oss.

Harald Nordtug Tveit
Sokneprest i Egge og Steinkjer

------------

Tidligere andaktar i rekka «Ord til trøyst, tru og håp»:

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"