Foredrag: Landslova 750 år! med Jørn Øyrehagen Sunde

Praktisk informasjon

Dato:9.4.2024

Tid:19.00

Sted:Trondheim folkebibliotek, Kulturtorget, Peter Egges plass 1

Arrangør:Nidaros bispedømmeråd og Litteraturhuset i Trondheim

I år har landslova 750-årsjubileum.

Lagabøtes landslov frå 1274 var den første fungerande riksdekkjande lov i Europa. Ho verka i Noreg gjennom 400 år, og innførte prinsippet om likskap for lova og sikra vanlege folk ei stemme i styre og stell. På den måten la lova eit grunnlag for det moderne demokrati og tillitsbaserte samfunn som me har i Noreg i dag.

I 2023 gav professor Jørn Øyrehagen Sunde ut boka «Konge, lova, landet». Litteraturhuset i Trondheim har invitert Jørn Øyrehagen Sunde til å halde eit foredrag om Kong Magnus Lagabøter, om landslova frå 1274 og det Noreg ho skapte.

Foredraget er ein del av Nasjonaljubileet 2023 – Noreg i tusen år, og blir arrangert i samarbeid mellom Nidaros Bispedømmeråd og Litteraturhuset i Trondheim.

Klikk her for å kjøpe billetter.

Jørn Øyrehagen Sunde (f. 1972) tok doktorgraden ved Det juridiske fakultet i Bergen i 2007, vart same året professor i rettshistorie der. Han var 2002-2020 forskar ved museet Baroniet Rosendal, var mellom 2008 og 2010 professor 2 ved Mellomaldersenteret i Bergen, har sidan 2019 òg vore forskar ved Nasjonalbiblioteket, og vart same året tilsett som professor ved Institutt for offentleg rett i Oslo. Sunde har publisert sju bøker, redigert ytterlegare 13 bøker, publisert 83 fagfellevurderte artiklar og bokkapittel, har tre gonger fått førelesarprisen ved Det juridiske fakultet, fekk i 2012 Meltzerprisen for framifrå forskingsformidling, og i 2023 fekk han Sarton-medaljen ved Universitetet i Gent for framifrå rettshistorisk forsking.

Foto: Hans Jørgen Brun
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.