Luke 3: Lars Petter Sveen

Lars Petter Sveen fekk sitt store gjennombrot med romanen "Guds barn" i 2014. No har han skrive ein heilt ny tekst for adventskalenderen "I de dager...".

Lars Petter Sveen. Foto: Akam1k3/Aschehoug

Lars Petter Sveen f. 1981 frå Fræna utanfor Molde. Vart tildelt Tarjei Vesaas´debutantpris i 2008 for novellesamlinga «Køyre frå Fræna». Fekk sitt store gjennombrot i 2014 med romanen «Guds barn», som han vart tildelt Nynorsk litteraturpris og Sultprisen for. «Guds barn» er seld til både Danmark og USA. Les Sveen sin nyskrivne juletekst her.

 

Av Lars Petter Sveen

 

Aisha held handa utanfor båtripa og bølgjene gjer henne våt opp til skuldra. Det er eit anna hav, men framleis det same vatnet. Det heng saman, alle hav, alle bølgjer, skulder ved skulder, mens det beveger seg i tallause retningar.

            Ikkje rør vatnet, jente, seier den gamle som sit ved sida deira.

            Det bringer ulukke, held han fram.

            Ikkje høyr på han, seier Aaliyah, verda deira er like stor som deira eigen bukselomme.

            Barn, seier den gamle, barn, kva veit de om verda.

            Cali flirer, men Aisha stirer berre på den gamle. Ho tenkjer på farfaren, den eldste i landsbyen, som framleis hadde vore der sjølv om faren hennes vart borte. Sjølv om alle fedrane vart borte. Ho og Cali og Aaliyah hadde òg blitt borte. Dei kom og henta menn og barn, alt til lyden av skot og rop. Aisha hadde vore i Muqdisho, byen mor hennes drøymte å dra til. Byen Aisha ikkje ønskte å hugse, sjølv om ho framleis vakna om nettene og trudde ho var der på eit lasteplan, i ei sidegate, med smellet og summinga og skrika.

            Sjå, seier Cali og peiker, men Aisha ser ingenting. Natta er i ferd med å lette, det verker som lyset stig opp frå sjøen.

            Det er land, seier Cali, og fleire om bord i den vesle båten startar å mumle og peike og snu seg no.

            Det er ikkje land, seier Aaliyah, og med det same startar kapteinen deira å rope og be dei sette seg ned.

            Aisha, seier Aaliyah, og tek hendene hennes.

            Ja, seier Aisha.

            Eg kan ikkje svømme, seier Aaliyah.

            Eg kan svømme, bryt Cali inn, eg kan svømme, eg held fast i deg.

            Aisha, seier Aaliyah, ikkje etterlat meg her, eg vil ikkje bli borte her.

            Aisha prøver roe ned Aaliyah, ho seier dei er saman, dei har reist så langt, ingen skal bli borte. Men ho kjenner ho frys, ho greier ikkje høyre kva alle seier. Havet verker så stort og så tungt, om ho dett uti vil det trekke henne ned.

            Når kystvaktbåten kjem og høgtalaren deira sprakar, når kystvaktbåten prøver å skyve dei tilbake, når noko knekk og vatnet straumar inn og Cali tek tak i Aisha, er heile verda lagt under hav. Det er ikkje land å sjå nokon stad, dei er fortapte. Den kalde sjøen snakkar til henne, ho er opp ned, ho ser den gamle, han vinkar og seier barn, barn, og med det same er det noko som trekk i henne. Det er Cali, og han dreg henne opp, opp.

            Båten dei sat i er borte og havet omkring er fullt av armar og hovud og rop. Cali brøler hit, hit, hei, hei, hjelp, hjelp. Da dei blir trekte opp og sette på dekk om bord i skipet og to svære gutar i uniform stirer på dei og seier sitt, sitt, startar Aisha å rope Aaliyah.

            Aaliyah, Aaliyah, kvar er du?

            Cali reiser seg for å sjå, men han blir bedt om å sitte i ro.

            Aisha roper og roper til det berre er ho som framleis roper og ingen fleire blir dratt om bord. Båten startar å køyre, og Aisha begynner å klore i Cali og seier du kan svømme, du kan svømme, kvar er Aaliyah, kvar er ho. Natta er nesten borte, Aisha ser ut på havet. Ho prøver å skjønne kvar det var båten sank, men alt er berre bølgjer som rører seg. Ikkje eit menneske å sjå der ute.

Aisha og Cali får tørre klede, kvite bukser og skjorter med blå striper på. Dei får kvar sin sovesal og mat i ei skål. Det flyt avføring og urin på toalettet. Nokre av vaktene slår dei og roper på eit framand språk. Om dagen steiker sola, om natta høyrer Aisha Aaliyah kviskre til henne: Eg vil ikkje bli borte her.

Ei kvinne dei blir kjent med, er gravid. Ho seier ho svømte dei siste metrane inn til land. Aisha legg handa på magen hennar og noko rører på seg der inne.

            Det er ein gut, seier kvinna, om han blir fødd her, så er han italiensk.

            Cali seier dei alle blir sende tilbake til Libya, og Aisha startar å gråte. Dei har reist frå Somalia til Etiopia. I El Khartum vart ho og Aaliyah pressa ned på eit teppe i fleire månader for at dei skulle få plass på ein lastebil. Opp gjennom ørkenen vart Cali banka kvar gong militæret stansa dei i oasane. Dei slo han med gummislangar over beina og hendene og tok alt dei eigde. I Tripoli sat dei i fengsel, vart køyrt ut i ørkenen, men fann vegen tilbake. Dei kom seg om bord i ein båt, og no skal dei bli sendt tilbake.

            Nei, seier Aisha, nei, nei, Gud, nei.

            Den natta vaknar Aisha av eit kvisker. Det er ei stemme, ho veit ikkje frå kven, men ho står opp og går ut av sovesalen. Ute, på den kjølige asfalten, inne ved gjerdet, finn ho Cali. Han står med den gravide kvinna. Kvinna peiker på eit hol i gjerdet og seier det ikkje er stort nok.

            Vi kan gjere det større, seier Cali.

            Nei, seier kvinna, og held eine handa over den store magen.

            Gå no, Gud vere med dykk, gå, finn vegen til det lova landet.

            Og Cali og Aisha legg seg ned og åler seg ut i den svarte natta.

Dei veit ikkje kvar dei er. Dei høyrer sjøen, og dei kan sjå skin frå hus og lykter. Etter kvart begynner det å bli lyst. Dei er i utkanten av eit jorde.

            Eg greier ikkje gå meir, seier Aisha, og Cali hjelper henne inn i eit skur. Ei krubbe står inntil veggen. Dei legg seg der, på bakken, og ventar på at dagen skal bli natt igjen. Men etter ei stund høyrer dei lyder, og Cali kryp bort og ser ut. Det er nokre politimenn som er ute på marka og ser etter flyktningane som rømte sist natt. Aisha kviskrer Cali, Cali. Ho ber han ta henne med seg og løpe vekk derifrå. Men det er ingenstad å laupe.

Dei ligg der heilt til politimennene kjem til skuret og snakkar høgt til dei på det framande språket. Aisha vil ikkje reise seg, ho folder hendene og seier Gode Gud, Gode Gud. Med eitt står det ein skapning framfor dei alle i eit blendande lys. Cali fell til bakken, politimennene blir gripne av stor redsle. Men skapningen seier til dei:

            Ver ikkje redde. Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket. De kan frelse desse barna, de kan la dei få sleppe inn.

            Skapningen rører ved kvar av politimennene, det lyser frå fingrane. Og så blir han borte. Politimennene står og ser på Aisha og Cali, ingen seier noko. Ikkje før den eldste av dei går bort og hjelper Aisha opp og gir teikn til Cali om å følgje etter. Han tek med seg dei to barna over marka og bort til bilen dei har ståande. Han får dei til å sette seg i baksetet. Så køyrer han av garde, heilt til han kjem til ei lita kai. Der møter dei ein mann med eit langt skjegg, og politimannen gir mannen pengar og viser barna om bord i båten. Aisha vil først ikkje gå om bord, men Cali seier det er ok, det er ok, og mannen med det lange skjegget taler til dei på deira eige språk og seier: Eg skal køyre dykk over til fastlandet og følge dykk til ein togstasjon. De er trygge her, Ære vere Gud i det høgste. Og fred på jorda blant menneske Gud har glede i.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"