Her kan du lese 17.mai-preika i Nidarosdomen

Domprost Ragnhild Jepsen forretta festgudstenesta i Nidarosdomen 17.mai. Her kan du lese preika hennar.

Her kan du lese 17.mai-preika i Nidarosdomen

I dag leitar vi etter det som bind oss saman,

det vi kan einast om, det vi har felles.

17.mai er lag på lag av meining.

For alle i Noreg:

Dei som har vakse opp her,

dei som har kome som sommarfuglar til dette vinterlandet,

dei som kjenner seg djupt bunde til historie og tradisjonar,

dei som søkjer ei framtid her for seg og sine. 

 

De mellom oss som denne våren har kome frå eit krigsherja land på vårt eige kontinent, som har etterlate fedre, søner og ektemenn som soldatar i krigen, og som ikkje veit om og når de kan kome heim og kva de vil møte;

 

alle vi som feirer nasjonaldagen og søkjer å kjenne oss heime i den:

Vi erkjenner og kjenner at 17.mai ber i seg stolte tradisjonar, gode intensjonar, nye problemstillingar og uløyste utfordringar. For dette er også landet vårt.

Slik møter dagen oss. Slik må vi tale om den.

Og slik skal vi feire den!

 

Her i kyrkjerommet leitar vi oss fram til symbola som på ein særleg måte bind oss til kvarandre:

Songane vi syng med ekstra høg og skjelvande røyst. Endeleg fekk vi igjen vere del av det store koret og fellesskapen det gjev!

Tekstane som vart leste, og som vi kan tenke om: Kvifor skal vi høyre desse i dag?

Og bønene vi snart skal be. Som utfordrar oss til å løfte oss ut av det aller næraste, og til å sjå vår neste og vår sårbare verd med eit miskunnsamt blikk, - men også med takksemd.

 

For i alt saman kjenner vi dette:

Vi er ikkje dei fyrste. Vi skal ikkje bli dei siste.

Vi er innlema i ei lang kjede av menneske - dei som har gått framom, og dei som skal kome etter.

Og vi får tru at også vi høyrer til i dette store fellesskapet.

 

Grensene om kven som skal høyre til, - og kven som skal stengjast ute, er det vi sjølve som har makt til å setje.

Om det er éi sterk oppmoding vi skal høyre denne dagen, så må det vere å bygge grensene ned! At murar og stengslar om menneskeverd og tilhøyrigheit er ein uting!

 

Vi har høyrt bibeltekstar om å vere velsigna, om å få rikeleg. Om ikkje å vere hovmodig - og om å takke. Og å rette vår takk til Gud.

Takk til Gud er ei livshaldning. Ei grunnhaldning.

Det må prege heile vårt liv, vår tilnærming til Gud og til kvarandre.

 

Livet er gjeve oss. Kvart andedrag. Det er ingen av oss som presterer sjølve livet; det blir alltid gjeve.

Livet er det vi er del av som skaparverk. Alt vi ser rundt oss: Sola, regnet, lukta frå nyutsprunge lauvverk og den kjølege lufta tidleg om morgonen no om våren. Våre medmenneske. Barna. Det fyller oss med kjensler, meir enn vi har ord for. Det er også ein takk til Gud!

 

Heile vår eksistens er ein takk og ei lovprising til Gud.

Å takke Gud er først og fremst ei kjensle av å høyre til. -

Vite at vi er del av noko som er større enn oss sjølve. Erkjenne gåver og ansvar, alt vi er skapte inn i.

 

Det ville vere eit umogleg prosjekt om vi for kvar ting i livet skulle tenke oss om kva vi skulle takke Gud for, og kva som ikkje skulle frambringe takk. Tenk så slitsamt det ville vere å alltid måtte gjere slike vurderingar!

 

I vår del av verda har vi dessverre vent oss til å tenke at det er det vi har gjort oss fortente til som vi skal takke for.

Med vårt subjektive blikk for kva som er verd ein takk - og kva som ikkje er det -, ville dét utelukke ein stor del av verdas befolkning frå å kunne takke for noko som helst…

 

Er vi redde for å vise vår takknemlighet? Er det slik at takk gjer oss forlegne? Både det å gje takk, og å ta imot takk?

Kanskje er vi redde for å bli ståande i gjeld til den vi meiner

vi skuldar ein takk.

At vi på ein eller annan måte skulle bli underlegne eller kome i eit mindreverdighetsforhold. Så då let vi heller vere.

 

“Takknemlighetsgjeld” er eit ord eg skulle ynskje vi ikkje trengte å bruke. Ikkje på den måten vi ofte gjer det - som om vi står i skuld til dei som har gjort noko for oss, den som skulle hatt vår takk.

 

For å takke er ein del av det å høyre til! Det er ikkje noko som gjer oss til høg og låg overfor kvarandre.

Vi er bundne til kvarandre, vi er ikkje overlegen og underlegen etter kva vi har prestert eller oppnådd. Vi høyrer saman! Vi er likeverdige som menneske:

I dag kan eg gje noko til deg som du treng. I morgon er det eg som treng noko du kan gje. Slik vil det alltid vere.

 

Å takke vil seie å stille seg open mot sitt medmenneske, erkjenne at vi ikkje greier oss åleine, men er bundne til kvarandre: Eg til deg, du til meg.

 

Vi skulle heller bruke ordet “takknemlighetsoverskot”!

For vi har fått så mykje å takke for.

 

Kvar er våre spor av takk?

Kvar finn vi att merke etter alle dei som har uttrykt si takksemd til Gud og til sine medmenneske før oss?

Vi skal ikkje vere forlegne for å sjå til det aller næraste: Vener, familie, dei små orda som vert gjeve oss av tilhørighet og anerkjenning, når vi møter blikk av velvilje og forventning. Forteljingar og minne som på ein dag som denne er særleg sterke og bringer fram både smil og sorg. Det er også takk.

 

Spor av takk og tilbeding finn vi ikkje minst i kyrkjehusa våre. Dei er symbol som knyter oss saman, ikkje berre på denne dagen, men i alle våre fellesskap, - som lokalmiljø, som uttrykk for det stadeigne; eit Guds telt som vart slått opp mellom oss. Her står dei, kyrkjehusa våre. Som stolte murar som fortel om oppgangstider og nedgangstider.

 

Men dei står der også som levande steinar av takk og tilbeding, av sår og sorg, glede og forventning.

Det gjer denne kyrkja, det gjer alle våre gudshus der vi har kome med det finaste vi har - i glede og i sorg, med det nye livet, med samlivet som skal velsignast, og med takk og bøn for livet som er gått ut av tida og inn i æva.

 

Denne dagen, 17.mai, og kjenslene som den bringer fram av glede, tilhørighet, fellesskap og stolthet, kan vi også tenke om som ein takk til Gud.

Kanskje veit vi ikkje alltid kvar vi skal rette vår takk; til kven, for kva.

Men likevel kjenner vi på ei uartikulert glede og ei kjensle av noko som er større enn oss sjølv, - meir enn det ord kan romme, og i alle fall meir enn vi torer å målbere…

 

La difor songane, orda, flagga og smila vi deler med kvarandre i dag minne oss om å vere takknemlege og inkluderande!

Dei oppmodar oss ikkje til å setje grenser.

Men dei oppmodar til å minne oss sjølve om at vi er skapte inn i ei felles verd, der menneskeverd og likeverd gjeld for alle.

Takk til Gud er bøn! Det er vår måte å vende oss til Gud. Men det er også Guds måte å forandre oss menneske.

 

I dag - på 17.mai - kjenner vi at vi har del i noko som er større enn oss sjølve.

Vi lyfter det fram og TAKKAR! Fordi det er med og gjev retning til livet vårt - og tru på at vi kan vere med å verkeleggjere Guds vilje i verda.

 

Til ære for Faderen og Sonen og Den heilage Ande,

vår Skapar, Frigjerar og Livgjevar,

som var og er og vera skal ein sann Gud frå æve og til æve. Amen.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"