Feira 200 år i fornya kyrkjerom

200 år etter at Vinne kyrkje vart vigsla, kunne bygda i Verdal feira jubileum i eit nyoppussa kyrkjerom. No er vegen til alteret opna opp - og Jesus har kome ned på golvet…

Vinne kyrkje var fullsett då inngangsprosesjonen kom inn til 200-årsfeiring. (Foto: Magne Vik Bjørkøy)

Det ligg ein klår tanke og ei tydeleg tru bak endringane som er gjort i den 200 år gamle kyrkja. At alterring og preikestol er fjerna frå koret, og at Jesus-statuen er flytta frå galleriet over altertavla og ned på golvet, er ikkje tilfeldig.

- Alteret i Vinne kyrkje står meir opent for dei som vil kome og ta i mot Guds gåver. At Jesus no står på same golv som oss, stemmer heilt med mi tru. Matteus seier at «når to eller tre er samla, er han midt i blant oss», sa arkitekt Per Audun Letnes under jubileumsgudstenesta, søndag 24. september. Han har teikna og utvikla det nye korpartiet i kyrkja.

Nøgd biskop

Soknerådet i Vinne har leia arbeidet med å fornye Vinne kyrkje til 200 års-jubileet. Leiar i rådet, Maj Brit Slapgard Larsen, la ikkje skjul på at arbeidet har vore krevjande.

Men i jubileumsgudstenesta, fekk sokneråd og arkitekt ros frå biskop Herborg Finnset for endringane som er gjort:

- No står kyrka fram i ei fornya utgåve, der det gamle interiøret får vere med vidare. Innretninga i rommet viser at bruken av kyrkja, og tenkinga rundt bruken av kyrkja, har forandra seg. Vi gler oss saman over endringane, som kan vere med på å opne opp, sa biskop Herborg frå den nye «preikestolen» - nedpå golvet den óg…

Preiketeksten for dagen var henta fra Markus 7,31-37,og  sto verkeleg i stil med bodskapen i det fornya kyrkjerommet. Den handla om Jesus som i møte med den døve mann kom med orda «Effata -  lukk deg opp».

Les heile jubileumspreika frå biskop Herborg her.

Ny akustikk

I tillegg til endringane i kyrkjerommet i Vinne, er teppa tatt ut og golvet pussa og måla. Alt dette har ført til ein ny og forbetra akustikk i kyrkja.

Det fekk kyrkjelyden til fulle erfara, då jubileumsfeiringa vart avslutta med storkonsert. Komponist og musikar Gjermund Larsen - som er frå Vinne - hadde laga eit bestillingsverk for anledninga. Saman med  Runa Hestad Jenssen, Einar Olav Larsen, Trygve Brøske og bygdas spelemannslag, presenterte han komposisjonen for aller fyrste gong - til ståande applaus frå eit jubileumsstemt publikum.

Etterord: Vinnesbyggen er kjent for sitt sterke engasjement for kyrkja si. Det er også ein viktig del av historien til den 200 år gamle kyrkja: I starten av 1800-talet, ville biskop og prost at kyrkjelydane i Vinne og Stiklestad skulle slås saman - og byggja felles kyrkje på Haug. Bøndene i Vinne protesterte, og lot seg ikkje kue av nokon øvrigheit. Dermed vart det ny kyrkje i Vinne i 1817 - og dermed står Stiklestadkyrkja framleis på same plass....

Arkitekt Per Audun Letnes har teikna og utvikla det nye korpartiet i Vinne kyrkje. Jesus-statuen av Bertel Thorvaldsen er no flytta ned på golvet, det ligg det tydeleg tanke og tru bak. (Foto: Magne Vik Bjørkøy)

Frå den nye «preikestolen» - plassert nedpå golvet - takka biskop Herborg sokneråd og arkitekt for arbeidet med å fornya Vinne kyrkje. Bak: Leiar i Vinne sokneråd, Maj Brit Slapgaard Larsen. (Foto: Magne Vik Bjørkøy)

Stor dag i Vinne da kyrkja feira 200 år. Her er nokre av dei involverte: Sokneprest Christine Wanders, soknerådsleiar Maj Brit Slapgard Larsen, biskop Herborg Finnset, lokalhistorikar Thomas Berg og prost Nils Åge Aune. (Foto: Magne Vik Bjørkøy)

Storslagen jubileumskonsert i ny akustikk. Bestillingsverket for anledningen avslutta feiringa. Frå venstre: Einar Olav Larsen, Runa Hestad Jenssen og komponist Gjermund Larsen. (Foto: Magne Vik Bjørkøy)

Ein staseleg 200-åring i ein sumarleg haustkveld i Vinne. (Foto: Herborg Finnset)

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"