Kristin Moen Saxegaard innsatt som domprost i Nidaros

Kristin Moen Saxegaard ble i dag innsatt som domprost i Nidaros. Her kan du se bilder og lese innsettelsestalen til biskop i Nidaros domprosti og preses i Den norske kirke, Olav Fykse Tveit.

Kristin Moen Saxegaard ble søndag innsatt som domprost i Nidaros. Her står den nyinnsatte domprosten med biskop i Nidaros domprosti og preses i Den norske kirke, Olav Fykse Tveit og prester og diakon i Nidaros domprosti.
Preses Olav Fykse Tveit,
Tale ved innsetjinga av Kristin Moen Saxegård som ny domprost i Nidaros domkyrkje, 1. oktober 2023

 Kjære domprost Kristin,

Det er med stor glede vi tar imot deg som vår nye domprost her i Nidaros i dag. Du går inn i rekkja av domprostar som har fylt denne oppgåva i denne spesielle domkyrkja, i domprostiet, og i byen Trondheim – og i nasjonen.

No er det di tid, no skal du gjere det på din måte og med dei gåver du har. For du har mykje lærdom, klokskap, og erfaring som du går inn i denne oppgåva med. Her får du bruk for alt sammen.

I dag vil eg spesielt minne deg om ei av bønene vi har i salmeboka vår, og som du sikkert ber rett som det er, fordi den er frå ein av salmane vi ofte syng. Svein Ellingsen skreiv:

Kom til oss Gud, og gi oss liv,
fra kilder utenfor oss selv. 
(Norsk Salmebok 678, v.1)

Alle menneske og alt som lever treng kjelder utanfor oss sjølve. Det er livets vilkår, for heile skaparverket. Men vi menneske treng meir enn det vi får frå kjelder som vatn, luft og mat. Vi treng også at «din nådes skaperverk skal skje», som det også heiter i salmen.

Kyrkja har fått ei spesiell oppgåve i at akkurat det skal skje.

Dette spesielle kyrkjebygget som du no vert knytta til, har ei heilt spesiell historie med å vere ei kjelde mange har søkt til. Det er alle slags pilegrimar som har kome hit, mange har gått eller segla langt, eller flydd eller køyrd tog eller bil, fordi dei ville kome fram til noko som var meir enn dei hadde i seg sjølv. Nokon ville leggje av seg tunge bører her, andre søkte bokstavleg tale til ei kjelde for å bli frisk, for å få liv.

Mange kjem hit, enten dei er pilegrimar eller andre, for å kjenne at livet har både høgd og djupne. Og at gudstenestene, musikken, kunsten – eller berre å vere stille her – gir liv og kraft til livet.

Gi oss liv! Bøna blir bedt på så mange måtar her, med og utan ord. Og den bøna blir høyrt her.

For her skal du stå ved ei kjelde til liv som er gitt oss av han som denne kyrkja er kalla etter: Jesus Kristus. Som i alle dei andre kyrkjene i domprostiet du skal arbeide i, er dette ein stad der menneske søkjer til dåpen for seg eller sine barn, som ei kjelde til liv. Her blir vi, som i dag, minna om at det er ein relasjon som blir knytta i dåpen, som gjeld heile livet. Det er eit liv med Kristus, og eit liv i Kristi etterfølging.

Dåpen er ei kjelde som gir oss forlating for syndene, for alle dei svikt og feil vi gjer som einskildmenneske, og som fellesskap, som kyrkje i Noreg, som nasjon, som menneskeslekt overfor kvarandre og Guds skaparverk.  Det er ikkje utdatert å tale om synd og skuld. Det veit du mykje om frå dine presteerfaringar. Kyrkja har ei kjelde til forlating for synder, til forsoning, og til forandring.

Å vere prost er å lede, og sørge for at dette faktisk skjer, saman med dei mange gode medarbeidarar du får.

Du vil få vere høyre bøna: «Kom til oss Gud, og gi oss liv!» Og du skal få vere med på å svare på denne bøna. Du skal opne dei kjeldene som er utanfor oss sjølve for mange menneske. Dei finn vi der evangeliet vert delt og dåpen og nattverden vert feira.

Vi skal vere opne for at Gud svarar på den på så mange måtar. Vi treng møter og fellesskap med ulike menneske, med ulike erfaringar og gåver. Det vil du få mange høve til her.

Kristin, du har hatt fått opne kjelder til liv for mange, til håp og trøst, men også ved å gi utfordringar til å ta ansvar og vekse som menneske.

Du skal også be denne bøna for din del. Slik at du har det du treng for å leie arbeidet og medarbeidarane. Slik at kyrkja kan vere ei kjede til liv for mange.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"