Vi gratulerer domprost Ragnhild Jepsen med målpris!

Domprost i Nidaros, Ragnhild Jepsen, er tildelt Trønderlagets målpris 2022. Målprisen går kvart år til nokon som har gjort ein stor innsats for nynorsken i Trøndelag.

Vi gratulerer domprost Ragnhild Jepsen med målpris!

- Eg vart overraska og veldig glad når eg fekk beskjeden, fortel Domprost, Ragnhild Jepsen.

Domprost Ragnhild Jepsen kjem frå Ål i Hallingdal og brukar nynorsk som forkynnar og formidlar i ulike medium. Trønderlaget skriv at «Jepsen viser gjennom både skrift og tale at nynorsk er eit språk som naturleg kan brukast i alle samanhengar. Som domprost i Nidaros når Jepsen ut til eit stort publikum. Gjennom gudstenester i Nidarosdomen, anten fysisk, eller i fjernsynsskjermen og radio, er vi mange som har hatt gleda av å høyre Ragnhild Jepsen som liturg. Jepsen har ein nær og presis språkbruk, som blir lagt merke til. Ho viser at ord kan skape gode bilete for tilhøyrarane.»

- Eg er glad for grunngjevinga til Trønderlaget, som viser at arbeidet me gjer i kyrkja er viktig.

Trønderlaget skriv vidare «Sidan 2005 har ho vore andaktshaldar i NRK radio. Jepsen er også ein aktiv samfunnsdebattant. Ho skriv kronikkar i Adresseavisa og ho bidreg med artiklar i ulike menighetsblad og i Jul i Trøndelag.»

Flott pris

Og ho  tykkjer det er moro å sjå kven som har fått prisen tidlegare.

- Det er mellom anna fleire kjente og dyktige forfattarar, som har fått prisen. Det er ein flott pris å få.

Jepsen har også hatt ulike verv i Noregs Mållag, og ho var sentral i 100-årsfeiringa av den første omsetjinga av bibelen til nynorsk.

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"