- Målet er ei god kyrkje for framtida

Kyrkjemøtet 2022 er godt i gang. Den store saken i år er kyrkjeleg organisering, fortel leiar av Nidaros bispedømmeråd, Brit Skjelbred.

Ho har delteke tre gonger på Kyrkjemøtet. I tillegg har ho tidlegare vore med i kontrollutvalet og delteke som observatør. Skjelbred seier det er eit stort ansvar å sitte i bispedømmerådet og å vere med på Kyrkjemøtet.

- Eg tykkjer det er eit stort ansvar. Me skal vere med å stake ut kursen for kyrkja framover. Me møtast på Kyrkjemøtet med ulike synspunkt og ønskjer å ta ulike vegval, men me har same mål.

Brit Skjelbred leder Nidaros bispedømmeråd.jpeg

Komité

Skjelbreds komité har ansvaret for arbeidet med kyrkjevalreglane og endringar i valordninga.

- Det er viktig arbeid, men det er mykje som skal fastsettast, og det er mat for ei stor forsamling, utdjupar ho.

Kyrkjeleg organisering

For Skjelbred vil det vere eit høgdepunkt, dersom Kyrkjemøtet einast om korleis kyrkja skal organiserast i framtida. 

- Det vil vere ein viktig milepæl om me klarar å samle oss om korleis me skal organisere kyrkja. Dersom me klarar å kome fram til ei løysing flest mogleg er nøgde med, så vil det vere eit viktig steg for kyrkja.

Og ho peikar på kor viktig det er å stille seg bak det endelege vedtaket.

- Ingen får alt ein ønskjer seg, men når valet er gjort, så må me stå for det. Det er viktig å ikkje snakke ned det me kjem fram til. Målet er ei god kyrkje for framtida.

Konstruktivt

- Det har vore interessant, fredeleg og konstruktivt. Det er også inspirerande, fordi du treff gode og flinke folk. Me har eit hyggeleg fellesskap i Nidaros, seier Erik Sverresson Seem, som representerer Nominasjonskomiteens liste i Nidaros bispedømmeråd.

Erik Sverresson Seem.jpeg

Seem fortel at det er saken om kyrkjeleg organisering, som engasjerer han mest på Kyrkjemøtet 2022.

- Det er saken om kyrkjeleg organisering som utfordrar mest. Komiteen eg sit i har diskutert påskefeiringa og innhaldet i dei tre heilage dagane frå skjærtorsdag til påskedag. Me har lagt fram vår første innstilling i dag, fortel han.

Les innstilling: Sakspapir til Kirkemøtet

Høgdepunkt

Dette er det tredje Kyrkjemøtet til Seem. Han fortel at åpningsmøtet så langt er høgdepunktet.

- Det var flotte talar av preses, kyrkjerådsleiaren og statsråden. Gospelsangen var også flott, held han fram.

I tillegg peikar han på verdien av den sosiale sida på Kyrkjemøtet. 

- Menneskemøta og dei fine samtalane pregar også dagane.

Kvifor engasjere seg?

Seem er oppteken av rolla til kyrkja lokalt.

- Eg er engasjert, fordi eg er veldig oppteken av rolla til kyrkja lokalt, og av at kyrkja skal spele ei rolle i det enkelte lokalsamfunn i Nidaros.

Han blir inspirert av Kyrkjemøtet.

- Eg blir inspirert til å vere med å bidra til at folkekyrkja held fram. Det er bruk for den. Det er sånn i Trøndelag at det ikkje alltid er så stor oppslutning, men folk er likevel glad i kyrkja. Kyrkja utviklar seg, sjølv om bodskapen står fast. Det er spennande å få vere med på utviklinga, avsluttar han.

 

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"