Påske i krise

Preses og biskop i Nidaros domprosti, Olav Fykse Tveit, har skrevet denne prekenen til menighetsbladene påsken 2022.

Påske i krise

Det er diverre ikkje noko nytt at det er krisetid i påska. Vi har hatt to år med pandemi, som har avgrensa kva vi kunne gjere i påska. Eller rettare sagt: Kva vi ikkje kunne gjere i påska.

For kyrkja er påska på mange måtar den mest omfattande høgtida i året, med mange spesielle dagar frå palmesundag til andre påskedag. For kyrkja slo nedstengingane veldig spesielt ut i påskefeiringane dei siste to åra med sterkt redusert, eller, som i fjor, ingen normal gudsteneste-feiring i det heile. Det var ein merkeleg tom og uverkeleg stemning mange stader.

I år ser det ut til at vi kan ha mange gudstenester i påska. Og vi treng det. For igjen er det krisetid. Påska i år blir prega av krigens tunge skuggar. Ein månad før påske vert vi dagleg fylte av  bilete frå krigen i Ukraina, med forferdelege bilete av øydelegging, urett, vald, og uendeleg mykje menneskeleg nød. Vi vert fylte av fortviling og uro for framtida, for folket i Ukraina. Men det er også ein veksande uro og angst hos oss sjølve.

Påske handlar eigenleg om krise. Det vert denne påska litt tydelegare for oss. Påska er ei høgtid som byggjer på ei kriseforteljing. Det var ikkje nokon idyll den første påska. Vi møter i påska forteljingar om djupe kriser. Det handlar om hendingar som skapte redsel og uro, om urettferd, og maktmisbruk, om liding som er påført av andre, og om død. Den beste, den gode og rettferdige blir pint, drept og dør.

Dette hadde ikkje vore noko å lage ei feiring av dersom det var alt. Det hadde ikkje vorte ei høgtid som har prega vår årskalender, vår kultur og vår livsforståing, dersom dette var det heile.

Men påska er også ei forteljing om håp. Det er ikkje ei forteljing som hoppar over det vonde og vanskelege, men ei forteljing om at Gud er til stades i alt det vonde, i alt det verste, også. Sjølv når vi ikkje klarar å tru det. Når påskedagen kjem med sitt bodskap om at Jesus overvann dødens krefter og sto opp igjen, vert det ei samla forteljing som verkeleg gir grunn til feiring. Men det er ei feiring som blir ståande som djupt meiningsfull i møte med alle slags forteljingar om liding, angst og død. Til alle tider. Og ikkje mindre denne påska.

Vi kan gi våre teikn på håp. I denne krisetida vi no lever i. Difor treng vi påska akkurat no.  Vi kan vise at lyset frå påska skin gjennom det mørkaste mørke, og heilt inn i vår tid og vår verden, inn i vår sjel – for å bruke eit gamalt uttrykk. Vi kan vise at det er sant at «Påskemorgon slukker sorgen, slukker sorgen til evig tid.» Det kan skje når vi samlast for å synge det i denne påska. Då bekreftar vi at vi trur at det er slik. Eller det skjer når vi prøver å la andre få eit glimt av denne kjærleiken som er sterkare enn døden.

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"