Medan det endå er mørkt

Det er medan det endå er mørkt, når døden rår, at oppstoda skjer. Før nokon rekk å sjå det. Her er påskedagspreika, som preses, Olav Fykse Tveit, heldt i Gudstenesta i Nidarosdomen.

Medan det endå er mørkt

Men verknaden av Guds inngrep kan ein både sjå, høyre og ta på. Det er budskapet frå den første påskedagen. Det kjem til oss når vi treng det som mest, og no treng vi det spesielt på årets 1. påskedag. Det er alt for mange i denne verda som treng å høyre at Gud er også i mørket. I mørket er ikkje vi åleine, slik Jesus heller ikkje var det. Gud kjem oss spesielt nær – medan det endå er mørkt. Og i mørket skaper Gud noko nytt.

Det skjer utan at nokon ser det eller kan forstå det slik som ein forstår andre ting ein har opplevd. Men det Maria Magdalena såg, var at det har skjedd, og det kan forteljast av heilt vanlege menneske. Han er borte, han er ikkje der dei la han. Slik er det, det er ikkje eit påfunn, men det er det ho fann.

I mørket, medan det endå var mørkt. Det er då grava vart tom. Det skjedde i ei verd som har så mykje av det vi kjenner på som mørkets makter, som bryt ned livet og det gode Gud har skapt oss til.

Det er den krossfeste Jesus som er den oppstandne Jesus. Og den oppstandne Kristus er den krossfeste Gud. Dette er evangeliet, den gode bodskapen. Det er ikkje tale om ein siger over døden som legg seg som eit lokk over det vonde og urettferdige, over smerte og liding, som ein måte å ignorere kva lidingar Jesus vart utsett for. Påskeevangeliets glede får oss ikkje til å gøyme eller gløyme andres lidingar, slik at andre blir utsett for undertrykking, urettferd og vald. Heller ikkje i Guds namn skal det skje. Aller minst det. Dersom ein står fram og representerer Guds makt og siger over døden og det vonde, då er det nettopp det vi ikkje kan. Ei slik forståing av påskeevangeliet kan få dei mest farlege og tragiske konsekvensar.

For vi trur på den krossfeste og oppstandne Jesus Kristus.   

Det er heller ikkje ein glasur over tilveret som påskedagen gir oss. Påskemorgen slukker sorgen, men det er ikkje eit lettvint «alt går bra» som susar gjennom lufta.

Det er lys i det djupaste mørke vi får. Evangelia gir oss forteljingane om det nye som bryt fram, etter at disiplane sine håp hadde kollapsa i den verste og mest ærelause tragedie ein kunne tenkje seg. Han som kom og sette menneske fri til å leve i nye relasjonar til Gud og til kvarandre, vart sjølv eit offer for maktmisbruk av verste sort. Noka større skam enn å bli dømt til døden og henretta ved å henge på ein kross, kunne ein ikkje tenkje seg. Enten det var i den romerske imperiets logikk eller i den jødiske religion og kultur; dette var den største vanære ein kunne få eit menneske. Noko mindre verdig død enn dette hadde ein ikkje.

Og sant å seie, det kan vel ikkje vi heller tenkje oss.

Det er ein samanheng mellom denne forteljinga om møtet med den tome grava i mørket, og dei store forteljingane om skapinga og om at Gud vart menneske. Gud skaper i mørket og lar lyset stråle fram nettopp frå mørket. Der vert det nytt liv. Det er medan mørkets makter rår i verda at Gud skaper noko nytt: «Jorda var aud og tom, og mørker låg over djupet.» (1 Mos 1,2) Det er over den mørke stallen der Jesus vert fødd at ei stjerne lyser opp. Eller som Johannesevangeliet formulerer det Jesu fødsel betydde: «Lyset skin i mørkret, og mørkret har ikkje overvunne det.» (Joh 1,5)

Skapingsforteljinga understrekar at alt Gud har skapt, også mennesket, slik vi er, og ulike som vi er, er «såre godt». Dette er ein respekt og anerkjenning for livets eigenverdi, for det gode i alt og alle som er skapt av Gud.

Forteljingane deretter viser at dette dessverre ikkje er den einaste sanne forteljinga om denne jorda og livet her. Brodermordet, Kain som drep Abel, gir oss straks mørkets forteljing i all sin gru. At ein ikkje kunne tole at den andre var annleis, gjorde noko anna, makta og kunne noko anna og betre, det vart utåleleg – og det verste skjedde. Abels blod ropar til himlen og til oss i alle generasjonar. Det ropar om rettferd, om vern mot den vonde tanke, den vonde vilje og den vonde handling. Vi treng eit vern mot alle som må fjerne det ein ikkje likar ved å fjerne den ein ikkje likar.

Lyset som Jesus kom med, alle teikna på Guds omsorg, særleg for dei som var annleis og utstøytt, skein i mørket. Likevel, og kanskje difor, skjedde tragedien på krossen.

Oppstode-forteljinga understrekar denne samanhengen: Det er livets Skapar som har skapt nytt liv - i mørket - der vi ikkje ser. Det er like fullt noko som skjer. Og det som skjer set oss inn i nye relasjonar til den Gud som har skapt oss og til kvarandre.

Det er ikkje tilfeldig at evangelia fortel at det var kvinner som var dei første vitner til den tomme grava. Det vert der og då eit teikn på at alle menneske kan ha same verdi og oppdrag. Kvinner kunne ikkje vere truverdige vitner i rettssaker på den tid. Difor er det slikt eit sterkt budskap i at det er dei som fortel påskebudskapet først. Og i dette felles oppdraget får vi alle bekrefta vårt skapte likeverd og den tillit Gud har gitt til oss menneske, slik vi er. Maria Magdalena vert ikkje berre som ein apostel blant dei andre, ho vert «apostlane sin apostel». Nye relasjonar blir skapt. Det nye oppstode-livet svarar til Guds skapande vilje og gjerning. Kva så?

 Forteljinga om det nye livet på påskedagen kjem med den same utfordringa som i dei andre forteljingane om skapinga og Jesu fødsel. Lar vi livet og lyset skine inn i vår verd – inn i mørket, der kreftene frå brodermordets framleis finst?. Vert vi verande i mørket som ikkje tok i mot lyset?

Det er dessverre menneskeleg å møte lyset frå skapelsen og frelsa med å enten avvise det, eller å bruke dette lyset for å lyse på oss sjølve, på vår eiga makt og rett.

Difor er det så sterk vekt i påskeevangeliet på at dette kan ein ikkje halde for seg sjølv. Ein gi det vidare. Krafta frå den oppstandne og møtet med den oppstandne må vidare – som frigjering for dei andre i deira mørke og til eit godt, nytt liv.

Det handlar om å få del i noko vi ikkje har funne på eller funne opp sjølve. Det er noko som er blitt til når vi ikkje venta det eller kunne ta del i det. Men vi kan gjere det kjent. Ja, meir enn det: Vi skal gjere det gjeldande at slik er det. Difor vert vi også utfordra til å gjere noko deretter: til å leve, tale, vitne, elske, håpe, tru, be, velsigne, tene og hjelpe andre i krafta frå oppstoda. Vi vert utfordra til å ikkje la mørket bli det som pregar oss på ein måte som gjer oss handlingslamma, som gjer at vi gøymer oss, eller ikkje tar del i livet og livets kamp mot mørkets makter.

Medan det endå er mørkt skjedde det. Det tok også si tid før disiplane såg lyset. Det er noko uhøyrt over desse forteljingane om Gud som vi kan overhøyre eller oversjå.

Det kan bli tydelegare for oss ved å sjå på dei ulike måtane den krossfesta Kristus er framstilt på.  Det som vi har mest av i våre kyrkjer, både i klassisk og i ein del moderne kyrkjekunst, er den lidande Kristus på krossen, stundom heilt vridd av smerte. Det er verkeleg menneskeleg liding, kroppsleg smerte. Men også mental smerte, med skam utan like. I tillegg er det ofte ei skildring av korleis Jesus død var smertefull for dei som sto han nær. Slik som det er for alle som mister sine i denne verda, og særleg dei som mister sine på ein grusom måte ved vald eller misbruk av makt.

Den Gud som vart menneske, gjekk også fullt og heilt inn i menneskets vilkår, også det mest vonde, det uforståelege, det urettferdige. Ja, ikkje nok med det, han ber verdas synd og urett og skuld. Det er den lidande og medlidande Gud.

Dette fekk vi del i på ein heilt spesiell måte på langfredagskveld då vi kunne oppleve framføringa av «Stabat mater» her i kyrkja. Dette diktet frå 1200-talet, og som difor er skrive på latin, er ein refleksjon over det djupt menneskelege i det guddomlege nærver i den krossfesta Kristus. Det vert framstilt gjennom følelsane og forholdet til mor hans som står der og lir (som tittelen «stabat mater dolorosa» tyder). Det er denne lidinga som vert gjenkjenneleg for alle som har opplevd sorg og tap, og ikkje minst for dei som har mista sitt elska barn.

Dette motivet kjem fram i evangelieforteljingane i ein kort passus om kvinnene som gret då dei ser Jesus på veg til Golgata. Dette er framstilt i eitt av Blekens bilete i krossvegen i Nidarosdomen: «Jesus lider med Jerusalems kvinner».

Det er eit ord vi også brukar på norsk  -«condolere» - som er eit nøkkelord i teksten. Musikken og orda i Stabat mater får fram dramatikken i dette på mange vis: Det handlar om med-liding. Maria lir med sin son. Vi vert inviterte til å lide saman med henne og med den rettferdige og uskuldig dømte sonen hennar. Og først og fremst: Det handlar om Han som lir for heile verdas synd og skuld.

Dette vert eit veldig utfordrande budskap når vi i desse dagane ser kva for lidingar ikkje minst barn i Ukraina er utsatt for. I følgje FNs kjelder kan opp mot 2/3 av alle barn i Ukraina ha flykta frå sine heimar. Saman med sine, oftast mødrene, har mange av dei også måtte forlate landet sitt for å finne tryggleik. Og nokon av dei er komne hit til Noreg og til Trondheim. Og vi ønskjer dei spesielt velkomne til å vere med oss på denne påskedagen. Vi tenner lys og ber for krigens ofre. Vi tenner lys for dei brør, søner og menn som må vere att for å kjempe vidare mot overgrep og urett som det ukrainske folk vert utsette for i denne angrepskrigen mot dei.

 

Det finst med god grunn også mange framstillingar av den sigrande Kristus, også når ein framstiller krossen. Ja, vi trur på Guds seier over synda og dødens makt og at følgene av våre synder er overvunne med oppstoda. Den kristne tru kan ikkje framstille krossdøden utan oppstoda. Dette er vår felles kristne tru, og ofte framheva på ein særleg måte i den ortodokse kyrkjetradisjons bilete. Slik det vel også er i delar av Olavstradisjonen.

Men det kan bli feil dersom det dekkjer over eller fjernar heilt biletet av den lidande, den krossfeste og medlidande Gud. Då kan endå til påskebudskapet bli eit maktmiddel – også mot dei som lir. Det kan skje dersom vi meiner at vi er på Guds side, på den sigrande Guds side, som går fram i kampen mot synda i verda, og ikkje ser eller vil sjå kva det vi seier eller gjer kan koste av liding for andre menneske som står i vegen for det ein sjølv måtte tru er Guds plan og vilje.

Dessverre ser vi at slike resonnement vert brukt nettopp no i den russisk-ortodokse kyrkja si velsigning av angrepskrigen mot Ukraina. Dei som lir under angrepskrigen har eit håp som svarar til påskedagens håp om fridom frå liding og tvang, håp om fridom for sitt land, for si kyrkje og for den enkelte sitt liv.

Det er også eit spesielt alvorleg teikn på at noko er galt når andre menneske som har vore diskriminert, utstøytte og trakasserte av mange – også av kyrkjer, vert gjort til eit spesielt mål for denne krigens rasjonalitet. At menneske med LHBT+-identitet og deira kjærleik vert brukt som motiv for ein krig som drep sivile, øydelegg sjukehus, heimar, skular og driv millionar på flukt, er så vondt å forstå og tenkje på at det skjer i hjarta. Det vert eit motteikn mot oppstandelsens budskap, om Guds omsorg for all sin gode skapning.

Leiinga i den russisk-ortodokse kyrkja kan stå i fare for å gi eit slikt teikn. I Patriark Kirill si preike den 27. mars i år om betydninga av Kristi kross (som er offentleggjort og oversatt til engelsk), reflekterer han over at det er den sigrande Kristus som på krossen som skal framhevast. Han kommenterer nettopp at når ein i andre, mellom anna den vestlege kyrkjetradisjonen, framstiller den krossfeste med sine voldsomme lidingar og smerter, er dette upassande når ein trur på den oppstandne og sigrande Kristus.

Men då vert biletet av den krossfeste og den oppstandne Kristus rive frå kvarandre. Og det kan ha alvorlege følgjer. Den lidande og medlidande Kristus, den krossfeste Gud som lir med sin skapning, blir skjult av biletet av den sigrande Kristus. Og det biletet kan så brukast til å fremme eigne interesser. Dette er alltid ei freisting for kyrkje, og særleg dei av oss som har makt i kyrkja. Historia fortel oss ein del om det.

Då kan vegen stundom ikkje bli så lang til å tenkje at ein krig er heilag. Heller ikkje blir vegen så lang til å velsigne dei som fører ein angrepskrig, sjølv om det er mot eit nabofolk. Leiaren for den ortodokse kyrkja i Ukraina som er tilknytta den russisk-ortodokse kyrkja, metropolitt Onufry, sa også den første dag av krigen at dette er historia om Kain og Abel oppatt.

 

Det kan skje når det uhøyrte i evangelieforteljinga ikkje vert sagt tydeleg nok. Gud viser seg i den mest vanæra, den mest skammelege lagnad som Jesus fekk oppleve. Vi trur på ein krossfesta og oppstanden Kristus. Vi trur på ein Gud som ser den som lir, som er hos den som lir.

Vi må kjempe mot freistinga til å bruke Guds namn for å bekjempe den som er annleis, for å få makta over den, til å bli som oss, eller – i verste fall - til å ekskludere den andre.

Vi vert alle utfordra på denne påskedagen:

Kva side vil vi stå på? Kva for ei forteljing er det vi vil gi vidare?

Er det fortelijinga om den Gud som vi meiner vi har på vår side i vår kamp mot det som er annleis? Eller er det forteljinga om den Gud som er med oss og lir med den verda han har skapt, og særleg dei menneske som vert ramma av urett, krig, forfølging og diskriminering?

Kyrkja, som fellesskap av kvinner og menn, er kalt til å formidle budskapet frå den krossfeste og oppstandne til alle menneske, og særleg til dei som aller mest treng å høyre livets ord i dødens verd.

Vi skal og vi kan formidle i ord og gjerning trua på den Gud som overvant dødens krefter, og som gir oss kjærleiken, trua og håpet på at livets krefter skal vinne.

Det må skje medan det endå er mørkt i verda.

Måtte den krossfeste og oppstandne Kristus styrkje oss og halde oss oppe i ein sann tru til det evige liv!

 

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, vår Skapar, Frelsar og Livgjevar, som var, er og vere skal, ein sann Gud, frå æve og til æve! Amen.

 

Preses Olav Fykse Tveit

Preike på 1. påskedag, 17. april 2022

Nidaros domkyrkje

Joh 20,1-10

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"