Takkegudstjeneste: - Desmond Tutu viste veg for Den norske kyrkja og meg

Søndag 9.november inviterer Den norske kyrkja og Kirkens Nødhjelp til takkegudstjeneste i Oslo Domkyrkje. Preses i Den norske kyrkja, Olav Fykse Tveit, kjente Erkebiskop Desmond Tutu , gjennom arbeidet i Mellomkyrkjeleg råd, Kyrkjenes Verdsråd og som preses.

- Han var ein heilt spesiell person. Han hadde eit engasjement for alle. Han held fast at Gud har skapt alle menneske i sitt bilete. Han var ein integrert kristen i tru og gjerning, som tok bodskapen på alvor og var profetisk ved å tale sanninga og ha eit kritisk blikk på omverda, seier Preses Olav.

Desmond Tutu var erkebiskop i Den anglikanske kyrkja i det sørlege Afrika ,med sete i Cape Town og var ein periode generalsekretær for det sørafrikanske kyrkjerådet. Han var også leiar for Sannings-og forsoningskommisjonen i landet, og han fekk Nobels fredspris i 1984.

Tutu gjorde inntrykk på menneska han møtte og hadde ei evne til å få folk i tale, fortel han vidare.

- Han såg alle menneske og møtte alle på same måte. Han var ei gåve til folk og kyrkje i Sør-Afrika.

Kampen mot Apartheid

Tutu kjempa mot Apartheid -regimet i Sør-Afrika, og vart etter kvart ein av dei mest kjente personane i verda.

- Han kjempa mot den strukturelle rasismen, som regimet forankra både teologisk og politisk. Han kalla det vranglære. Dette vil ikkje Gud, sa Tutu. Difor var han overtydd om at det ville falle til slutt. Gud er ikkje meir glad i nokre menneske på grunn av hudfargen, held preses Olav fram.

Tutu var kjent som ein forkjempar for fred, forsoning, menneskeverd, menneskerettar og ikkje-vald. I Den norske kyrkja og i det offentlege Noreg har Tutu også hatt ei spesiell rolle.

- Tutu var glad i Noreg og kom ofte hit. Eit møte med han var åndeleg forfriskande og han var oppteken av spørsmål om rettferd, menneskelege relasjonar, kyrkje- og samfunnsliv.

Han har mange gongar takka Den norske kyrkja for innsatsen og engasjementet i kampen mot Apartheid, og for fred og forsoning.

- Men no vil me takka han for at han let oss kjempa med han. Han gjorde at me fekk bli del av ein viktig kamp i verda i si tid. Kampen mot rasisme. Han engasjerte både staten, akademia, media og kyrkja her i Noreg, og han vart eit ikon for fred og forsoning.

Ein politisk engasjert, men kristen leiar

Tutu var ein engasjert kristen leiar, og var på 60-talet tilsett i Kyrkjenes Verdsråd, fortel han vidare.

- Det var på mange vis utløysande for engasjementet til Tutu mot rasisme.

Han kritiserte regimet i Sør-Afrika, men han var likevel tydeleg på kva rolle han hadde som kyrkjeleiar.

- Han var oppteken av menneskeverdet, marginaliserte grupper og talte deira sak, men han var medviten og tydeleg på kva rolle han hadde som leiar i kyrkja. I så måte viste og viser gjerningane hans veg for Den norske kyrkja. Vi skal ikkje som kyrkje styre politisk, men me kan seie i frå om at «slik skal det ikkje vere» når det er nødvendig. No var situasjonen i Sør-Afrika annleis enn i vårt demokrati, og difor svært ulikt noko me har opplevd, og det var eit særskilt behov for modige og sterke røyster der også. Men me skal ikkje vere passive. Samfunnet har behov for stemma til kyrkja i samfunnsdebatten.

Møter med Tutu

Tutu gjorde inntrykk på menneska han møtte, og preses Olav har møtt Tutu ved fleire høve.

- Mitt siste møte, som også var mitt lengste, med Tutu var i 2016. Då møtte eg han i Cape Town, og me hadde ein lang samtale om mellom anna flyktningekrisa i Europa. Han var særskilt oppteken av at eg skulle formidle at han var glad og stolt av at Tyskland og Angela Merkel opna grensene under denne krisa, og bad meg formidle det til dei. Han brukte orda «That day I was proud to be a human being».

Preses Olav grunna på kva tid han skulle nytte høve til å fortelje kyrkjene i Tyskland og Merkel dette.

- Og høvet kom under reformasjonsjubileet året etter i Tyskland. Då var Merkel til stades og satt på første benk saman med leiarane i dei tyske kyrkjene. I min tale til forsamlinga kom eg med helsinga frå Tutu på slutten. Heile den kyrkjelege forsamlinga reiste seg og applauderte Merkel. Det var rørande for både forsamlinga og Merkel sjølv.

Og Merkel takka han etterpå for at han kom med helsinga.

- Merkel takka for helsinga. Desmond Tutu hadde ei eiga evne til å formulere sterke bodskap, og det var veldig fint å ta bodskapet vidare og å identifisere meg i hans bodskap.

Direkte på NRK

Takkegudstjenesta frå Oslo Domkyrkje blir sendt direkte på NRK søndag 9.november, og her er utdrag frå ei bøn basert på orda til Erkebiskop Desmond Tutu. Denne bøna vil du få høyre i fullversjon søndag.

Barmhjertige Gud,

Vis oss hvordan vi alle kan gjøre vår lille del av det gode - der vi er. En liten del, som til sammen kan overvelde en hel verden.

Åpne våre øyne, så vi kan se at forskjellene mellom oss mennesker ikke er ment for å lage skiller eller fremmedgjøre, men for at vi kan se at vi trenger hverandre.

La oss se mangfold og farger som berikelse i din regnbueverden.

Amen

 

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"