Vi gratulerer Knut Nordeide!

Knut Nordeide blei vigsla til prest av biskop i Bjørgvin, Halvor Nordhaug, i Førde kyrkje 23.juni. I august byrjar han som kapellan i Nidelven menighet.

Vi gratulerer Knut Nordeide!

Nordeide fortel at dagen og kvelden var flott.

- Det var ein heilt fantastisk dag. Eg var nervøs for sjølve dagen, og litt tynga av alvoret som trass alt ligg i ordinasjonen og den framtidige tenesta. Men så var det utruleg sterkt, særleg å kjenne handspålegginga og å ta alle i kyrkja i handa på veg ut av kyrkja og bli overausa av gratulasjonar og lukkeønskingar.

Han fortel også at det var mange som kom i kyrkja denne kvelden.

- Det var fantastisk fint med ei fullsett Førde kyrkje og kjenne taket reise seg frå første salme.

Feiring

- Dagen vart feira frå morgon til seine natta.  Familie og venner kom saman til ein middag før gudstenesta, og etterpå hadde kyrkjelydsrådet arrangert kyrkjekaffi. Her var det mange fine talar til både medordinant Jorun Knapstad, og til meg. Gode ord eg vil ta vare på. I tillegg til å vere flinke talarar, var mange dyktige til å gje bøker dei hadde forfatta sjølv i gåve. Så eg gledar meg til mykje god lesing!

Les meir om Knut : Stiftspraksis: En meningsfull forsmak på prestetjenesten

Etterfest

- På kvelden var det ein samankomst i barndomsheimen min. Ein roleg, men veldig hyggeleg affære. Mange av mine gode venner frå studiet på MF hadde teke turen over fjellet og var med på dagen. Seinare på natta køyrde "dei unge" til hytta vår, kor vi kunne legge oss etter ein lang og innhaldsrik dag.

Og den nyvigsla kapellanen fortel vidare at han kjem til å hugse dagen lenge.

- Eg er svært takksam for alle som kom og gjorde dagen spesiell. Eg kan leve lenge på ordinasjonsdagen og trekke den fram igjen når livet går meir i motbakke.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"