Biskop Olav visiterte Nidaros domprosti

Preses i Den norske kyrkja og biskop i Nidaros domprosti, Olav Fykse Tveit, har tidlegare denne månaden visitert Nidaros domprosti. Her kan du sjå bilete frå visitasen og lese visitasforedraget til biskopen.

Biskop Olav visiterte Nidaros domprosti

 

VISITASFOREDRAG

NIDAROS DOMKIRKE MENIGHET

Biskop Olav Fykse Tveit

 

  1. Det har vore svært inspirerande å visitere Nidaros domkyrkjesokn. Ein visitas gjev høve til å gå djupare inn i heile verksemda i soknet, både i Nidarosdomen og i andre heilage rom, og å bli informert om og drøfte det omfattande arbeidet i soknet. Eg takkar for ei svært fyldig og god visitasberetning frå sokneprest Andreas Hilmo Grandy-Teig. Eg takkar han, domprost Ragnhild Jepsen og dagleg leiar Gunn Karlsaune for god planlegging og tilrettelegging av visitasen. Diverre måtte den utsetjast på grunn av corona to gonger, og eg takkar alle for fleksibilitet i så måte.

 

Etter å ha gjennomført visitasen, er eg imponert over det som vert gjort her. Eg takkar alle som eg har fått møte og alle som høyrer til her og deltar som tilsett eller frivillig i verksemda. Det er eit stort potensiale i å vere kyrkje her, og de gjer mykje ut av det, til velsigning for svært mange.

 

  1. Dette soknet er, etter norsk standard, eit nokså lite og avgrensa geografisk område, med om lag 10 000 innbyggjarar, der litt under 60% er registrerte som medlemmer i Den norske kyrkja. Dette er ikkje ulikt andre sentrumsdeler av storbyar i Noreg, men vesentleg under landsgjennomsnittet (ca 70 %). Innanfor soknegrensene er det mange store institusjoner, så som St Olavs hospital og NTNU, samt mange andre offentlege og private institusjonar og bygningar i umiddelbar nærleik til kyrkjene og kontora for soknet. Det er relativt mange eldre i bydelen, og relativt færre barn enn gjennomsnittet. Men det er også mange studentar som har midlertidig bustad her. Det er også mange andre trussamfunn og religiøse aktørar som har sine bygningar i det umiddelbare nabolaget. Det er også ein del felles arrangement saman med dei gjennom året, som t.d. olsokvesper, og Den katolske kyrkja får også låne vår domkyrkje til si olsokmesse kvart år.

 

  1. Nidarosdomen definerer ein sentrumsakse i bybiletet i Trondheim, historisk og i dag. Tilsvarande har også Domkyrkjesoknet i Trondheim ei heilt spesiell rolle i byen, bispedømmet og i landet. Om ein skal setje det litt på spissen: Dette soknet skal vere kyrkje for dei som soknar til her, men også for heile byen Trondheim, ja også for heile nasjonen. Det skjer gjennom nasjonale hendingar, og andre som måtte kome hit som pilegrimar, på reise – eller berre at ein ser på Nidarosdomen som «kyrkja vår» i nasjonen Noreg. Dette er forsterka gjennom dei siste åra, då så mange har vore innom eller sett på overføringar herifrå gjennom radio eller TV.

 

  1. Eg vil trekkje dette perspektivet litt vidare: Dette soknet er ikkje berre prega av eit bygg som er «kirken» for mange. Det skal også vere folkekyrkje for både dei som høyrer til i dette soknet og på ulike måtar også for heile Trondheim og omegn. Nokon kan tenkje at Domen er ei stor og vakker kyrkje for dei få, kanskje for ein slags elite som likar ein spesiell type musikk og gudstenestestil. Å vere folkekyrkje handlar ikkje om å ha ein spesiell stil eller spesielle samversformer. Det handlar heller ikkje om å ikkje ha flotte, vel førebudde kvalitetsprega gudstenester og andre arrangement. Det handlar om å vere ei ope, tilgjengeleg, inviterande, men også tenande, utadretta og vedkjennande kyrkje som formidlar evangeliet klårt og reint i ord og handling på mange ulike måtar og til ulike tider. Ja, nesten til alle tider.

 

Med alle dei svært mange ulike samlingar, med og utan musikk, i Domen og i andre kyrkjerom, vert det samla sett eit stort og samansett bilete av kven som er der, kven som deltek, kven som kjenner at dette er ei kyrkje for dei. Det er kanskje det store spennet mellom avanserte og svært profesjonelle kyrkjemusikk-konsertar til samtalen på ein gangane på ein av sjukeheimane eller dei opne kvardagsbønene i Vår Frue som gjer dette soknet så samansatt, og, ja spennande.

 

  1. Temaet for visitasen var: «Heilage rom – på vandring med menneske i byen.» Nidarosdomen og Vår Frue kyrkjer, saman med hospitalkyrkja og andre kyrkjerom på institusjonar er heilage rom som inviterer inn til gudstenester, dåp, vigsel, gravferder og andre kyrkjelege handlingar, til konsertar, til samtaler, til ein kopp kaffe eller ei skål suppe, til å tenne lys, til å vere stille, til bøn, til oppleving av kunsten i arkitekturen, i bilete, i annan utsmykning. Dette er soknets mange og heilt spesielle gåver til alle som vil kome inn. Det er store rom, og fleire av dei er ofte opne rom. Dette er rom for store og små, i alle tydingar av orda. Nidarosdomen er folkekyrkje for både konge og det nyfødde barnet som skal døypast.

 

  1. Menigheten har ikkje berre store og mindre fysiske rom å vere i, den skaper også rom mellom menneske – som også på ulike måtar vert møter mellom menneske og Gud. Det skjer i dei mange møter med einskilde personar i livets ulike faser. Her er det mange mennesker som får møte ein prest eller diakon, her er det mange konfirmantar, dåpsforeldre, pårørande ved dødsfall og andre – som får oppleve glimt av det som er Den norske kyrkjas visjon: Meir himmel på jord.

 

  1. Kyrkjelyden utfører og fyller mange oppgåver for medlemmene i soknet, men like mykje for heile byen. Det gjeld spesielt kva som skjer i Domkyrkja, men også i mange av dei tenester ein utfører elles. Det kanskje mest talande eksempel på det er at det var 113 dåp i Nidarosdomen i fjor, men berre 15 av dei av menneske som geografisk soknar til her. Noko liknande kan ein sjå i talet på vigsler. Om ein hadde spurt dei som deltek på gudstenester og andre arrangement, ville ein ganske sikkert finne tal som viser det same: Nidarosdomen er ei kyrkje for heile byens befolkning. Det er også lagt fint til rette for det frå Fellesrådet si side, ved at ein har gjort kjent at ein kan melde dåp, vigsel m.m. elektronisk og gi uttrykk for kva for kyrkje ein vil at dette skal skje.

 

Det er vert å merke seg at når ein ser at dåpstala ikkje går ned i Trondheim på same måte som dei gjer mange stader i landet. Det kan skuldast fleire forhold, så som denne fine måten å legge til rette for dåp på. Domkyrkja har tilbudt eigne dåpsgudstenester på sundagar, men også dåpsgudstenester med berre eitt dåpsfølgje. Det er, her som mange andre stader, gjort gode erfaringar med det for både dåpsfamilien og for dei som gjer teneste. Difor heldt dette tilbodet fram også etter pandemien. Men det er ressurskrevjande, og det burde vore drøfta i FR og mellom prostia om ein kunne finne fleire personellressursar som kunne bidratt til dette tilbodet. Alternativet står ikkje alltid mellom om det er dåp i Nidarosdomen eller ei anna kyrkje, det kan også vere om det vert dåp i det heile tatt.

 

 

  1. Det svært omfattande og rike gudstenestelivet i soknet, og spesielt det som skjer i Nidarosdomen, var tema for eit eige møte med mange av dei som er involverte i dette. Det vart lagt opp til ein samtale om kva for verdiar og kvalitetar ein kan og bør la dette arbeidet verte planlagt og gjennomført ut i frå. Det var ein svært brei og viktig samtale, som eg vil oppfordre til å halde fram med tanke på å formulere ein felles basis som kan vere eit grunnlag for å evaluere og vidareutvikle gudstenestelivet. Det er eit fast og tydeleg preg på hovudgudstenesta sundag føremiddag. Der er det alltid kor som deltek saman med orgel og stundom andre instrument. Den liturgiske musikken som er vald er i hovudsak den serien som var før den siste revisjonen, noko som gjer den gjenkjenneleg for svært mange som måtte kome på gudsteneste her frå ulike delar av landet. Begge deler, at det er kor som løftar og ber kyrkjesongen og liturgien, gjer det enkelt for mange å delta og syngje med. Dette er ein stor styrke og kvalitet ved gudstenestene her.

 

I denne samanhengen vil eg peike på at å vere folkekyrkje, er å vere ei kyrkje for både det norske og det samiske folk. Trondheim og Nidaros er ein del av det sørsamiske området, og det er særdeles signifikant at vi har fått eit samisk altar i Nidarosdomen. At kvar gudsteneste startar og sendar med helsing og velsigning på sørsamisk minner alle om denne dimensjonen, og det er vesentleg at dette skjer nettopp her og så konskevent og eg vil seie så tydeleg og vakkert.

 

Dessutan har det ut frå oppfordringa som vart gjeve i visitasen i 2013, vorte arbeidd godt med å utvilke ulike former for kveldsgudstenester, og dei vert gjennomført i samarbeid med den anglikanske kyrkjelyden i Trondheim – som står for engelsk språklege gudstenester. Det er eit viktig tilbod i ein by som Trondheim. Studentprestane ved NTNU har ansvar for desse gudstenestene annankvar sundag, med den kompetanse og kjennskap dei har til studentar sine behov og livskjensle, og kva slags uttrykk som kan særleg nå dei.  Det er stundom gudstenester for heling og trøyst, noko som også gjer at ulike menneske søkjer seg til gudstenester her med ulike behov.

Dei opne musikkandaktane kvar laurdag har høg musikalsk verdi og vert ei lita gudsteneste for mange i helgene. Her er det også tidebøner og andre samkomer som gjer at det er mange høve til å kome inn i Domen for å be gjennom veka. Men det er framleis ei utfordring korleis ein kan gjere meir for at Domen vert prega av at dette er ein stad for bøn og stille, ikkje berre for omvising og historisk interesse.

 

Det er viktig å nemne alle andre gudstenester og mindre formelle samkomer som skjer i tilknytning til det diakonale arbeidet på ulike institusjonar og i Hospitalkirken og i Vår Frues kirke. Dette er svært viktig for dei som har tilgang til ord og sakrament, til fellesskap, musikk og glede gjennom dette, og som ikkje har så lett for å kome til andre gudstenester i kyrkjene.

 

Ein kan spørre om det er mogeleg å gjennomføre alt det som skjer med den bemanninga som ein har. Sjølv om den er solid med fleire stillingar og dyktige medarbeidarar, er det viktig at ein ikkje har eit aktivitetsnivå som i lengda slit ein ut, eller gjer at ein ikkje får den nødvendige rytme i det daglege til både førebuing, gjennomføring og pauser i arbeidet som kan styrkje samarbeid og fellesskap i tenesta.

 

Biskopen godkjenner eit stort og omfattande årsprogram som forordna gudstenesteliv her fordi Nidarosdomen har ei heilt spesiell rolle og oppgåve i byen og i landet vårt. Det er likevel viktig at det er årlege drøftingar med domprost og biskop om kva som er det strategiske profil og gjennomførbare program i så måte.

 

I tillegg er det eit omfattande pilegrimsgudsteneste-opplegg for mange pilegrimar som kjem til Trondheim, særleg i sommarhalvåret. Dette har ein viss innverknad på kyrkjelydens arbeid, både for prestar, kyrkjetenarar og kantorar.  Soknepresten reiser eit relevant spørsmål om korleis pilegrimar og andre kan oppleve at dei kjem til ein heilag stad når dei kjem inn i Nidarosdomen. Dette er både eit teologisk og praktisk spørsmål. Teologisk er det vesentleg med tanke på at pilgrimar kjem med ulike mål og tankar, og at det er meir enn ei antatt Heilag Olavs grav som dreg dei hit. Det er eit svært omfattande pilegrimsarbeid i Noreg og ut over landets grenser med vegar som fører til Nidaros. Difor er det også eit viktig tilbod til dei gjennom pilegrimspresten/ane sitt arbeid. Men det kan også drøftast om det er meir som kan gjerast i så måte, t.d. om det er fleire som kan mobiliserast  og vere til stades under Olavsfest og vere med og utfylle det kyrkjelege arbeidet og tenestene då.

 

 

  1. Det er eit særpreg for Nidarosdomen at musikklivet har ein heilt usedvanleg høgt kvalitet, og at det er eit spesielt satsingsområde med tanke på ressursar frå Den norske kyrkja sentralt. Den omfattande korverksemda med tilknytning til soknet er eit stort aktivum for menighetens gudstenesteliv, men når også mange utover det gjennom konsertar og turnear m.m. Dette fekk vi oppleve spesielt på salmekvelden torsdag kveld, med stor deltaking og vakkert program saman med domkantorane og guttekoret.

Det vert gjort mykje innanfor og utover vanlege stillingar for å få alt til, med tanke på både kvantitet og kvalitet.  Det er vesentleg at det er gode arbeidsvilkår og eit godt arbeidsmiljø for dei som har desse oppgåvene.  

Det er også viktige oppgåver med musikk i Vår Frue kyrkje og i Hospitalkyrkja som skal utførast.

Det er mange involvert, og det er grunn til å vere takksam for tilgang på mange ressursar til dette arbeidet, også direkte frå nasjonalt hald. Det gjer det likevel nødvendig at dette også vert støtta av Fellesrådets midlar, som for andre sokn.

 

10.Det diakonale arbeidet som føregår i soknet har stort omfang, med mange ulike og profesjonelle aktørar, både tilsette i soknet og i organisasjonar som ein samarbeider med. Det gjeld både Kirkens bymisjons omfattande arbeid, men også arbeidet som skjer ut frå Salem, ikkje minst 22B.

 

Det er nok meir diakonalt arbeid her enn det som er allment kjent. Det heng saman med arbeidets karakter; diakoni skjer ofte i sjelesorg, ved sjukesenger, i ulike samanhengar der menneske møtest – og som ikkje er offentlege slik som mykje anna i kyrkjas liv. Det er ikkje mindre viktig av den grunn, men det er ikkje alltid like kjent fram som ein vesentleg del av kyrkjas liv og arbeid. I dette soknet har ein vore spesielt godt tent med at Areskaus stiftelse finansierer to stillingar, og det dekkjer eit stort behov inn mot fleire institusjonar som ein elles ikkje hadde hatt kapasitet til gjennom andre tilsette sitt arbeid. Det er viktig at dette samarbeidet om det diakonale arbeidet vert følgt opp vidare overfor denne stiftinga og i samarbeid med dei mange institusjonar som nyt godt av dette arbeidet.  

 

Dnk har på nasjonalt plan definert diakoni som særleg satsingsområde for tida, saman med arbeid for barn og unge. Denne prioriteringa har ein dobbel motivasjon, som heng nøye saman, og som kjem til uttrykk i dette soknets diakonale engasjement: For det første gjeld det kva menneske i ulike livsfasar treng av fellesskap, omsorg, støtte, trøyst, utfordringar og myndiggjering. Diakoni er å sjå og høyre, og å bli sett. I nokon tilfelle også av nokon som kan tale deira sak. Mykje diakoni handlar om det som er så viktig for den enkelte og for fellesskapet, men ofte ut over det som kan løysast med ordinære offentlege ressursar i eit godt velferdssamfunn.

 

For det andre er det kyrkjas forståing av sitt eige oppdrag. Korleis Guds kjærleik kan formidlast truverdig og gjenkjenneleg i både ord og haldningar, handling, både i hendingar og handlingar.

 

Det diakonale arbeidet til Kirkens Bymisjon i tilknyting til og i samarbeid med menigheten og FR rundt Vår frue, er både kjent og verdsatt og brukt av mange. Det har også mange dimensjonar, der nokre utsette grupper av menneske, særleg rusmisbrukarar, får eit spesielt tilbod om ein stad å møtast i eit heilagt rom.  Men det også møter mellom alle slags mennneske som ønskjer å delta t.d. på kvardagsbøn og opne samtalegrupper der ein kan snakke ope og ærleg.

 

  1. Med tanke på arbeidet mellom barn og unge, merkar eg meg både svært gledelege ting og ein del utfordringar. Det vert arbeidd med trusopplæring etter den vedtatte planen i soknet, og det er viktig at dette nasjonale satsingsområdet vert følgt opp også her.

 

Eg hadde ein flott samtale med årets konfirmantar i Vår Frue, der dei hadde førebudd mange og gode spørsmål. Det er fleire som vil vere konfirmantar her enn dei som soknar til her, og det var ikkje mogeleg å seie ja til alle som ønskte det. Det er eit godt samarbeid med kyrkja i Østbyen om ein del av konfirmantopplegget, så som leirarbeidet som føregår no. Dette bør vidareførast. Det er også svært gledeleg at det er aukande interesse for vidare leiarkurs etter konfirmasjonstida. Dette er særdeles strategisk for rekruttering til aktiv deltaking i kyrkjelydens liv, og på lengre sikt til både arbeid og frivillig innsats i kyrkja.

 

Det er også rett å peike på at det omfattande arbeidet med guttekor og jentekor er eit stort, kvalifisert og innhaldsrikt arbeid for barn og unge i regi av soknet. Det er mange som kjem til utanfrå soknets grenser. Det gir høg musikalsk opplæring, fellesskap, opplevingar, men også uvanleg god kjennskap til kyrkjas salmar, liturgi og musikk.

 

Det kristne ungdomsarbeidet må styrkjast over alt i kyrkja vår, og alle teikn på at det lukkast er svært gledeleg. Eg vil likevel spørre om det skulle vore gjort meir for både barne- og ungdomsarbeid i Trondheim. Det er naturleg å sjå på dette som byomfattande spørsmål, som både gjeld diakoni og menighetspedagogikk, og musikk.

 

  1. Det vert gitt uttrykk for at det er ein god, erfaren og tydeleg dagleg leiar av arbeidet i Gunn Karlsaune, som vart tilsatt for vel eitt år sidan. Det er både daglege utfordringar og beredskap med tanke på større arrangement som skjer i Nidarosdomen som ein skal kunne handtere riktig og til rett tid. Det framstår som eit godt samarbeid med soknerådet, med dets leiar Bjørn Soknes, og med Fellesrådet og Kyrkjeverjen og medarbeidarane der.

 

  1. Det er ein langt meir omfattande økonomi enn i mange andre sokn. Det er ulike inntekstkjelder, og dei skal ha sine rapportar. Det står fram som ei sunn og solid økonomistyring her. Rapporten frå kontorvisitasen som vart utført av domprosten før bispevisitasen viser at mykje er på godt stell. Det er vesentleg at det er nok administrative ressursar og kompetanse til å handtere ei stor mengde administrative oppgåver i dette soknet. Det er store oppgåver som vert utført av dei tilsette og friviljuge i dette soknet som kjem mange i heile byen til gode. Det er difor naturleg å peike på at det er store behov for resurssar i form av personell, deira tid og innsats, men også ressursar av pengar og menneske til å ordne og organisere alt som skal skje.

 

Det er viktig at det påbegynte stabsutviklingsprogrammet går vidare, og at det blir prioritert av alle.

Det er stor kvantitet, men også stor kvalitet i det som skjer i dette soknet. Det er mange svært godt kvalifiserte og dedikerte tilsette medarbeidarar som utfører mange oppgåver ut frå sine spesielle roller, kompetanse og nådegåver. Dette krev kapasitet til planlegging, koordinering og administrasjon, og ein burde hatt noko meir kapasitet i så måte for å ikkje bruke av deira tid som har spesielle oppgåver i presteskapet og i dagleg leiar.

 

  1. Når det gjeld kyrkjebygga, er Domen og Vår Frue i svært god stand. Nidarosdomen er at det einaste soknekyrkja i Den norske kyrkja som ikkje formelt er eigd av soknet, men av Staten, og ho vert tatt godt hand om av Nidarosdomens restaureringsarbeider (NDR). I og med at eg har jamlege høve til direkte kontakt med leiinga i NDR, også som styremedlem der, var det ikkje lagt inn eigne møter med dei no, men det er aktuelt å ha ei drøfting med dei i etterkant av visitasen. Hovudinntrykket er at det er eit godt samarbeid mellom NDR og prestane og andre tilsette i soknet, dagleg leiar, kyrkjetenarar og kyrkevertar, klokkar, kantorar og andre. Det gjeld ikkje minst med prestane som gjer teneste her, med domprosten, med bispedømmet og dei to biskopane, med andre samarbeidspartnarar som Olavsfest, med FR og med kommunen. I og med at der er så stor ekstern pågang på å leige og bruke Nidarosdomen, og NDR har sitt inntekstkrav frå Staten og påfølgjande inngangsbillettar for besøkande, vert det stundom ei utfordring å få kabalen til å gå heilt opp.

Dette er først og fremst ei kyrkje for kyrkjeleg bruk, og i all hovudsak menighetens bruk, i tillegg til pilegrimsgudstenester og andre arrangement som bispedømmet eller Den norske kyrkja nasjonalt treng henne til.

 

Menigheten har med sine mange gudstenester, kyrkjelege handlingar og andre aktivitetar, og dei nødvendige førebuingar og øvingar, særleg for kantorer og andre musikkutøvarar, også eit stort behov for å kunne bruke dette kyrkjerommet til ulike tider. I hovudsak er det mogeleg å få til, men eg merkar meg at det er viktig for arbeidsmiljøet særleg for kantorar at det vert tilstrekkeleg tid for orgeløvingar i normal arbeidstid.

I sokneprestens visitasberetning vert det nemnt fleire konkrete ting som burde vore utført eller utstyr som burde vore oppgradert eller utskifta, ikkje minst i prestesakristiet. Eg reknar med at dette vert tatt tak i så snart som råd.

Vår Frue vert halde mykje open, etter ein samarbeidsavtale mellom Bymisjonen, soknet og FR. Med den spesielle bruk av denne kyrkja, også med matservering, vert det ein del slitasje. FR har vedlikehaldsplanar for dette, og nytt kjøkken er nettopp teke i bruk. Det er viktig at også denne kyrkja heile tida står fram som eit kyrkjerom med orden og verdigheit for alle som kjem innom der, uansett anledning ein har for å kome inn.

 

  1. Eit tema som har vore drøfta fleire gonger før og under visitasen, er kva menigheten kan og må gjere med eigedomen Waisenhuset. Soknerådet har alt gjort vesentlege grep med å førebu nye tiltak, med analyse av vedlikehaldsbehov og vidare utvikling av planar. Eit økonomisk fundmanet for dette er styrka ved eit sal av eigedomen på Bloksberg. Det er strategisk og omfattande arbeid som må gjerast for å ta vare på dette huset med dets heilt spesielle plassering, antikvariske verdi, men også store potensiale til å fylle ulike behov i menighetens arbeid i dag og i framtida. På bakgrunn av det som er kome fram i samtalane så langt, ser eg at det er eit potensiale i huset og hagen for å utvikle eigedomen slik at den både kan tene dei nødvendige behov for eigna og sentrale kontorlokaler for soknet og dei tilsette der, men også tene fellesskapet og livet i menigheten, og kva ein kan bidra med til byen utover det spesifikke menighetsarbeidet. Det er viktig at ein både får god framdrift og gode og strategiske grep på kva dette bygget kan og skal brukast til som ein del av menighetens arbeid. Då gjeld det å vere både ambisiøs og nøktern, med eigne ressursar og med arbeid med å skaffe meir frå andre partnarar. Det er eit spesielt og verdifullt bygg, som krev ei omfattande vøling. Men det skal ikkje vere eit slott, men eit bruksbygg for arbeid og fellesskap. Det er ikkje eit bygg på linje med Stiftsgården eller andre signalbygg, men det er viktig at det er ein del av miljøet rundt Nidarosdomen som styrkjer folkekyrkjeprofilen for soknet og for Den norske kyrkja i Trondheim. Eg har stor tru på at soknet kan og skal leie an i dette arbeidet som eigar og framtidig brukar av bygget, men at det på grunn av dei spesielle byantikvariske interesser og utfordringar vert sett på som eit felles prosjekt i byen med offentlege og private samarbeidspartnarar.

 

  1. I løpet av vistasen er det mange andre møter og samtalar. Etter reglementet har biskopen hatt samtalar med dei tilsette. Det skjer både felles og enkeltvis. Biskopen har eit definert oppdrag med å leie prestetenesta og difor har ein samtalar med den einskilde av prestane, men også med andre som har uttrykt ønskje om det. Det gir verdifull innsikt for biskopen i det daglege arbeidet som vert utført her i soknet.

 

  1. I tillegg til at eg har hatt møte med menighetsrådet, med fellesrådets AU, med ordførar, formannskapet og andre i leiinga i kommunen. Vi har også hatt møter med andre som vi ønskte å møte denne gongen. Det var møter med fleire samarbeidspartnarar, I tillegg til leiinga i Kirkens Bymisjon, møtte vi leiarane i Salem/Normisjon. Dei fortel om eit imponerande omfattande arbeid, og at dei ser seg som supplement til det Nidarosdomens sokn gjer som Den norske kyrkjas arbeid, sjølv om dei definerer seg som «menighet». Det er avtalar om kyrkjebokføring av dåp for dei som vil registrere det i Den norske kyrkja. Det er eit stort arbeid for studentar i deira regi. Det er aktuelt å sjå på samarbeid med andre organisasjonar som også har spesielt sikta seg inn mot studentar, sjølv om ikkje dette soknet kan ta seg av å koordinere og fylle desse oppgåvene.

 

  1. Eg hadde møte med ein klasse og fleire av lærarane ved Katedralskolen.

 

Det var eit stort møte i teateret med ei stor gruppe frå ulike samanhengar om Nidarosdomens plass og betydning i Trondheim. I dette møtet vart det lagt særleg vekt på kva verdiar ein vil bygge fellesskapet i byen på, og korleis kyrkja bidrar og kan bidra vidare til det gjennom sitt fysiske nærvær i bygningar og personell. Det er tydeleg at kyrkja, i denne samanhengen nemner eg domprost og Nidarosdomens sokn, har eit svært godt og konstruktivt samarbeidsforhold til mange viktige samfunnsaktørar i Trondheim. Det gjeld ikkje minst til kommunens leiing, til politisk leiing og til fleire andre.

 

I samtalen med kommunen drøfta vi også vegen framover mot 2030. Det er eit viktig felles mål å arbeid mot, for både kyrkje og samfunn i Trondheim. Det er eit nytt høve til å definere kven vi er, kva vi vil, og ikkje minst kva verdiar vi vil byggje fellesskap, samfunn og framtid på. Dette er eit arbeid som angår kyrkja nasjonalt, regionalt, men også lokalt og ikkje minst i dette soknet.

 

  1. Nokre planlagte møter måtte gå ut, med Kirkens SOS, og med barnehagene, dels på grunn av at eg måtte delta i gravferd på Hamar på torsdag, dels fordi det var streik i barnehagesektoren. Dette er møter eg vil ta initiativ til til sidan. (Eit detaljert, revidert program, med tema for møtene og oversikt over kven vi møtte vert vedlagt denne rapporten.)

 

  1. Til slutt:

 

Kyrkjerådet har vedteke å be sokna vedta «Kirken vår - helhetlig menighetsplan for soknet», som skal integrere dei ulike planer for diakoni, undervisning, musikk m.m. Eg ser fram til at det vert gjort også her. Eg er kjent med at det vert arbeidd med ein strategiplan for soknet, og den vil kunne gi ramma for ein slik menighetsplan.

 

Saman skal ein her gje rom, rammer og retning for Den norske kyrkjas visjon «Mer himmel på jord». Saman skal de fylle vår felles oppgåve som folkekyrkje med ånd og kraft, med audmjuke og ambisiøse haldningar, med kompetanse og vilje til å gå inn i dei mange oppgåver som ligg til rette her.

Det som skjer i dette spesielle soknet er av særdeles stor betydning for korleis vi kan realisere denne visjonen i Trondheim by, men også vidare enn det. Eg har ei sterk oppleving av at det er mykje som skjer i dette soknet som er prega av den visjonen, og eg ser fram til å sjå korleis dette kan førast vidare. Eg ber om ei oppdatering på korleis dette arbeidet går om eit års tid, og ser fram til å stå nær dette arbeidet i heile mi tid som biskop her.

 

Eg ser også at det er behov for godt samarbeid med administrasjonen ved Nidaros bispedømmekontor og Nidaros biskop, med Fellesrådet, kyrkjevergen og prosten i Heimdal, Byåsen og Strinda prosti for å koordienre bruk av Nidarosdomen og dette soknets oppgåver og ressursar.

 Som biskop her i dette domprostiet har eg høve til å vere til stades og feire gudsteneste fleire gonger gjennom året, og alltid fast i påska og ved Olavsfest. Slik sett er Nidarosdomen også mi kyrkje som biskop og preses. Eg vil nytte dette høvet til å gje uttrykk for at eg kjenner meg vel motteken her, frå vigslinga i mai 2020 til no, og spesielt i denne visitasen. Eg ser verkeleg fram til vidare samarbeid med alle i dette soknet.

Måtte Gud velsigne alt arbeid som vert gjort i dette soknet, og alle heilage rom som vi har  - og dei som vert skapt gjennom møter mellom menneske.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"